Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Innkalling til årsmøte i Lekmannsmisjonen

Innkalling til årsmøte i Lekmannsmisjonen

Landsstyret i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon kallar hermed inn til årsmøte torsdag 15. juli kl. 1000 på Lundheim Folkehøgskole på Moi i Rogaland.

Årsmøtet er opent for alle interesserte, men Lekmannsmisjonens grunnregler §9 set fylgjande avgrensingar for stemmerett:

«Stemmerett har alle truande som har fylt 18 år, som er innmelde ved hovedsommarskulen, og som er vener av denne sendetenesta. Dei som ynskjer å vera med å stemma, må ved innmeldinga gi særskild melding om dette.»

Under omgrepet «vener av denne sendetenesta» kjem truande som kjenner seg heime i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon, i den lutherskrosenianske forkynninga og i Lekmannsmisjonen sine grunnreglar, då særskild paragrafane 1-4, som ikkje kan brigdast.

Dette er vener som støtter opp om arbeidet i Lekmannsmisjonen, kjenner seg på linje med det som bladet «Lov og Evangelium» formidlar, og som om mogleg er med i Lekmannsmisjonen på heimstaden sin, eller på anna vis legg til rette for Lekmannsmisjonen sitt arbeid.

Alle som melder seg på til hovedsommarskulen og som bed om stemmerett vil få tilsendt sakslista og lovane for Norsk Luthersk Lekmannsmisjon.

Årsmeldingar og rekneskap vil verte utlagde på Lundheim kvelden før årsmøtet.

Påmelding til sommarskulen skal skje til Marta og Karl B. Bø på telefon 51 41 87 46 eller på mobiltelefon 905 49 825 innan 1. juli.

Dersom nokon berre tenkjer å kome til årsmøtet, er det viktig at dei melder seg på til dette. Det vil ikkje verta gjeve stemmerett til personar som ikkje er førehandspåmeldte.

Med dette vil me setja kvarandre stemne på Moi, og lat oss saman be om at Herren må få styre årsmøte og handsaming av sakene.

For landsstyret,
Håvar Fjære, formann



Påmeldingsfrist for delegater til årsmøtet med stemmerett er satt til 1. juli 2004. Se innkalling fra landsstyret ovenfor på denne siden.

L&E 40. årgang, nummer 5



Tags: 2004