Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Har du lide "skipbrot" på di tru?

Har du lide "skipbrot" på di tru?
Av Dag Rune Lid

Den 15. mai 1912 var verda sitt dåverande største skip på veg frå Southampton til New York med godt over 2000 passasjerar. Skuta var utstyrt med eit nytt skottsystem som dei meinte skulle gjere at ho ikkje kunne søkkje. I farvatna kring Newfoundland støytte ho plutseleg mot eit stort isfjell, og i løpet av kort tid gjekk Titanic ned og 1500 menneske omkom. Det var ein ufatteleg tragedie som ingen trudde var mogleg.

Når ein høyrer om slike ulykker, har ein lett for å tenkje at slikt rammar andre, men ikkje meg.

Kjære medvandrar, eg veit ikkje korleis du har det - men Bibelen fortel om at det var mange som på livet sitt hav vart ramma av skipbrot på trua. Dei var sikre på at livsskuta ikkje skulle søkkje, men likevel skjedde det. Korleis er det med deg? Er du mellom dei som har lide skipbrot på trua?

I Bibelen skriv Paulus til sin gode ven Timoteus om dette, og då nyttar han biletet av eit skip på livet sitt hav. Paulus såg at her låg ein fare, også for Timoteus. Derfor minner han om dette. Når Timoteus trong denne formaning, må det vere ennå meir naudsynt for deg og meg som lever i dag å stanse opp nokre minuttar for dette alvor!

Slik seier Paulus til Timoteus: "Dette er den oppgåva eg gjev til deg, Timoteus, son min, i samsvar med dei profetorda som før er tala om deg, så du ved dei kan strida den gode striden, i tru og med godt samvit. Dette har somme kasta frå seg og har lide skipbrot på trua. Mellom dei er Hymeneus og Aleksander. Dei har eg gjeve over til Satan, for at dei skal verta tukta så dei lèt vera å spotta." (1Tim 1:18-20)

Ikkje alle skipbrot får så dramatiske konsekvensar som Titanic. Men for det menneske som lir skipbrot på si tru, og ikkje omvender seg, finst det inga berging. Det hadde vore langt betre at han eller ho aldri var fødd – så forferdeleg vil den evige fortaping bli. Det ser ut for at dette forlis byrjar på "solfylte dagar på stille hav", når mennesket materielt sett har det godt. Derfor er det ikkje likegyldig korleis du steller med samvitet ditt.

 

Samvit - kva er det?
Samvitet - kva er det eigentleg? Forenkla kan ein vel seie at det er ein innretning som alle menneske har, og det fungerer som ein indre domstol som bedømmer dine tankar, motiv og gjerningar. Me veit at i Noreg dømmer domstolane etter Noregs Lover, men dei kan døme feil. Som domstol er heller ikkje samvitet ufeilbarleg. Om samvitet dømer rett og riktig, er avheng av kva lover det dømer etter. Dømer samvitet etter andre menneske sine meiningar og tankar, endar det med forlis. For Guds påbod er at ditt og mitt samvit åleine skulle døme etter Hans ord.

Du har kanskje høyrt ordet "samvitsvekking". Det brukar me om vekkingar der samvitet vert vekt opp slik at det byrjar fungere slik Gud ville det skulle fungere. Som domstol byrjar då samvitet å døme tankar, ord og gjerningar ut frå Guds ord. Då vert det gjerne slik at ting i livet ditt du aldri hadde sett på som synd, det kjem opp att og opp att i tanken – du får ikkje fred for det! Det må fram i lyset om du skal få fred med Gud i eit godt samvit.

