Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Alltid i heilagdomen

Alltid i heilagdomen
Av Dag Rune Lid

Om Israels leiar Josva står det i 2M 33:11: "Men Josva, tenaren hans, son til Nun, ein ung mann, var alltid i teltet (Herrens tabernakel) ." (2M 33:11)

Samlingsteltet som Moses slo opp utanfor leiren under vandringa i ørkenen, var forgjengaren til templet. Det var Guds heilagdom. Det var her Gud møtte folket. Då Moses gjekk ut til teltet står det at kvar mann stod i si teltdør og såg etter Moses - no visste dei at han skulle møte den Heilage Gud (2 M 33).

Då Moses var komen inn i teltet, senka skystøtta seg og stod i døra. Men der inne i teltet var også Josva. Han var alltid i heilagdomen, i Guds nærleik, der Gud tala og let seg møte. Det er i denne atmosfære Josva fekk læra Gud si røyst å kjenne. I Guds nærleik vert synda levande og farleg, og nåden livsnødvendig. Her får gudsfrykta næring og kallet vert levande. (Jmf. Jes 6)

Det er noko friskt og levande over Josva sitt liv. Han levde så nær kjelda. Han valde, som Moses, å lida vondt saman med Guds folk. Han frykta Gud meir enn menneske. Han slo ikkje av for menneskeleg gunst, sjølv då folket ville steine han (4M 14:10). Han var villig å gå inn i den fornedring det var å leie eit ulydig folk – om det så skulle koste han livet. Utsegna til Paulus i Fil 1:21 "For meg er livet Kristus og døden en vinning," passar også på Josva.

Dei kalde vannstaumar
På mange vis er Josva eit motbilde til mykje av den kristendom me i dag møter i kyrkje og bedehus. Dansken Vigilius viser i ei av sine bøker til eit skrift av tyskaren Grossgebauer frå 1661, der han grunnar på kvifor det har gått så gale med den lutherske kyrkja på tross av så mykje rett forkynning. Grossbauer peikar på "fem kalde vannstraumar" som har medverka til å sløkkja ut den heilage glød, kjærleikens brann:

  1. - Kjærleik til verda.

  2. - Ringakt for Guds rike.

  3. - Menneskefrykt.

  4. - Attrå etter respekt og ære blant menneske.

  5. - Attrå etter eit liv i uforstyrra sjølvnyting og komfort.

Eg trur faren er stor for at desse vannstraumane har fått mykje makt mellom Guds folk i dag. Dei har nok tatt livet av mangt eit sjelsliv - sjølv om ein ytre sett kan ha namn av å leva (Åp 3:1). Dette er døden sin veg - han endar i den evige fortapinga. Difor må vår bøn vere at Gud kunne få gjere med oss som med Josva: Han fekk leve i Guds heilagdom - i Ordet, under Den Heilage Andes ljos og påverknad.

Det lydhøyre hjarta
Her i heilagdomen oppøvde Josva evna til å lytte, og til å skilje Herrens røyst frå andre røyster. Me møter det igjen gong etter gong i Bibelen kor viktig det er med høyrsla og eit lydhøyrt hjarta. Det har me og eit lysande eksempel på i profeten Samuel. Han fekk vere eit vekkingsreiskap i Israel. Det står at Samuel som gut låg i Herrens heilagdom der Guds ark (Ordet) var (1Sam 3:3). Der ropa Herren på han. Svaret frå Samuel var: "Tal, tenaren din høyrer!" Tenk om det også i dag kunne vere unge som svara slik! Då kunne Herren endå få openberra seg for hjarto slik som han gjorde for Samuel.

Samuel stod som Josva i Herrens fortrulege råd, og forkynte Guds ord sjølv om det var upopulær tale (Jer 23:22). Han frykta Gud meir enn menneske. Resultatet av dette vart at "Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falle til jorda" (1Sam 3:19). Herren sørgde for at Samuel sine ord kom ut over heile Israel (1Sam 4:1). Dei langsiktige resultata vart djuptgripande samvitsvekking, og folket ropa: "Vi har synda imot Herren." (1 Sam 7) Måtte det skje i dag også!

Å leva i Ordet
Det er smerteleg for kjøtet vårt å leva i Guds heilagdom, i Ordet. For her vert kjøtet krossfesta, her vert ein sjølv gjort til inkjes, her vert ein hjelpelaust avhengig av Herren. Jesu veg var krossen og smerta sin veg. Slik vil det også vere for hans etterfølgjarar. Alle dei som Herren vil bruke lyt gå denne veg. Kanskje det er difor det er så få som Herren verkeleg får bruke?

Kva får den høyre som lever i Ordet sin heilagdom? Jau, at "utan meg kan de ingenting gjera" (Joh 15:5) og "Rop til meg, og eg vil svara deg, eg vil forkynna deg store og ufattelege ting, ting som du ikkje kjenner." (Jer 33:3) Det var det Josva og Samuel fekk oppleve. Måtte Guds vener i denne tid løfte sine hjarta til himmelen og rope om at Guds vilje må få framgang mellom oss og mellom folket vårt. Lat oss søkja inn i Ordet og i bøna, og setje all vår lit til "han som kan gjera meir enn alt, mykje meir enn det vi bed om og skjønar" (Ef 3:20).

L&E 35. årgang, nummer 6



Tags: 1999