Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Er du ei levande grein?

Er du ei levande grein?
Av Dag Rune Lid

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort. Og kvar grein som ber frukt, reinsar han, så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.

Ver i meg, så er eg i dykk. Liksom greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho vert verande i vintreet, såleis kan heller ikkje de bera frukt utan at de vert verande i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Den som vert verande i meg, og eg i han, han ber mykje frukt. For utan meg kan de ingenting gjera. Om nokon ikkje vert verande i meg, då vert han kasta ut som ei grein og visnar, og dei samlar dei saman og kastar dei på elden, og dei brenn.

Joh 15:1-6

Her møter vi Jesus i fortruleg samtale om forholdet mellom han sjølv og læresveinane hans. Det gjeld det nære, fortrulege åndssamfunnet med Herren Jesus.

 

Vintreet og greinene

Jesus tar utgangspunkt i vintreet og greinene. "Eg er vintreet, de er greinene," seier Jesus.

I forholdet mellom treet og greinene må sevja som går i dei fine sevjegangane ha fritt løp om det skal vere til liv for greina. Av og til oppstår det ein skade og då vert mange av disse fine gangane øydelagde.

Kanskje du har opplevd stormkast som i kristenlivet ditt? Og kanskje desse stormkasta skada greina? Kanskje børa vart for tung gjennom vinteren? Kanskje nokon bevisst prøvde å knekka greinene? Kanskje kom det soppangrep eller små insekt? Kanskje det var dårlege klimaforhold?

Jesu vil ha eit inderleg samfunn med sine, der sevja får strøyma fritt, der hans livgjevande Ande og Ord får strøyme slik at greina kan bera frukt.

Når gartnaren steller med trea nyttar han kniv til å skjære vekk det tørre, samstundes som han stør og steller dei greinene som er svake. Slik er det også i den åndelege verda – Herren må både tukta og trøysta. Under ligg dette alvoret: "Kvar grein som ikkje ber frukt, tek han bort."

Me lever i ei rastlaus og oppjaga tid. Mange greiner får skade i denne tida. Ja, Guds ord talar i Matt 25 om at alle greinene skal bli skada i den siste tid – alle skal sovna står det. Guds ord vitnar at djevelen ikkje unner ei einaste sjel himmelen, og difor opplever ein kristen kamp mot vondskapens andehær – representert ved djevelen verden og vårt eige kjøt. Det er både ytre og indre fiendar.

 

Nådetida ute før levetida

Ein kristen har ein medfødd natur – kjøtet – som er på parti med djevelen. Den dag eit menneske blir fødd på ny, tek Den Heilage Ande bustad i dette menneske. Anden er heilag og rein. Derfor oppstår det ein livslang kamp på liv og død i ein kristens indre mellom ånd og kjøt (Gal. 5).

Guds ord formanar: "Sløkk ikkje ut Anden." (1 Tess 5:19) Korleis kan det skje? Når ein kristen fell i synd, byrjar Sanningsanden å overtyde sjela om sanninga. Ein kristen kan ikkje leve i synda eller forsvare henne. Då sløkkjer ein Anden, og det fører til åndeleg død. Når eit menneske står lenge nok imot Andens tale, kan det bli så forherda at det til slutt ikkje lenger er mottageleg for Guds ord. Då er nådetida over før levetida. Det er ein forferdeleg tilstand.

 

Baktaling

Korleis talar Sanningsanden? Skrifta seier at Andens sverd er Guds ord. Han brukar Guds levande ord til å tale til ditt og mitt hjarta. Ta til dømes det 8. bodet: "Du skal ikkje seie falsk vitnesbyrd mot din neste." I Luther si forklaring til dette bodet skriv han: "Me skal frykta og elska Gud, så me ikkje lyg på nesten vår, ikkje forråder, baktalar eller set ut vondt rykte om han, men unnskylder ham, talar vel om han og tar alt i beste meining."

Gjer du dette? Kanskje det er ein person du ikkje kan kome overeins med. Unnskyldar du, talar du vel om og tar alt opp i beste meining? Eller prøver du å seie ting som kastar eit dårleg lys over vedkommande? Då syndar du, seier Guds ord. Det var så mange greiner som fekk brest her.

