Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Namn av å leva

Namn av å leva
Av Dag Rune Lid

Kap 1. Eit underleg brev
Brevet var stila til forsamlinga. Då det vart lese opp skjedde det noko som med dei som høyrde det. Brevet ramma samvitet, – ingen var urørte. Det vekte både harme, irritasjon, ettertanke og glede.

Det var ikkje kven som helst som fekk brevet. Det var ein veneflokk som var rekna mellom Guds folk på denne jord, og livet dei levde vitna både for truande og ikkje-truande om at dei hadde tenkt seg til himmelen.

Ikkje alle var der då det vart opplese, men alle fekk høyre om det. Innhaldet gjekk som eld i turt gras, som ein seier. Mange tykte brevet var rystande, oppskakande og kritisk. Andre høyrde bodskapen med undring og nokre meinte endå at det var sant og riktig.

Det var særleg ein setning i innleiinga på brevet som vekte sterke reaksjonar, og som mange hadde vanskeleg for å svelgje. Mange meinte avsendaren ikkje skulle vere så bombastisk. – Dette var ikkje måten til å kommunisere på, meinte dei. Det kunne støyte mange, så dei aldri sette sine føter i forsamlinga lenger. Andre meinte at det kunne få økonomiske konsekvensar om slike brev vart lesne opp offentleg – det høvde seg ikkje. Atter andre meinte at ingen hadde rett til å tale så alvorleg ord på Guds vegne.

Det hadde vore eit ordinært forsamlingsmøte den kvelden brevet vart opplese. Talaren hadde gripe tilhøyrarane med glimrande illustrasjonar og siterte mange bibelvers. Folk nikka fornøgde til det dei høyrde. Men talen greip ikkje hjarto, og Den Heilage Ande, han som overbeviser om synd, kom ikkje til orde.

Likevel følte dei fleste seg oppløfta etter talen, og under songen etterpå var det som husorkesteret fekk luft under vengene og lydnivået steig til nye høgder. Etter at ein hadde byrja med den nye lovsongsgruppa – med meir futt og fart – hadde mange unge slutta seg til forsamlinga og det var no danna eit stort ungdomskor som slo svært godt an. Det hadde tilmed vorte nytta på ein verdsleg festival i byen og fått gode kritikkar. – Ja, skal ein nå verden så måtte ein nytta deira språk til å kommunisere med, vart det sagt.

Rett før møtet skulle avsluttast denne kvelden var det ein eldre kar som bad om ordet. Han sa han hadde fått brev frå ein god ven, og brevet var stila til forsamlinga. Han byrja å lese, og det var ikkje fritt for at mange – ja dei aller fleste løfta blikket og såg på den gamle. Etter kvart som han las vart det stillare og stillare ned gjennom rekkene – og blikka meir og meir intense.

Då han gjekk ned og sette seg, vart det heilt stilt. Ein kvar kunne berre høyra sin eigen pust. Møteleiaren såg seg litt rådvill og fortumla rundt – og gjekk deretter på talarstolen. Han var openbart forvirra, og stod heilt stum nokre sekundar – det kjentes som timar. Så avslutta han møtet ganske enkelt og ynskte alle vel heim!

Men folket gjekk ikkje heim, dei vart ståande utanfor i små klynger. Borte i eit hjørne kunne ein høyre ein som var høgrøysta: – Han der Johannes trur visst han er noko. Han gjer inntrykk av at han skal ha så mykje lys i Ordet. Kva autoritet er det han trur han har som kan skrive noko slikt!

Litt lenger borte kunne ein høyre to kvinner som talte saman. – Eg har aldri likt han der Johannes. Eg følte meg alltid uvel når han stod på talarstolen, og alltid pirka han bort i ting han ikkje hadde noko greie på. Ja, sa den andre; – ein gong sa eg rett ut til han at han ikkje hadde noko med å blande seg inn i andre sine saker, då han talte om gjengifte og skilsmisse. Så trongsynte folk fortener ikkje å få taletid.

Nokre ungdommar hadde allereie tent sigarettane, og stod og småprata. – Eg trudde me var kvitt han der Johannes for godt, men skal han få meir taletid i forsamlinga kjem ikkje eg til å setje mine føter her meir. Han var ein brems for uviklinga og hadde han framleis vore her, ville me verken hatt ungdomskor, drama eller lovsongsgruppe. Det må vere måte på kor trong- og sneversynt ein kan bli! Kvifor skal djevelen ha all den gode musikken? Korleis skal ein nå dei ikkje-kristne om ein ikkje skal nytta deira språk til å kommunisere med?

Lenger borte var det nokre som allereie var på veg heimover. – Det var underleg det brevet frå Johannes, seier den første. Han hadde slik omsorg for sjelene. – Eg følte det ramma det som Johannes skreiv til oss i kveld, bryt den andre inn. – Ja, eg trur Gud brukte Johannes til å tale til oss i kveld, braut den tredje tankefullt inn: Namn av å leva – men død! Det er ein forferdeleg dom, arme oss om det er sant!

Alle kjende Johannes eller visste kven han var. Det var han som aldri kunne teie, og så vart han forvist til ei øy av styresmaktene for sin "opprørske ferd". Mange meinte han ikkje hadde evne til å kommunisere, og så var han så dømande i si forkynning vart det sagt.

Brevet som var skrive til forsamlinga var skrive med namns nemning. Til kyrkjelyden i Sardes stod det, og orda i innleiinga hadde vore som ein kvass kniv i eit betent sår: "Eg veit om gjerningane dine, at du har namn av å leve, men du er død." Namn av å leve, men død. I stillheita gav orda gjenklang i vegger og tak.

