Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

"- Godt han fekk døy!"

"- Godt han fekk døy!"
Av Dag Rune Lid

Frå tid til anna møter me denne utsegna frå menneske som har mist ein av sine nære, og kanskje i samanheng med lang tids sjukdom. Frå menneskeleg synsstad kan det være naturleg å sjå det slik. Ein tenkjer at då er det slutt på smerte og nød - og at det er det beste for vedkomande.

Å døy som ein kristen
For den som døyr i trua på Jesus så er det å døy det største som kan skje eit menneske. Då blir ein forfremma til herlegdomen heime i himmelen der det ikkje er sorg, smerte og naud av noko slag. Bibelen skildrar himmelen i dei vakraste bilder som tenkjast kan for mennesketanken. Alt er fullkome, gater av gull, murar av jaspis, trær som gjev frukt tolv gonger om året og løver som leikar med lamma. Der er freden fullkomen, og ingen strid og krig meir.

Utan samfunn med Jesus
MEN, og det er eit stort MEN, om det menneske som døyr ikkje er ein kristen så seier Bibelen at det er forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud! (Heb 10:31) Bibelen fortel oss at dette menneske går evig fortapt, og for det menneske er det den største ulukke å døy. Det menneske skal møte den heilage Gud med alle sine synder. Det menneske er skyldig for han som skal døme levande og døde. Bibelen brukar dei sværaste bilder i skildringa av den evige fortaping.

Er du budd til å døy?
I ei av sine taler spør Hallesby: "Kunne du spørje dei som er i helvete i dag om dei ikkje ville omvende seg, så ville sikkert dei fleste svare: Jau, det ville me. Kvifor er de så i helvete? Me ville aldri omvende oss no, men sidan."

Det er fortalt om eit eldre ektepar som høyrde på denne talen av Hallesby på radio. Det vart så alvorleg at dei bøygde kne ved radioapparatet denne kvelden og overgav seg til Gud. Neste morgon kom ikkje mannen då kona ropa på han, og ho fann han død i senga. Han var gått inn i æva.

Difor formanar Bibelen menneske å ikkje utsetje møtet med Gud. "I dag, om de høyrer hans røyst, forherda då ikkje hjarto dykkar!" (Heb 4:7) No er det nåde å få, men morgondagen kjenner ingen.

I dag frelser Herren
Det er ikkje sikkert at du som les desse linjene heller slår dine augo opp i morgon. Berre Gud veit det. Men han som gret over Jerusalem, han gret også over deg, umovende lesar. Han vil så gjerne få frelse deg i dag. Difor må du ikkje vende deg bort frå Jesu innbyding når han seier: "Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile." (Matt 11:28) Gjev ordet om Jesus rom i ditt hjarta.

Om det menneske som lever i eit personleg samfunn med Jesu kan ein seie: - Det var godt han fekk døy. Det menneske kan få syngje med songaren: "Min framtidsdag er lys og lang, Den rekker bakom tidens tvang, Der Gud og Lammet selv jeg ser, Og ingen nød skal være mer."

L&E 35. årgang, nummer 8