Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Ureine lepper - reinsing frå synd

Ureine lepper – reinsing frå synd
Av Lorents Nord-Varhaug

I det året kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg, opphøgd trone, og slepet på kappa hans fylte templet. Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte han andletet, med to dekte han føtene, og med to flaug han. Og den eine ropa til den andre og sa: Heilag, heilag, heilag er Herren, Allhærs Gud! All jorda er full av hans herlegdom. Festa til dørstolpane riste av røysta til dei som ropa, og huset vart fylt med røyk. Då sa eg: Ve meg! Det er ute med meg, for eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur midt i eit folk med ureine lepper. Og augo mine har sett kongen, Herren, Allhærs Gud. Då flaug ein av serafane bort til meg. Han hadde ein gloande stein i handa. Med ei tong hadde han teke han frå altaret. Og han rørde ved munnen min med han og sa: Sjå, denne har rørt ved leppene dine. Misgjerninga di er teken bort, og synda di er sona. Då høyrde eg Herrens røyst: Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss? Då sa eg: Sjå, her er eg, send meg! Jes 6:1-8

No skal me stilla oss inn under den bodskapen som Jesaja fekk. Jesaja såg nemleg at han budde iblant eit folk med ureine lepper, og han sjølv var ein av dei. Han stilte seg sjølv inn under den same dom i møte med den heilage Gud. No skal me sjå lite grann om der er slike ureine lepper iblant oss? Det er dette denne teksten talar om: "Eg er ein mann med ureine lepper!"

Me skal gå til salme 12. Der står det slik: "Frels, Herre! For dei trugne er borte. Dei trufaste er komne bort mellom menneskeborna. Dei talar lygn, kvar med sin neste. Med falske lepper, med tvihuga hjarta talar dei. Gjev Herren må rydja ut alle falske lepper og den tunga som talar store ord, dei som seier: Med tunga vår skal vi få makt over dei! Leppene er våre eigne! Kven er herre over oss? Av di dei elendige vert kua og dei fattige sukkar, difor vil eg no reisa meg, seier Herren. Eg vil gje frelse til dei som stundar etter henne. Herrens ord er reine ord, liksom sølv som er lutra i ein smeltedigel i jorda – sju gonger reinsa." Sal 12:2-7.

Som menneske er me slik innstilt at me alltid har ein trong til å opphøya oss sjølve over andre menneske. Enten du kallar deg ein kristen eller ikkje, – du ynskjer å vera noko meir enn andre.

Det 8. bodet lyder slik: "Du skal ikkje vitna falskt om nesten din!" I si forklaring til bodet seier Luther: "Me skal ottast og elska Gud, så me ikkje er falske og lyg om nesten vår, svik han, baktalar han eller set ut falske rykte om han; men orsakar han, talar vel om han og tek alt i beste meining."

Jesaja såg at han var ein mann med ureine lepper, og at han budde mellom eit folk med ureine lepper. Når gudsfrykta forsvinn frå ei forsamling, ei bygd, ein by, eit folk eller eit land, då stig denne trongen opp – med styrke og tyngde – til å hevda seg sjølv. Du har, kan henda, ein nabo som du er ueinig med. Kva gjer du? Jau, du snakkar med dine vener om kor vanskeleg han er, kor umuleg han er og kor lite medgjerleg han er. Men kva er det for noko? Det er du som vert stor. Det er dei ureine leppene som er ute.

Du har, kan henda, ein arbeidskamerat som du ikkje kjem over eins med. Så tek du deg gjerne nokre ekstra pausar på arbeidsplassen, og så talar du ufordelaktig om det mennesket, – for at du skal bli stor og han bli liten. Noko er sant og noko legg du til, for at han skal koma i eit dårleg lys og du i eit betre.

Eller det kan vera i forsamlingslivet. Der er det nokon som du er einig med, som du står på lag med. Og så får dei hard medfart i ditt venelag, dei som du ikkje deler syn med. Kva er det for noko? Det er leppene dine, dei ureine leppene! David seier det slik i salmen: Det er "falske lepper og den tunga som talar store ord." Kva seier salmisten om desse? Han seier: "Gjev Herren må rydja ut alle falske lepper og den tunga som talar store ord."