Kap 2. Parallellar til vår tid
Brevet til kyrkjelyden i Sardes finn me i Johannes Openberring 3:1-6. Det vart skrive av apostelen Johannes for omkring 1900 år sidan – og er like aktuelt i dag! Dess nærare me kjem Jesu atterkome vil den åndelege søvn auka, og mange skal falle frå.

Guds ord vitnar om at der Ordet blir forkynt i ånd og sanning, der vil det alltid verke enten til frelse eller forherding. Den som er av sanninga vil ikkje få det lettare enn sin Herre og Meister og vil bli skulda for å vere både dømmesjuk, sneversynt og smalspora.

Det er lett å tenkje at det berre er dom og skuldingar i brevet som Gud sender kristenflokken i Sardes, men han seier det fordi han elskar dei. Gud veit kva som er problemet, og han vil ikkje at dei skal forbli i denne fryktelege stillinga. Brevet peikar på den kjensgjerning at mange vedkjenner Jesu namn utan å vere fødde på ny. Ut frå Jesu likning om brurmøyane (Matt 25), så skal den siste tid – som me no lever i – nettopp arte seg slik. Det skal vere ei søvnens tid – det står at då "slumra dei alle inn og sov".

Korleis hadde du opplevd det om du og di forsamling fekk eit brev som dette – der heile din kristendom viser seg å ikkje halde mål, sjølv om du er aktiv i Guds rikes arbeid? Du har namn av å leve, men likevel er du død og på veg mot avgrunnen?

Mange bekjennande kristne vil reise seg i protest mot å få høyre ein slik dom. Men saka er at her møter du han som ser alt, veit alt, og kjenner deg betre enn du gjer sjølv! Så kan du protestere til din døyande dag – men på dommedag vil dei møte dei same orda att: – Du hadde namn av å leve, men du var død! Har du namn av å leve? Lever du?

Å leva i Ordet
Å leva i Ordet
Guds ord talar om nokre som levde i Herrens fortrulege råd, og som Herren openberra sitt Ord for. Johannes var ein slik. Han var forvist til øya Patmos "for Guds ord og Jesu vitnemål skuld". (Op 1:9). Hans tale hadde vekt sterke reaksjonar, men ved å landsforvise han hadde dei fått hans røyst til å tagne.

Vektaren har aldri hatt noko lett oppgåve mellom eit folk i fråfall. Men kvifor ropar vektaren? Kvifor vil han vekkje? Det er fordi han sjølv er vekt opp og har sett faren som den sovande ikkje ser. Han har møtt den heilage Gud, og røynt noko av det å havne under Guds vreide og dom. Så vil han berge sine medmenneske for himmelen, og rope ut at dei må vende om før det er for seint.

Utan oppvakning – evig død
"Vakna opp ... Dersom du ikkje vaker, skal eg kome som ein tjuv" fekk dei høyre i Sardes. Uten oppvakning var det den visse evige død for dei. Slik er det for deg også om du er med i Guds rikes arbeid, men ikkje er fødd på ny – då må du vekkjast om ikkje du skal slå dine augo opp i fortapinga. Om natta vil den som søv helst ikkje vekkjast – stakkars den som vekkjer! Men den sjel som blir vekt opp, er evig takksam til han som vekte!

Korleis reagerer du når du blir treft av Guds ord? Er du villig til å gje Guds ord rett sjølv om det skulle få store konsekvensar i ditt liv og i di forsamling? Om du gjennom Ordet vart avslørt som ein sovande og navnekristen – korleis ville du då reagert? Ville du bøye deg for det eller gå i sjølvforsvar? Mange tykte ei slik erkjenning kosta for mykje, og gjekk inn i æva uten oppgjer med Gud. Det er forferdeleg å tenkje på!

Når Guds ord talar så kvast, er det for å redde deg – ser du ikkje det? Gud vil ikkje at du skal fortapast, og difor kallar han til omvending.

Du kan gjerne avvise Ordet, når det dømer – og dei aller fleste gjer det. Men det er den største ulukke for tid og æve for deg. For den som ikkje vil la seg avsløre av Ordet i levande live, han vil på domedag få høyre:"Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden, som er etla åt djevelen og englane hans." (Matt 25:41). Då er det evig for seint, og då hjelper ikkje motargument og forsvarstaler.

Men lukkeleg er du om du gjev Guds ord rett medan det er nådetid, og let deg vekkje og omvende frå verdsleggjering og åndeleg søvn. For den som lar seg vekkje, overbevise og gjev Guds ord rett, tonar det ein herleg bodskap ut frå det himmelske brev til dei i Sardes: "Eg skal så visst ikkje stryka namnet hans or livsens bok, og eg vil kjennast ved namnet hans for Far min og for englande hans." (Åp 3:5).

Du som får oppleve å gå inn gjennom dei himmelske portar skal få sjå eit syn som du aldri fekk sjå på denne jord. Du møter ein stor skare, som ingen kan telje – som prisar Han som vekte dei opp. Der skal du få møte det Guds Lam som bar alle dine synder - i tankar, ord og gjerningar, og der skal du få møte Gud sjølv: Den evige, allmektige, allvitande, kjærlege! Då er du frelst for evig!


Snart er vi hjemme og står for tronen,
Hva gjør det da om solen har oss brent?
Når hytten faller, så får jeg kronen,
Og all vår trengsel er for alltid endt.

(sb. Nr. 131)

L&E 36. årgang, nummer 7