Bibelen legg ikkje skjul på kva baktaling utrettar: "Ord frå ein baktalar er som lekre retter, og dei trengjer ned i det inste av mennesket." (Ord 18:8) Baktaling er ein lekker rett som smakar godt for kjøtet! "Ei spak tunge er eit livsens tre, men ei falsk tunge sårar hjarta." (Ord 15:4) Bibelen seier at di og mi tunge kan vere som drepane gift. (Jak 3:8)

Når tunga har spreidd si gift, og Anden byrjar å peike på synda, er dei fleste snare til å bagatellisere. Men for Gud er inga synd bagatellmessig. Guds ord har mange døme på dette. Ein gong tala Mirjam og Aron ille om Moses fordi han hadde teke ei etiopisk kvinne til kone. Var det så nøye om dei baktalte Moses? Var det ikkje uskyldig det dei tala om? Nei, Gud såg ikkje slik på det. Derimot står det at "Herrens vreide loga opp mot dei." Mirjam blei spedalsk, kvit som snø. (4M 12:9-10)

Skal det pulserande samfunnet mellom stamma og greina haldast ved like, kan det ikkje kome inn ei einaste synd mellom deg og Jesus. Du kan ikkje unnskylde ei einaste synd, så alvorleg talar Guds ord. Å falle i synd, det er for ein kristen som å falle i elden, eller vatnet. Han kan ikkje leve der, då døyr han!

 

Kva er synd i dag?

I dag er mest ingenting synd lenger, heller ikkje mellom Guds folk. Her ligg ei årsak til at vingardsmannen må skjære av greinar og kasta dei i den evige elden. Den Heilage Ande syrgjer over dette. Korleis er det i ditt liv? Syrgjer Anden over deg? Får han døme synd som synd?

Når Anden talar til ditt samvit og seier: "– Det var ikkje rett det du gjorde! – Det var ikkje rett det du no sa! No såra du han eller henne! – Du kan ikkje lesa dette! – Du kan ikkje gje dei tankane rom!" Kva seier du då? Bagatelliserar du synda? Prøvar du berre å overhøyre Andens tale og tukt? Då gjer du Den Heilage Ande sorg. Det åtvarar Guds ord mot: "Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de har fått som segl til utløysingsdagen." (Ef 4:30) Fører det ikkje til oppgjer i livet ditt, sløkkjer du Andens tale.

Kong Saul var eit utvalt reiskap av Gud, til å vere konge over Guds eige folk, Israel. Men kva skjedde? Han blei forkasta og til slutt forherda. Kvifor? Profeten sa: "Fordi du vraka Herrens ord, har Herren vraka deg…" (1. Sam. 15) Vrakar du Herrens ord når Anden talar? Det er den største ulukke som kan ramme eit menneske her i livet.

 

Andens frukt

Andens frukt er ikkje noko du sjølv frambringar. I Gal 5:22 står det: "Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, sjølvtøyming." Merk – det er Andens frukt! Det er altså noko som Gud ved Den Heilage Ande og Ordet verkar i deg og meg gjennom livssamfunnet og hjarteforholdet med Jesus. "Den som vert verande i meg, og eg i han, han ber mykje frukt." Men får ikkje Anden sleppe til, og gartnaren reinse og skjære vekk – då blir det ikkje Andens frukt, men menneskefrukt! Slik frukt kan nok sjå stor og gjev ut, men ho er ikkje av Gud!

Du og eg veit saktens korleis me skal oppføre oss for å verte rekna for kristne. Me kan dei rette talemåtar og er konservative i bibelsyn og arbeidsmåtar. Men det hjelper deg ikkje i møte med den heilage Gud. Har du berre namn av å leve, uten eit pulserande hjarteliv – då er du åndeleg død! Eg veit ikkje korleis du har det, men for min del må eg be: Kjære Jesus. La meg ikkje bli som dei i Sardes! Dei hadde namn av å leve men var døde.

 

Kamp om sjelene

Me lever i ei i ei tid der djevelen har mange innfallsportar til sjelslivet. Tenk berre på alt som møter deg gjennom aviser, blad, fjernsyn, Internett, arbeidsplass osv. Tidsånda er hardare og giftigare for sjelslivet enn nokon gong før i historia, og mange greiner tørkar inn og tar skade.

Fjernsynet er blitt eit av Satan sine viktigaste reiskap i denne siste tid. Her blir synda forherlega. Du kan nesten ikkje slå det på, før synd og umoral møter deg. Når du sit framfor fjernsynet og ser på synda, så blir band bundne i ditt indre – inntrykk som går inn i ditt udødlege sjelsliv. Det er mykje du aldri burde sett! "Vår onde art opptennes snart Igjennom syn og øre," synger Brorson. Slik arbeider den vonde for å øydeleggje greina og stengje for sevja.

 

David såg

Det var nettopp dette som skjedde med kong David. Han såg på ei vakker kvinne. Han gav blikket rom og hans "vonde art" og natur blei opptent. Så blei han både lygnar og mordar!