Når du talar med venene dine om dei andre, dei som du er ueinige med, – då gjeld det om å vera klår i tanken og rask i replikken for at du skal få overtaket på nesten sin kostnad. Du spør ikkje Herren om det er rett, men hugen din brenn etter at eg skal få overtaket. Eg skal knusa min nabo med mi tunga, eg skal knusa min fiende med mi tunga. Ved at du brukar tunga di slik, frårøvar du eit menneske det kjæraste han har, nemleg æra. Du kan ta ifrå han pengar og alt jordisk gods og gull, men tek du ifrå eit menneske æra, gjer det ærelaust, då krenkjer du din neste. Det er ingen ting som er verre for eit menneske enn å verta ærelaus.

Det kan gjerne vera sant alt det du veit om din neste, men likevel fell det skyld på deg dersom du går ut med det du veit. Du har ikkje rett til det, sjølv om det er sant! Dette kallar Bibelen baktaling, og det er synd! Å kor mange det er som lid fordi det var nokon som tok til å tala om dei med ei falsk tunge. Så sit menneske i fortviling med eit vondt rykte over seg.

I Salme 59:8 står der slik: "Sjå, ein flaum av ord flyt ut av munnen deira, på leppene deira er det sverd."

Du skal halda di tunge og din tale i tømme. Vonde ord, vond tale frå hjartedjupet, det er som sverd, det går inn og øydelegg. Og så det er slik med meg og deg at me er meir tilhuga til å tru det når nokon talar vondt om eit anna menneske, enn når nokon talar godt om det. Og det du høyrer, sit som naglar i sinnet.

Sjå berre i enkelte rettssaker i Noreg, spesielt når det gjeld overgrep. Nokon som har vore oppe til doms har vorte frikjende i saka. Skuldinga heldt ikkje mål, dei var ikkje skuldige. Men i bygder og byar har det gått frå munn til munn, om han og henne som er sånn og sånn. Når då rettssaka er slutt og dei er frikjende, må dei gjerne flykta frå staden, fordi dei fleste tenkjer: "Der er nok noko med han like vel, – han kan nok ha gjort dette like vel, – han er nok ikkje heilt uskuldig."

Saka er at me vil ikkje frikjenne. Det er så vanskeleg for oss å gå tilbake igjen og sei at eg tok feil. Ja, tunga er i sanning ustyrleg. Ho vil styrast i så mange retningar, ho vil øydeleggja så mykje, så mange plasser. Og så øydeleggjast både samfunnsliv og forsamlingsliv, fordi tunga var i funksjon, – dei ureine leppene.

I Ordspråka 10,8-10 står det slik: "Den som har visdom i hjarta, tek imot boda, men den som har dårelepper, går til grunne. Den som ferdast ulastande, ferdast trygt. Den som går krokvegar, vert oppdaga. Den som blunkar med auga, valdar vondt. Og den som har dårelepper, skal gå til grunne."

Det er svære ord!

Jesaja stod overfor Den heilage Gud, han såg inn i heilagdomen, og så vart han klar over: "Eg er ein mann med ureine lepper." Han såg noko av folkets nød og smerte: – Dei talar lygn, dei framhevar seg sjølv. – Dei vil sjølv stå i sentrum, dei går ikkje rett fram.

– Og så står eg som ein profet oppe i dette kaoset. – Eg er sjølv ein av dei. – Eg er sjølv smitta av denne gift. – Det er ikkje rett å tala og vera slik eg er. – Kva har eg å opphøya meg av? – Nei, eg er sjølv ein israelitt, avla med menneskebarnet si synd.

Jesaja såg først og fremst at han sjølv var ein mann med ureine lepper, og at folket var ille medfarne. Han som hadde stått og innbydd dei til å koma til Herren, – denne store profet sig no i kne: "Eg er fortapt! Det er ute med meg. Mi tid er ute. Eg har sett Gud, og då kan eg ikkje leva." No var det ikkje eit ve-rop over dei andre, over folket, men han ropte: "Ve meg! Det er ute med meg!"