Då Peter talte på pinsedag så sa han mellom anna: "Denne Jesus som de korsfesta!" Då står det at det stakk tilhøyrarane i hjarta. Før hadde ikkje samvitet deira reagert, men plutseleg slår Andens tale gjennom Ordet ned i samvita. Dei hadde vel kanskje klaga andre for Jesu død, men plutseleg er det dei sjølve som vert skuldige. Plutseleg vart denne synda deira problem. Det var som Ordet sa: – Du er mannen! – Du er kvinna! – Det er din feil! – Det var for dine synder si skuld han vart korsfesta. – Det er du som må vekkjast! – Det er du som må bli frelst! osb. Då vert det ikkje lett. Det kan opplevast som ein kamp på liv og død! Men det er vegen til redning om Ordet får nå deg. Det er ei nådehandling frå himmelen når ditt og mitt samvit får med ein heilag Gud å gjere før det er evig for seint.

Desse som stod omtala i Bibelverset, Hymeneus og Aleksander, hadde kasta frå seg det gode samvitet. Kva vart resultatet? Jau, dei hadde lide skipbrot på si tru – trua forliste.

Kva vil det seie å kaste frå seg det gode samvitet? Jau, når Den Heilage Ande (han er ein person) talar til ditt og mitt samvit og me ikkje gjer han rett – då gjer me Den Heilage Ande sorg. Det fører til vondt samvit. Om det ikkje fører til oppgjer, så kastar ein frå seg det gode samvit. Då sluttar det å fungere som ein sann domstol i livet mitt. Står ein lenge nok mot Anden si overtyding, høyrer ikkje samvitet lenger denne tale, og til slutt fører det til forherding. Då er du utilgjengeleg for Gud, og er levande fortapt.

 

Korleis arbeide Ordet og Anden?
Guds Ande bur i Ordet, og han er eitt med Ordet. Derfor talar me også om at Guds ord er levande. (Heb 4:12) Når samvitet byrjar vakne, byrjar det justere seg etter Ordet. Det kan skje i eit slag, eller det kan gå over tid.

I dag møter me synda så likefram i aviser, blad, radio, fjernsyn, internett osb. og samvitet vert lett sløva. Men når samvitet vert justert av Ordet, byrjar du merke at samvitet talar konkret når synda kjem inn i livet ditt. Då dømer samvitet dine handlingar etter Guds ord. Det treng ikkje vere så mykje, og både du og andre kan oppleve det som bagatellar, men han som er heilag er ein fortærande eld mot all synd. Han ser ikkje på store og små synder, og samvitet talar derfor klart: – No sa du noko som kasta eit dårleg lys over ditt medmenneske, sjølv om det var sant! – Du har eit utilgjevande sinnelag! – Du er hovmodig! – No er du meir oppteken av kva andre meinar om bøna di, enn at du ber til Den Heilage Gud. – No såg du på ei kvinne med begjær! – No fekk du for mykje vekslepengar att! – No bryt du trafikkreglane! – No set du ein annan lågt for at du sjølv skal setjast høgt! osb.

Gud talar ikkje alltid. Og menneska kan ikkje søkje Herren når dei sjølve vil. Når Herren talar kan det vere for siste gong i ditt liv. Nokre fekk berre det eine høvet ser det ut for, då dei var overtydde om sanninga. Likevel roa dei samvitet og gjekk fortapt. Derfor er det så alvorleg når Anden talar. Korleis stiller du deg til denne tale? Anden talar sanninga, og ein av hans gjerningar er å overtyde om synd i ditt liv. (Joh 16:8)

Når me ser korleis Anden arbeider, skimtar me litt av det som ligg bak det Marius Giverholt skriv i songen: "Da jeg fikk se at jeg en synder var, En fattig sjel som intet i seg har, Da fikk jeg se det blod på korset rant, Og legedom for sjelesmerten fant." Her er ein indre samanheng mellom det å få sjå sant på seg sjølv og få openberra kva Jesus har gjort til frelse for di sjel. Jesus seier: "Dei mange syndene hennar er tilgjevne, derfor elskar ho mykje." (Luk 7:47) Elskar du mykje?

