Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Referat fra bibelhelg på Solgry

Helga 29/9-1/10 hadde Lekmannsmisjonen si årlege bibelhelg på Solgry Ungdoms- og Misjonssenter i Sveio. Denne gongen hadde ein besøk av den danske forkynnaren Immanuel Fuglsang, i tillegg talte Lars Fossdal som er lærar på Bibelskulen på Fossnes.


Fredag kveld vart me av Fuglsang møtte med teksten frå Hebr 9:27-28, om Jesus som kjem att til dei som ventar på han.

Laurdag morgon talte han ut frå teksten om kyrkjelyden i Sardes. Dei fekk mykje ros av mange, men likevel var alt gale i himmelsk perspektiv, og difor fekk dei også høyre: Vakna opp!

Laurdag formiddag talte Lars Fossdal ut frå Salme 78:34 «Når han herjet blandt dem, da spurte de etter ham og vendte om og søkte Gud.» Han understreka at Gud er akkurat den same i GT som i NT. Gud grip ikkje inn historisk slik som i GT, fordi han hadde talt om kva som skjedde - om dei levde som Israelsfolket. Dette er forbilde også for oss som lever i den siste tid, slik det står i 1 Kor 10:11.

På familiemøte laurdag ettermiddag fortalte Immanuel Fuglsang frå sin oppvekst i Herning. Han miste mor si som 3-åring i ei ulykke, og faren sat att med ein barneflokk på 8. I ungdommen kom Immanuel bort frå Gud. Men i møte med døden, og spesielt i møte med faren sin død, møtte han kallet. Det stod klart for han: – Døyr eg no, går eg fortapt. Det enda med at han vart ein kristen.



Leiarar og talar: Olav Fossdal(f.v.), Lars Fossdal, Immanuel Fuglsang, John Peder Samdal og Olav Gangås.

Laurdag kveld talte Fossdal om gamle Jakob som opplevde at hjarta var kaldt, sjølv om det kom ein forunderleg bodskap frå Egypt, at Josef levde. Jakob, som hadde vore ein luring, fekk eit møte med den levande Gud og det forandra alt. Fossdal understreka at motgangen er det beste middelet Gud har til å bøya hjarto våre, og me fekk høyre korleis Herren fekk vende forbanning til velsigning i liva deira.

Laurdag kveld var det vitnemøte. Mange tok del og vitna om sine erfaringar i vandringa med Herren, og kva dei hadde i Herren.

Det var song ved Stemnekoret, og ei gruppe frå Fossneskoret. I tillegg var det ein duett og ein trio som tok del. Samlinga var avslutta sundag formiddag då Immanuel Fuglsang talte om korleis Jesus bar, og korleis han bær sine.

Lyd og video-opptak av møta vert lagt ut på websidene til Lekmannsmisjonen.