Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

I møte med Ordet lærer ein å frykta Gud

  I møte med Ordet lærer ein å frykta Gud
Av Magne Straumstein

Lat ikkje hjarto dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, då hadde eg sagt dykk det. For eg går bort for å gjera i stand ein stad åt dykk. (Joh 14:1-2)

Me lever i ei tid der frykta ligg nær for kvar og ein av oss. Frykta går liksom til åtak på oss frå alle sider, den vil oss til livs! Men det som kjenneteiknar den frykt som råder i dag, er at menneskefrykta er større enn gudsfrykta. Menneskja fryktar meir for sitt lekamlege liv enn for den udøyelege sjela si. "Ver ikkje redde for dei som slår lekamen i hel, og deretter ikkje kan gjera meir. Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som har makt til å slå i hel og til deretter å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast." (Luk 12:5)

Hadde menneske tenkt meir på kva Bibelen talar om frykt, så skulle det vorte rop om berging dag og natt! Men denne frykta ligg langt frå mennesketanken, endå det er hjarteforholdet til Herren Jesus som vil avgjera kor eg og du skal vera i all æva. All menneskefrykt er gagnlaus til frelse! Gudsfrykt kan føra ein syndar frelst gjennom denne verda! (Ord 19:23)

I møte med Guds ord lærer ein å frykta Gud. Men det er ikkje frykt i den tyding at ein blir redd Gud og prøver å sleppa unna han. Nei, frykta er med og fører ein nærare inn i samfunn med Kristus. Frykta driv ein syndar inn til korset i rop om frelse for si synd!

Når augo vert festa på Jesus legg Gud ein ny frykt ned i hjarta: Frykt for ikkje å nå heim, frykt for synda, frykt for verda, frykt for sitt eige kjøt, ja, frykt for alt som kan hindra meg i å nå himmelen! "…frykter dog sitt hjerte, kjenner synd med smerte, lenges til sitt land…" syng songaren. Slik frykt blir fødd i møte med Jesus. Dersom denne frykt er framand for deg, så er det eit vitnemål om at døden - den evige død -allereie har byrja å gjera seg gjeldande i livet ditt! For dette er sann gudsfrykt!

"Lat ikkje hjarta dykkar uroast!" Tenk for eit vitnemål til urolege hjarte! Er ikkje nettopp det den største sorg i ei kristen sjel – at eg er så uroleg for mange ting? Spørsmålet er ikkje om Jesus levde eit liv her på jorda, eller om Jesus døde på korset, eller om han sto opp att! Nei, det store spørsmålet er om dette har vorte mitt! Det hjelper meg ingen ting om Jesus døde tusen gonger dersom denne bodskapen ikkje har fått smelta saman med trua i hjarta mitt. Har eg fått sett inn i evangeliet? Går eg på den smale vegen? Vil Jesus kjennast ved meg? Det blir ikkje spørsmål om store teologiske sanningar, men berre om dette eine: Kjenner du meg Jesus? Er eg din?

Og så står Jesus og vitnar for deg og meg, og seier "Lat ikkje hjarto dykkar uroast. Tru på Gud, og tru på meg." Det er eit vitnemål til Jesu læresveinar, ei helsing frå Jesus til den syndar som har funne nåde hjå Gud! Helsinga er ikkje meint å skulle ta bort frykt for synd og verdslegdom! Nei, den er tvert i mot ei oppmuntring om å stå på Ordet sin grunn! Og så blir vitnemålet ei ny stadfesting om at den som held ut til enden skal bli frelst! Det er eit rom som ventar på meg i himmelen!

Dette ordet vart så godt for meg då eg for nokre dagar sidan vart møtt med det i eit vitnemål. Det som før var den største frykt, nemleg å møta Gud, det har no vorte mitt kjæraste eige. Ja, eg ser fram i mot den dagen då eg skal sjå Han som Han er.

Eg frykta å møta Gud, og så møtte han meg. Det vart min redning. For gjennom dette møtet vart mitt syndige forderv gjort levande. Og Gud skje lov at eg fekk nåde til å møta han i fredstid. For Ordet vitnar om at "Han gjorde fred," at han kom og "forkynte evangeliet om fred" og så vart det openberra for hjarta at "Han er vår fred." (Sjå Ef 2:13-17)

Korleis kan dette vera sant? Jau, fordi Kristus møtte Gud i min stad for snart to tusen år sidan. Der, på Golgata, var det eit møte mellom Gud og Jesus. Eg var der ikkje, likevel var eg der i Kristus. Det skjedde eit plassbytte: Jesus gjekk i min stad! "For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de skulle verta rike ved fattigdomen hans" (2Kor 8:9)

Må ikkje det rom som frelsaren har uttenkt til deg stå tomt på den store dagen! Lat ikkje trøysta frå Herren Jesus til urolege hjarte bli ei sovepute for deg. Men lat det vera ein oppmuntring til å jaga mot målet til den sigersprisen som ventar!

Syng da min sjel: Halleluja,
Seieren evig er vunnen!
Pilgrimens drakt jeg skilles ifra,
Herre min Gud, du vet stunden.
La meg så stille gå herfra,
Herre min Jesus, vær hos meg da,
Styrk meg i dødens time!

L&E 35. årgang, nummer 6