Men Når Anden held på med dette arbeidet i livet ditt, vil du også merke at djevelen skyt sine piler inn i samvitet: – Det er vel ikkje så nøye! – Ein treng vel ikkje ta Guds ord så konkret! – Ein kan vel ikkje kalla dette synd! – Andre bekjennande kristne gjer det også! – Det var før dei meinte dette var synd! osb. Så finn djevelen på tusen unnskyldningar, og din eigen vonde natur støttar han. Sigrar djevelen på det indre plan, byrjar fråfallet. Då gjer du Den Heilage Ande sorg. Til slutt tagnar han. Då er du bunden av synda, sjølv om mange då ropar at no er dei endeleg fri til å leve slike dei sjølv vil. Det er derfor me seier at ein kristen må leva i vekkinga, at samvitet får vere vart for Guds ord og Ande. For den som lever i lyset frå Guds ord, er det rike løfter om at Jesu blod reinsar frå all synd. (1Joh 1:7)

Når samvitet er korrigert av Ordet, kva skjer då når synd kjem inn? Då dømer samvitet dine tankar, ord og gjerningar etter Ordet. Denne prosessen varer livet ut hjå ein sann kristen. der Ved Ordet får ein stadig sjå djupare inn i sitt eige forderv. Gjennom dette vert nådebehovet større og større, og Jesus meir og meir umisteleg. Det er dette Johannes tenkjer på når seier i Joh 3:30: "Han skal veksa, eg skal minka."

For det vare samvit er det lett å merke når Gud vekkjer, men for det tunghørte samvitet, må Gud ofte bruke harde midlar for å vekkje opp. Gud kan sende ulukker, sjukdom eller naud på så mange vis. Eg minnest ein som fortalde om ei fiskeskøyte som var i Nordishavet. Plutseleg vart det ropt: Mann over bord! Kapteinen fekk plutseleg auge på mannen på ein bølgjetopp rett ved båten, før han forsvann i djupet. I løpet av sekundet, brukte han båtshaken og fekk tak i mannen. Blodet rann – men mannen vart berga, sjølv om det var med harde midlar. Mannen var glad for berging, sjølv om det vart store sår. Men kva hadde alternativet vore? Det er det same profeten talar om: "Eg takkar deg, Herre! For du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg." (Jes 12:1)

Den Heilage Ande talar til den einskilde på ulik vis, alt etter kor han ser me sit fast. Anden finn alltid det "ømme" punkt, men han trengjer seg ikkje på – han overtyder. Får denne overtyding rom i din erkjenninga, kjem du til sjølverkjenning. Då vert du samd med Gud, og då vert alt snudd på hovudet. Standardsvaret: "Det var ikkje mi skuld", vert plutseleg til: "Eg er mannen! Eg er kvinna! Det var mi skuld." Kva skjer då? Jau, då erfarer du det same som sangaren syng: "Han tvettet mine vunder, Gjød olje ren og vin I syndens sår og hvisket: Nå er du evig min! Hvor liflig var hans stemmes lyd, Min bange sjel ble fylt med fryd."



Overgitt til djevelen
Hymeneus og Aleksander, som lei skipbrot på si tru, overgav Gud til djevelen – for det var han som eigentleg hadde sigra i deira liv. Det byrja kanskje så forsiktig – det var noko dei ikkje ville fram i lyset med, det dårlege samvitet førte ikkje til oppgjer med Gud. Til slutt fekk ikkje Ordet tala til samvitet lenger. Det er ein forferdeleg tilstand når Gud overlet folket til seg sjølv, eller rettare sagt til djevelen, og lar folket få det slik dei vil ha det. Då har du stått så lenge imot Anden si påminning, at Gud gir deg opp.

I denne kampen står ein kristen kvar einaste dag. Det er som sangaren syng: "Giften i tidens vær og vind Truer å røve meg livet." Den som er av sanninga kjenner på frykta for å kome bort frå Herren, og at det skal kome noko inn mellom meg og Gud. Bibelen vitnar om at her var det mange som vart liggjande etter – samvitet ville ikkje bøye seg for Andens tale gjennom Ordet, og så lei dei skipbrot. På jord kan ein ha namn av å leve, lenge etter at namnet er stroke ut av boka i himmelen.

