Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Jesus kjem snart!

Jesus kjem snart!
Av Dag Rune Lid

"Sjå, eg kjem snart!" (Op 22:7)
Dei aller fleste menneske trur ikkje at Jesus ein dag skal koma att for å døma levande og døde. Men slik Bibelen inntil i dag har gått i oppfylling til den minste detalj, slik vil også dette skje. Når han kjem, skal det vera som når lynet blinkar frå himmelbryn til himmelbryn (Luk 17:23), og alle menneske over den vide jord skal sjå Jesus med eigne augo - og må gje Sanninga rett.

Bibelen talar om at det skal vere uventa for alle, og det skal skje under vårt vanlege virke: "To kvinner skal mala på same kvern. Den eine vert teken med, men den andre vert sett att. To skal vera ute på marka. Den eine vert teken med, den andre vert sett att." (Luk 17:34-36) Skiljet vil gå mellom kone og mann, foreldre og born, slekt, vener og arbeidskameratar. Ytre sett er menneska like, men Jesus ser korleis hjarto er innstilt til han.

Som det var I Lot sine dagar
Nett som det var i Lot sine dagar, skal det vere når Jesus kjem att (Luk 13:28). Bibelen formanar oss: "Kom i hug kona åt Lot!" Ho levde i byen Sodoma, og det står fortalt om dette i 1M kap. 19. Sodoma var ein by som låg på dei grøderike Jordanslettene. Det var rikeleg med vatn, som ein Herrens hage står det i 1M 13:10. Det tyder på dei som budde her stod seg godt, og kunne nok etter samtida sin målestokk opplevast rike.

Lot og familien hans hadde flytt til slettene utanfor denne byen. Snart ser det ut for at dei har fått seg hus og posisjon i byen. Men til denne byen kjem ein dag Guds utsendingar. Dei hadde eit oppdrag frå Herren sjølv: "Klageropet over Sodoma og Gomorra er sanneleg sterkt, og synda deira er sanneleg utan måte. No vil eg stiga ned og sjå om dei på alle måtar har fare så ille åt som det høyrest ut til i det ropet som er nådd opp til meg. Har dei ikkje det, vil eg vita det." (1M 18:21)

Den store synda i desse byane var homofili. Uansett kva prestar, biskopar og kyrkjemøte uttalar, så seier Bibelen at denne synd vekkjer Guds vreide og dom. Det ser ut for at det berre er eit tidsspørsmål før domen rammar det folk som gjev denne synda rom. Det er ei synd som på ein spesiell måte rokkar ved Guds skaparordning, og som har forferdelege konsekvensar i folket - sjå Rom 1:22-28. Difor er det med sorg me no ser det som skjer i det norske folk.

Flykt frå domen
Det står at Lot lei pine i si rettferdige sjel, ved dei lovlause gjerningane han såg og høyrde (2Pet 2:8) Likevel var han nok blitt smitta av verdsleggjeringa i byen, for englane som kom på vitjing for å berga Lot og familien, hadde problem med å få dei med. Til slutt måtte dei reint fysisk ta dei med seg, om dei skulle få dei ut før domen ramma byen. (1M 19:16)

Beskjeden dei fekk frå Herren var klar: "Røm for livet! Sjå deg ikkje attende…". Sodoma skulle forgå, og med den alle dei som hadde sitt hjerte i byen. Sjølv om kona til Lot ytre sett var på veg bort frå domen, så hang hjarta fast ved Sodoma og det liv ho hadde levd der. Ho tok det ikkje så nøye med det Gud hadde sagt. Difor blei ho ramma av den same domen som alle dei andre i Sodoma. Ho blei til ei saltstøtte – ho gjekk fortapt. Synda hadde fått rom i hennar hjarta.

Langt inn mellom bekjennande kristne i dag, er det snart ingen ting som er synd lenger. Slik var det for Israels folk også, då Herren talte til dei og sa: "Lik folket i Sodoma talar dei ope om synda si, dei løyner henne ikkje. Ve sjelene deira, for dei fører ulukke over seg sjølve!" (Jes 3:8f) På same måten fører mange ulykke over seg sjølve i dag, – og ser det ikkje før det er eit evig for seint. Difor vert mange som Lot si hustru når Jesus kjem att for å halde endeleg dom.

Flykt til fristaden
Du som les desse linjene: Ta Jesus ord til ditt hjarta! "Sjå, eg kjem snart!", seier han. Lev kvar dag som om det var den siste! Lat Guds ord få tale til deg om dine synder!

Du som er uomvend, eller som vil forsvare synda: Vend om! Kva vits er det å skjule synda, når den likevel skal fram i lyset på dommedag? Djevelen har forført mange på samne måten som Lot si hustru. Måtte ikkje det skje med deg. Nei, flykt til "fristaden skjønne", som Gud sjølv har tilveiebrakt på Golgata, og ta imot tilgjeving for synd for Jesu skuld!

"O åpne ditt hjerte for Herren, Si synden og verden fravel! I fremmede landet det fjerne. Så lett du kan tape din sjel.

Du ungdom, som gledes i våren, Lik blomstmen mot livet du ler, Snart død kan du hvile på båren, Husk alltid: Guds øye deg ser!

La Satan ei sjelen forderve Og fange i fristelsens garn, Når Jesus har villet erverve Deg arv med Guds frigjorte barn!

Å, vent ikke, vent ikke lenger, Men skynd deg til Frelseren hen! Å, ve om ditt hjerte du stenger For ham, din forsoner og venn!

Den hvitkledde skare for tronen Nå synger en frydefull sang. – Skal du også gripe den tonen Blant enger hos Jesus en gang?

I dag la med Gud deg forsone, Kan hende ei bud mer deg når. For snart skal du stå for hans trone, Der dommen av Herren du får.

Så fly til den fristaden skjønne, Der Frelserens korsmerke står. Barmhjertighet der du skal finne, Forløsning i blodet du får."

(Sb 216)

L&E 36. årgang, nummer 5