Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

"- Me treng å bli forferda av Herrens Ord!"

"- Me treng å bli forferda av Herrens Ord!"
Forkynnar Øyvind Samnøy i samtale med Dag Rune Lid

"– Me treng å bli forferda av Herrens Ord!" Det er Øyvind Samnøy frå Luster i Sogn som seier dette. Han er forkynnar i Misjonssambandet om vinteren og sauebonde og jordbærprodusent i sommarhalvåret. Han voks opp på Samnøy i Fusa, men fann kona si inst i Sognefjorden. No held dei til heilt innunder Jotunheimen saman med fire små born.

Folk er ikkje redd synda lenger

Ein merkar at Samnøy eig den himmelske naud for at sjeler som lever i åndeleg sjølvbedrag må vakne opp før dei slår augo opp i helvetes gru. - Folk er ikkje redde synda lenger, seier han.

Synda får makt i den grad ein gir ho rom. Det verkar så ufarleg å lefle med ho. Vil du ikkje bryte med synda i fyrste omgang, så vert det verre og verre. Det er som Ordet seier: "Når lysta har vorte svanger, føder ho synd. Men når synda er fullmogen, føder ho død." (Jak. 1.15) Det er forferdeleg å sjå på det som skjedde med Judas, – korleis han byrja så forsiktig å ta av pengane, og til slutt hadde synda fått slik makt at det var umogleg å bryte. Det var syndeband som blei bundne om sjelslivet.

Når du sit framfor fjernsynet, og ser synda, vert band bundne i ditt sjelsliv - inntrykk som går inn i di udøyelege sjel. Der er mykje som du aldri burde sett. Du tar skade på di sjel. Du leikar med ei makt som du ikkje kan kontrollere. Synda er dødsens farleg, og mange får behalde "augo" men går evig fortapt.

Eg kjenner også til dette mitt eige hjarta, slik som songaren syng: "Synden den trykker tung og hård. Fristeren lurer og dårer. Verden i dag er som i går, Lokker og trenger og sårer. Kulden den vil i sjelen inn, Giften i tidens vær og vind Truer å røve meg livet."

Eg trur det einaste som kan hjelpe i dag er at me får høyre Guds ord slik at me vert forferda og forskrekka over oss sjølve. For det er til slike Herren vil sjå: "Men den eg vil sjå til, det er armingen, og den som har ei knust ånd og er forferda over ordet mitt." (Jes. 66.2) Den som aldri har høyrt Guds ord slik at han er blitt forferda, trur eg aldri har møtt Gud i Ordet.

Les me vår Bibel så ser me at det var dette som skjedde med Jesaja, han som bryt ut: "Ve meg! Det er ute med meg." (Jes 6:5) Bibelen gjev mange døme på dette. Eit verkeleg møte med Gud skaper redsle – ein vert forferda, og då vert det også behov for nåde og frelse. Eit menneske er ikkje vorte fortapt i eigne augo så lenge det forlanger å bli trøysta. Når eit menneske verkeleg får sjå si sanne stilling i lys av Ordet, då ser ein at ein berre fortener dom og fortaping. Når du er komen på den plassen, då forventar du å bli forkasta og då vert også trøysta uventa for deg, seier Samnøy.

Guds ord må forkynnast så skarpt som det er
– Guds lov må forkynnast så lenge at ein misser kontrollen og vert hjelpelaus. Då vert ein også lydhøyr for Herrens tale, slik som Nordsletten syng: "Kan du have meg kjær, Selv så heslig jeg er, Da er du en forunderlig Gud." Då er ein komen til den motsette ståstad i forhold til at ein krev trøyst, – no er ein mottakeleg for trøyst.

Dette går an å læra reint teoretisk, men det er noko anna når ein sjølv erfarer det i hjarta. I dag er det så sjeldan at menneska får erfare å bli forferda. Årsaka trur eg me finn både i forkynninga og hjå tilhøyrarane, seier Samnøy.