I apostelgjerningane står det om då Paulus talte til landshøvdingen Felix og sa: "Derfor legg eg sjølv vinn på alltid å eiga eit uskadt samvit for Gud og menneske." (Apg 24:16) Hugs: Du kan ikkje gå på akkord med synda, uten at du tar skade på di sjel. Det står om at Feliks kjende nøye til Vegen (v. 22), men då Paulus nokre dagar seinare talte står det at Felix vart skremd. Det står ikkje kva det gjaldt, men kanskje Den Heilage Ande rørte ved noko som kom fram mot slutten av kapitlet: "…då Feliks gjerne ville ha takk av jødane, let han Paulus vera att i lekkjer." Stakkars arme Feliks! Han ville heller ha æra av menneske enn å berge si sjel.

Har du vorte skremd nokon gong når Ordet har tala til deg. Det kan opplevast slik når Sanningsanden talar til samvitet, men hugs at det er for å berge deg. Byrjar du forsvare deg mot Ordet, og dermed mot Gud sjølv, vil du ein dag slå dine augo opp der som elden aldri sloknar. Måtte ikkje det skje med deg!



Forherding eller frelse
Når ein står imot Andens tale år etter år, kan det føre til synd mot Den Heilage Ande og for denne synd finst det ikkje nåde. (Mat 12.31) Derfor, ta deg i vare om du kjenner at Anden talar til deg. Det er kanskje det siste høvet du får. Derfor seier Guds Ord: "Om de høyrer hans røyst, forherda då ikkje hjarto dykkar." (Heb 3:15)

Til deg som kjenner på domen i ditt samvit: Gje Anden rett og høyr Bibelen sin tale om kva makt Jesu blod har. Det kan : "reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar så vi kan tena den levande Gud!" (Heb 9:14) Jesu dyre blod, kan reinse såre og dømde samvit.

Det skjer noko med det menneske som får eit reinsa samvit. Det får ein ny trong etter å leva for Gud. – No vert menneskefrykta erstatta med Gudsfrykt. – No talar du med andre om deira udøyeleg sjel, menneske du aldri før vågde å seie eit ord til om Gud. – No ynskjer du å samle naboborna, slik at dei kan få høyre Guds ord. – No går du og bed naboen med på møte. – No unnskylder du deg ikkje når Anden minnar deg om å seie noko på møtet.

Når Anden får styringa så vert det tverre sinn erstatta med det villige sinn som er fredsælt, rimeleg, føyeleg, fullt av miskunn og gode frukter, det gjer ikkje skil, det hyklar ikkje. (Jak 3:17) Slike sjeler verkar som salt mellom sine medmenneske.

Kva er det som er skjedd? Jau, vekking – bibelsk vekking av samvitet. Det er det me treng i dag også, at samvita vaknar opp av den åndelege søvn og seier: "Herre tal!" Før hadde du ikkje syn for å leve i vekkinga, langt mindre for å høyre vekkjande forkynning. Men no vert det ein trong for deg å få høyre ei forkynning som kan halde deg vaken, så du ikkje atter sovnar og lir skipbrot på trua.

"Tak meg, min Jesus, åleine med deg Bort ifrå verda sin larm! Tal ved Den heilage Ande til meg, Legg meg så stilt ved din barm! Løys du dei band som til verda meg bind, Og gjev meg meir av ditt heilage sinn! Hald du meg alltid i kjærleiken varm, ber meg så trygt ved din arm!

Hjelp meg å leva i tru på ditt ord, Hald du meg vakande her! Jesu, du veit her er mykje på jord Som til meg smiler og ler. Å, lat det aldri få makt over meg, Så det kan draga meg bort ifrå deg! Syn meg din himmel og vis meg min krans, Verda då tapar sin glans!"

L&E 36. årgang, nummer 5