Jesaja var inne i den ytterste naud: "Det er eg som har synda!" Då gløymast sigeren over alle opprørarane, då gløymast all motstand, all medgang. No står han for Gud som eit syndig menneske som har krenkt Gud i tankar, ord og gjerningar, og kjenner den vonde lyst i sitt indre.

– Kva har eg å rosa meg av? – Kan eg i det heile tala til folket? – Eg må skamma meg og bøya meg i støvet. – Der er ikkje håp.

Slik står Jesaja. Der er ikkje håp. No sit du kanskje slik? Du veit du har ureine lepper. Det er som eit sverd i ditt samvit. Det er som det stikk i hjarta ditt: "Eg har ureine lepper!" Din målestokk har ei tid vore menneske sin målestokk, og då kjem du godt ut. Men innfor den levande Gud har du ureine lepper! Og kva gjer du med dette?

Framfor den heilage Gud står det eit altar. Altaret var der soninga vart utført. Eit dyr vart slakta og ofra på altaret. I Jesaja sitt møte med himmelens Gud, får me sjå inn i Gud si handling med den einskilde. Han gjer straks befaling til serafen: "Fly til altaret!" Og så stig serafen – som på grunn av Guds heilagdom ikkje måtte koma nær altaret – ned og tek ein gloande stein frå altaret med ei tong.

Og så skal me vera i dette biletet: Guds alter på jord er soninga Kristus Jesus. Og så går Jesus ned der til denne profet. Så rører han ved leppene til Jesaja, og så seier han: "Di synd er sona, din misgjerning er tatt bort."

I Heb. 10:11-12 står det: "Og kvar prest står dagleg og gjer teneste og ber fram dei same offera mange gonger, dei som aldri kan ta bort synder. Men Jesus har bore fram eitt einaste offer for synder, og har deretter sett seg ved Guds høgre hand for alltid." Eitt einaste, evig gyldig offer, for meg og deg står framfor oss i Kristus! "For med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Det vitnar òg Den Heilage Ande for oss. For etter at han har sagt: Dette er den pakta eg vil gjera med dei etter desse dagar – så seier Herren: Eg vil gje lovene mine i hjarto deira og skriva dei i hugen deira, og syndene deira og misgjerningane deira vil eg ikkje meir koma i hug. Men der det er forlating for syndene, trengst ikkje lenger noko offer for synd." Heb 10:14-18.

Nå er Jesu offer gitt oss ved altaret, for all vår synd og ureinskap. Jesaja måtte koma i kontakt med offeret før han kunne byrja å tala igjen. Nå er det reist eit slikt alter, nemleg Jesu kors. "Han gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har, gjev han stor styrke," seier Jesaja (40,29). Krafta ligg i soninga på altaret, i dette: "Misgjerninga di er teken bort, og synda di er sona!" Og Guds ord seier det slik i 1Joh 1:9: "Dersom vi sannar syndene våre," altså seier det same som Gud om vår synd, så "er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd."

Når så Jesaja har fått dette møtet med Gud, og har fått stadfesta sitt kall på nytt igjen, så spør Gud: "Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss"? Ikkje lenge før stod han der og sa: "Ve meg! Det er ute med meg", og så er han villigskapen sjølv: "Her er eg, send meg!"

Kvar du vil, og korleis du vil bruka meg, så er eg villig til å gå, Herre! Den villige ånd kjem i det heilage møtet med Herren: "Eg er villig til å gå. Tal du Herre!" Og så er det nokon som reiser ut som misjonærar og nokon som forkynner Ordet her heime. Ein får eit bodskap til ein nabo, ein annan skal gå til ein arbeidskamerat. Og så går dei, – fordi dei har hatt eit møte med Gud.

For Jesaja var dette eit svært oppdrag fordi han fekk ein domsbodskap å gå med. Og denne domsbodskapen verka ein forherdings-prosess i folket, fordi dei ikkje vende seg til Herren. Men Jesaja var villig til å gå, og Gud sende han.

Må Gud gi oss nåde til å gå inn i oppgjer for hans heilage åsyn med våre ureine lepper!

Utdrag frå tale på Norheimsund
bedehus 11. mars 2000.

L&E 36. årgang, nummer 8