Forkynninga i dag maktar i liten grad å forkynne Guds ord så skarpt som det er, ein er meir blitt ein kelner som spør: "Hva behager?" Det er ikkje lenger det som Den Heilage Gud seier, som vert det viktigaste. Det burde ringje i øyro på alle forkynnarar når ein les frå Jeremia der Gud talar gjennom profeten: "Eg har ikkje tala til dei, likevel profeterte dei. Hadde dei stått i mitt fortrulege råd, ville dei la folket høyra mine ord og venda dei frå den vonde vegen og dei vonde gjerningane deira." (Jer 23:21-22) Her trur eg skaden ligg når det gjeld forkynninga. Ein må ikkje bruke evangeliet til å avsvekke alvoret i lova slik at folket får inntrykk av at synda ikkje er så farleg. Mange møter kan diverre summerast opp med: Alle var glade og ingen forandra. Ingen blei ståande fortapte innfor Den Heilage Gud, og forkynninga førte ikkje til oppgjer med synd.

Det er naudsynt at sjela vert ståande fast, at du opplever å ikkje sjå noko løysing. Då får du ein lukka munn framfor den levande Gud, og du får erfare at du er fortapt – du vert skuldig for den heilage Gud. Når eit menneske er kome i denne stilling, kjem evangeliet uventa. Du ventar å bli "steina", men i staden får du nåde, seier Samnøy.

Han understrekar også at dersom Guds ord skal ha denne verknad på hjarto så treng forkynnaren tid. – Det burde vere minimum 14 dagars møteseriar, slik at Ordet kan få trengje ned i sjelslivet hjå tilhøyrarane.

Den som vrakar Ordet vert vraka av Herren
– Sett frå tilhøyraren si side, så kan du forsvare deg mot Ordet på ulike vis. Det står til dømes om Saul at han i frykt for menneske og i jag etter æra, forkasta Herrens ord. Det som skjedde var at gudsfrykta vart erstatta av menneskefrykt. Han sparte kongen til eige æra, han bygde minnesmerke over seg sjølv osv. (1 Sam 15) For å få gunst hjå menneske sparte Saul det beste av det bannstøytte som var under Herrens vreide og dom. Men domen var klar: "Fordi du vraka Herrens ord, har Herren vraka deg." (v. 23) Då Saul møter "brodden" frå Guds ord, avsvekkar han det ved å seie at det var folket si skuld. Han forsvarte seg med vidopen munn og lukka øyre. Er det nokon gong menneske får talegåver, så er det når dei skal forsvare sine synder. Slik er det i dag også. Ein kan forsvare sjølv dei grovaste synder, og ta brodden av Guds ord – men det fører til åndeleg død.

Nokre tilhøyrarar trekkjer seg unna for å unngå å bli dømde – til ei anna forsamling der ein får fred, til ei forkynning utan brodd. Nokre nytter bodskapen på dei andre i forsamlinga, då ein ikkje har det sinn som ber: "Ransak mitt hjarta, Herre!" Andre leitar febrilsk etter eit Guds ord som kan forsvare og ta brodden av det forkynte Ord. Atter andre flyktar til ei frelsesoppleving, og prøver på den måten finne trøyst i at dei må ha det rett i dag også. Slik kan menneske slå vrak på Ordet heilt til dei slår sine augo opp i den evige fortapinga, seier Samnøy.

Saul seier at han hadde spart det beste av det bannlyste for å ofre det til Herren. Menneska er på same vis i dag også, dei kan til og med få syndene til å høyrast fromme ut. Når Herren kjem på avstand går det an å finne andre namn på dine synder. Så kan den gjerrige og havesjuke omdøype det til "sparsommelighet" og "nøysomhet". Den som aldri seier eit ord om Jesus, og heller aldri har trong for det i forsamling og på arbeidsplass – han seier: "Eg er beskjeden og vil ikkje stikke meg fram" – så vert det ein dyd, endå det heile botnar i menneskefrykt. Baktalen kan gå så mordarisk mellom bekjennande kristne, og så kallar ein det sakleg vurdering av si samtid og sine medvandrarar. Men Guds ord seier at baktalarar ikkje skal arve Guds rike.

Det går heilt annleis med eit menneske som kjem Gud nær. Då slepp ingenting unna. Sjølv det beste i mitt liv kjem under domen. Det vert ureint, og det gjer meg verdig til den evige fortaping. Det er farleg å synda og endå verre når mennesket byrjar forsvare sine synder. Gud vil ha deg dit at du får ein lukka munn. Sjølvforsvaret må tagna. Du må stå der "blotta og bar" med dine synder. Då står du med ein lukka munn og med opne øyre. Då byrjar du spørje: "Kva seier du Herre?" Det som skjedde med Saul var det motsette. Øyro hans blei lukka for Guds tale, og munnen vart vidopen i sjølvforsvar. Det finst ein anger som ikkje vert til frelse, slik var det med Saul, ein anger som berre gjekk på følgjene av synda.

