Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Varig adresse-endring: Himmelen!

<Varig adresse-endring: Himmelen!
Av Dag Rune Lid

For ei tid attende fekk eg i retur eit blad til ekspedisjonen der det var ført opp at vedkommande adressat var død, og så var det skrive på adresselappen: Varig adresse-endring: Himmelen. Bladet har vorte liggjande på pulten og det har talt til meg.

Ny adresse
Marie Monsen fortel i ei av sine bøker frå Kina om ei ung jente som for første gong i livet fekk leggje seg om kvelden med ei frelst sjel. Nokre timar seinare låg ho dødssjuk på rommet sitt på internatskulen og fortalde strålande at ho snart ville vere heime hos Herren. Klassekameratane stod rundt senga, og ho vitna så frimodig frå Ord 28:13 "Den som løyner brota sine, har inga lukke. Men den som sannar dei og vender seg frå dei, finn miskunn."

Med fingeren peikte ho på verset og sa med eit smil: "Eg har alltid budd i første del av verset. No har eg flytta. Eg har fått ny adresse, eg bur no i siste halvdel av verset." Om natta fekk ho eit sterk hjarteanfall, men frimodig vitna ho for klassekameratane ein for ein: "Lov å møte meg i himmelen. Ikkje utset det. Tenk om eg hadde utsett det i går." Hennar vitnesbyrd førte til at mange blei frelste, og fekk flytta frå synda sitt rike og inn i syndsforlatinga sitt rike. Det blei ei underleg gravferd med lovsong og takk.

Allereie her
Vitnesbyrdet frå jenta talar om at det går an å få skifte adresse allereie medan ein lever på denne jord. Her og no kan du bli borgar av det himmelske rike - sjølv om du ikkje får "varig" adresse-endring før du er heime i himmelen. I dette riket, som også blir kalla syndsforlatinga sitt rike, bur det ein underleg flokk av frelste syndarar. "Fortapte synderes hvilested", syng sangaren om. Dei som bur her har erfart og kan vitne "Jeg vil heller ha Jesus enn perler og gull, Heller ham enn de skatter som smuldrer i muld….. Jeg vil heller har Jesus enn hva som helst Meg verden kan by i dag."

Korleis blir eg ein himmelborgar?
"Korleis blir ein så borgar av dette rike?" - spør du kanskje. Det er himmelens Gud som sjølv syter for borgarskapet her. Som menneske kan du og eg berre vere borgar av eit rike - enten er me borgarar i djevelen sitt rike eller i Gud sitt rike. Det finst ikkje nokon mellomting, seier Guds ord. Alt i frå æva sin morgon har Gud arbeidd for at du og eg skulle bli borgarar av himmelriket. "Det var ham tungt å tenke på At verden skulle under gå, Det skar ham i hans hjerte; I slik en hjertens kjærlighet Han kom til oss på jorden ned Å lindre all vår smerte." syng Brorson.

Det underlege er at himmelens Gud har to adresser, slik han sjølv seier det i Jes 57:15 "I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda, for å vekkja ånda til liv hjå dei nedbøygde og gjera hjarto levande hjå dei knuste." Der Guds ord får tala til syndarhjarta blir syndaren ståande skyldig for den heilage Gud, han som er ein fortærande eld mot all synd. Om du har stått på den plassen så veit du korleis det følast? Då blir alt synd, sjølv det beste du har gjort på denne jord. I hjarta blir det eit rop som hos Jesaja: "Ve meg, det er ute med meg" (Jes 6:5). Slik opplever syndaren å koma nær den syndefrie, heilage Gud. Men kva var det me las? Nettopp i slike hjarto, som er knuste og nedbøygde av Guds ord, der vil Gud sjølv bu. Der ein ikkje ser noko von om berging, der ein føler seg dømt av Guds ord, - der vil han ta bustad.

Høyr - så skal du leva!
Høyr det du som lever borte frå Gud. Du kan bli borgar av dette rike i dag. Jesus døydde for dine synder, for at du skulle få hans himmelske adresse. Det Gud vil når han talar med deg, det er at du blir samd med han i Hans ord både når det talar om dine synder og om den frelse han har ordna. Korleis skjer det? Jau, "vend øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal dykkar sjel leva. Og eg vil gjera ei evig pakt med dykk, og gje dykk Davids rike nåde, den usvikelege." (Jes 55:3). I det hjarta som gjev Ordet rom, der går Jesus inn - der blir syndaren frelst. Då kan du syngja. "Salig er den som når alt faren hen, Har Jesus og himlen igjen."

Me lever i ei tid der mange teikn vitnar om at Jesus snart kjem i skyene. Derfor gjeld det å flytte og bli borgar i syndsforlatinga sitt rike medan det enno er nådetid. For mange blei det evig for seint, fordi dei utsette flyttinga til seinare.

Om du og eg flytter før han kjem i skyene, så er det mi bøn og mitt ynskje at det også over våre liv måtte stå: "Varig adresse-endring: HIMMELEN."

L&E 35. årgang, nummer 6