Hjarteforholdet, det at Saul er komen bort i frå Gud i sitt hjarta, det vil ikkje Saul høyra noko om. Det går han utanom. Så brukar han alle midlar for å halde oppgjeret med Gud på avstand. Det ser ut for at Saul greidde det. Trass i Guds klare tale gjennom Samuel, kom ikkje Saul inn i lyset med sitt hjarteforhold, seier Samnøy.

I denne søvnen si tid treng me spørje: "Korleis står det til i mitt hjarta? Er det rett med meg?" Let du Herrens ord lyse inn og avsløre dine djupaste tankar og meiningar? Det var det Guds ord ville få gjere – trengje igjennom heilt til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd. (Heb 4:12) Har Jesus fått dømme synda i ditt liv, eller held du han på avstand? Det er ei lov i Guds rike at det berre er dei som let Herren dømme, som i sanning får bruk for nåden. "Bare de som kjenner, Syndens nød seg vender, hen til nåden fri."

Det er godt når folket kjem på møte med den haldninga at no må eg få høyre sanninga. Det er når Sanningsanden er nær gjennom Ordet, at menneska har si vitjingstid. Om ein ikkje tek imot sanninga skjer det som Brorson syng: "Den som ei vil lyset kjenne, Han skal seg på lyset brenne." Då kjem ein med andre ord inn under forherdinga, seier Øyvind Samnøy.

Å forkaste Ordet fører til forherding
– I det siste har eg lurt på om me i vårt land opplever det som står i 2Tess 2:10-11 "Det går føre seg med allslags urettferd i forføring mellom dei som går fortapt, av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna."

Det spørst om det ikkje er det som herjar vårt folk i dag med så mykje uklar forkynning, tåketale, ulike karismatiske retningar, liberal teologi, "lett" kristendom osv. Denne dobbelte verknad som Guds ord verkar, talar Jesus om i Matt 13 i likninga om såmannen, der det står: "For hjarta åt folket har vorte sløvt, og med øyro høyrer dei tungt, og augo sine har dei late att, så dei ikkje skal sjå med augo eller høyra med øyro og skjøna med hjarto, og venda om så eg kunne lækja dei." Dette gjeld Jesu likningar, men det gjeld også sann kristen forkynning.

Jesus talte i likningar for å openberra for nokon, og skjula det for andre. Guds ord er slik at der det ikkje vert motteke, vert det dunkelt og ein vert forblinda fordi ein ikkje tek mot kjærleik til sanninga. Det er difor Jesus seier: "Tru på ljoset medan de har ljoset," (Joh 12:36) for elles vil ein erfare at "De skal leita etter meg og ikkje finna meg." (Joh 7:34) Det var det Saul fekk oppleve.

Då Saul omsider ropa etter Herren, svara ikkje Gud (1Sam 28:6-18). Då var det berre dom igjen. Gud hadde lukka døra. Saul hadde stått så lenge mot Guds ord – mot Sanningsanden si overtyding, at nådetida var slutt før levetida. Bibelen talar klart om at dette kan skje, også med oss om me står imot Ordet. Forherdinga vert då at Gud gjer hjarta hardt mot Ordet så at ein ikkje kan audmjuka seg for Gud og vende om. Dette kan gjelde som enkeltpersonar og som folk, og det spørst om det ikkje er dette som held på å skje med vårt folk, som det står om Jesabel: "Eg gav henne tid til å vende om, men ho ville ikkje vende om ..." (Op 2:21)

Det er sagt at Guds kvern mel seint, men ho mel nøyaktig. Me må aldri gløyme at synda får følgjer, ikkje berre for oss men også for våre barn og barnebarn. Guds dom kan vente i lang tid, men vert det ikkje omvending så kjem følgjene – her i tida og sidan i all æve. Gud kan ikkje godta synd. Me må tenkje på vårt eige folk, og den overhengande fare som heng over landet. Tusenvis av foster ropar til Gud om dom over Noreg. Tusenvis av ekteskap vert oppløyste, den skaparordning som Gud vaker over. Gud ser det og Guds kvern mel nøyaktig mot dom.

Har du den minste gnist av uro for di sjel, må du rope til Gud om frelse medan du enno har vitjingstid. "I dag, om de høyrer hans røyst, forherda då ikkje hjarto dykkar." (Heb 3:15) Gjer du deg hard mot Guds ord, så kan også du kome i den situasjonen at Herren forherdar ditt hjarta og gjer deg hard og ubøyeleg, og då renn tida di ut. Ve deg, om så skulle skje! Då går du fortapt.

- Når Guds Ande dømer synd i ditt liv til dømes at du hyser ureine tankar i ditt indre, lever i flørt, lettsindigheit, gjerrigheit, svart arbeid, nokon du ikkje vil gjere opp med, du vil ikkje søkje forsoning osv., og du ikkje vil bøye deg for Gud og erkjenne det som synd, då verkar Ordet forherding i ditt liv. Det treng berre vere ein einaste ting i ditt liv du ikkje vil gje Herren rett i, før denne forherdingsprosessen byrjar. Så farleg er synda. Me snakkar ikkje her om at du kan falle i synd, og at du ligg under for synder, men når du forsvarar den og vil leve i den, og ikkje vil gje Gud rett i dommen over den, då byrjar forherdinga.

Det står om hyrden Eli (1Sam 2) at han såg at sønene forførte Herrens folk, men han sa i så liten grad i frå at Gud sa: "Du ærer sønene dine meir enn meg." Slik er det også for mange i dag. Du kan ha eit klart syn på ekteskapet inntil borna dine lever i synd – då tagnar du. Når du ikkje brukar det lyset du har fått, då misser du det lyset du har. Men det er også eit rikt løfte for den som gjer slik det står i Jer 15:19: "Dersom du skil det edle frå det uedle, skal du vere som min munn."

Om mitt folk ville høyra!
– I motsetning til Eli så var ungdommen Samuel tru mot det han var tiltrudd av Herren, og hans lys vaks "og Herren var med han og lèt ikkje eitt av orda sine falla til jorda. Då skjøna heile Israel fra Dan til Be'er–seba at Samuel hadde vorte tiltrudd å vere profet for Herren ... og Herren openberra seg for Samuel i Silo ved Herrens ord." (1Sam 3) Så går det over 20 år før ein opplever at forkynninga til Samuel ber frukt, men då står det at folket sukka etter Herren. (7.2) Dei sa: "Me har synda imot Herren." Dei var komne i naud og deira einaste von stod til Herren. Då greip Gud inn. Då bar Ordet som var sådd full frukt, og ein fekk den største vekkinga i Israel si soge og den åndelege bakgrunnen for stordomstida under kong David. Det er dette me treng i dag også – ein bodskap som skaper syndenaud og frelsesfryd.

Bibelen og heile vår historie vitnar om at når Gud vil ha noko gjort, så startar han ikkje masserørsler, men tek ut ein mann som han byrjar forme og danne og tek han inn i sitt fortrulege råd og openberrar sine ord for han. Når Herren openberrar sitt ord for eit menneske, og dette menneske er tru mot Ordet, då syter Herren for at dette menneske vert høyrt i folket. Nettopp dette var det som skjedde med Samuel. Herrens ord nådde ut til heile folket. Ludvik Hope skal ha sagt noko slikt: "Gje meg ti unge menn som står for Herrens åsyn, så skal landet bergast."

Herren ville så gjerne få velsigne og han seier: "Lat munnen din vidt opp, og eg vil fylla han!" (Sal 81:11) Men folket ville ikkje. Då er det Herren ropar ut: "Å, om mitt folk ville høyra på meg, om Israel ville vandra på mine vegar! Snart skulle eg då kua fiendane deira og vende mi hand mot motstandarane deira." (v. 14-15) Om Herren fekk sleppe til, ville han gripe inn.

Eg trur at dette er det sukk Herren også har i dag for det norske kristenfolk. Vår tid er i dag så full av kristen aktivitet, men det er så sjeldan at folket vert stille for Herren og let han få gripe inn. Det er mitt personlege ynskje at me måtte lytte til Herrens ord – og at den som skal forkynne Guds ord kunne spørje: "Herre, kva seier du?" Eg trur problemet i dag ligg på høyrselssida – det å stå i Herrens fortrulege råd. Dei som står der "vil la folket høyra mine ord." (Jer 23), og om det skjer vil det få store ringverknader både i vårt folk og ut over den vide jord, avsluttar Øyvind Samnøy.

(Dette intervjuet har tidlegare stått på trykk iavisa Dagen i ein noko kortare versjon)

L&E 36. årgang, nummer 3