I Salme 32 seier David: "Mi livssaft kvarv som i sommartørken." Skaden var så stor at livssafta – sevja – ikkje nådde fram lenger, greina tørka ut. Men Gud gav han ikkje opp. Den Heilage Ande tala til samvitet. "Dag og natt låg di hand tungt på meg," seier David. Slik er den himmelske redningsaksjon – om det var mogleg å berge denne sjel frå døden!

Dei som då ikkje vil bøye seg, byrjar ofte å rase mot Gud. Guds ord seier at lova verkar vreide. (Rom 4:15) Men kva seier Bibelen? "Son min! forakta ikkje Herrens tukt, og miss ikkje motet når du vert refsa." (Hebr 12:5)

Synda er som ein kreftsvulst. Får ikkje den himmelske gartnar stikke hol på svulsten, døyr du åndeleg. Mange er glad når Andens tale til samvitet tagnar, når uroa i samvitet forsvinn. Men når himmelen blir taus, er det ute med deg! Då seier Guds ord at du er fortapt – utan von!

Kva var skaden hjå David? Det var berre eit blikk – så var det så vidt greine brotna av. Bibelen seier det slik: "Når så lysta har vorte svanger, føder ho synd. Men når synda er fullmogen, føder ho død." (Jak 1:15) Det var dødens vei David var kome inn på.

Kva skjer så med David? Jau, Gud sender profeten til han. Gjennom profeten Natan set Den Heilage Ande kniven i syndesvulsten: Du er mannen! Du skal døy!

Har du opplevd å møte Gud slik som David. " – Du er mannen! – Du er kvinna! – Det er du som har baktalt! – Det er du som har misbrukt Guds namn! – Det er du som lever i sjølvbedrag! – Det er du som ikkje har det rett med Gud! – Det er du som er hissig! Det er du som er fortapt! – Du, du, du – det er du som er den skuldige!" Slik talar Sanningsanden for at syndaren skal erkjenna sanninga.

Korleis reagerer du då? Gir du Gud rett, slik David gjorde?

Det var møteveke ein stad. Gud arbeidde på hjarto. Eg traff ei ung jente som eg visste hadde vore innom møta og eg spurde: "– Korleis går det?" Det var som å stikka hol på ein demning: " – Eg trudde Gud var ein kjærleg Gud," sa ho. "Men eg kan ikkje noko med at Gud er ein fortærande eld mot all synd."

Kva hadde skjedd? Guds ord hadde ramma, og då blei sjølv hennar beste og frommaste gjerningar synd. Det gjekk nokre veker, så reiste ho seg ein kveld på eit vitnemøte og sa: "Navnet Jesus må jeg elske, Det har satt min sjel i brann. Ved det navnet fant jeg frelse, Inten annet frelse kan." Gartnaren hadde vore der.

 

Å møte ei stengd himmeldør

Gud har ikkje forandra seg. Gud er framleis ein fortærande eld mot all synd. Ingen som har synd kan koma inn i hans himmel. Du kan vri deg unna, sløkkje Anden sin overbevisande tale i hjarta, og leve i sjølvbedrag. Men ein dag vil du møte ei lukka himmeldør. Kva då? Då er det for evig for seint!

Det var i ei bygd på nordvestland, ein av leirane mellom kristenfolket låg for døden. Dei var samla kring senga hans, der han låg i ein døs. Plutseleg reiser han seg, og ropar: " – Døra er stengt, døra er stengt!" Så lukka han sine augo og var inn i æva.

Det hjelper deg ikkje om du går på bedehuset, om du er med i Lekmannsmisjonen eller kva misjon det no skulle vere. Gud kan ikkje sameinast med synd. Menneske kan du lure, men ikkje Gud! Han ser og veit alt!

Gud ser korleis du har det, og han har mykje meir omsorg for di sjel enn det du har sjølv. Han ville so gjerne at du skulle bergast for himmelen!

 

Er du villig til å høyre

"Kom lat oss gå i rett med kvarandre," seier Herren. "Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verte kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei verte kvite som ull. Er de villige å høyre, skal de eta av det gode i landet." (Jes 1:18)

Et du villig til å høyre? Også når du kjenner dommen over alt i ditt liv og i ditt kristenliv? Sjølv om alt mislukkast? Høyr då kva den himmelske gartnar seier: "Høyr så skal dykkar sjel leva!" (Jes 53:3) Her er sevja! Her er livet! Her får Lammets blod strøyme fritt over i livet ditt!

Du treng ikkje å gå fortapt – det er ein herleg bodskap til fortapte syndarar! Kva kan Jesus gjere med deg? Han kan tilgje, og reinse deg frå all urettferd! (1Joh 1:9) Tenk det!

Og du kan få synge:

"
Ren og rettferdig, himmelen verdig Er jeg i verdens Frelser alt nu. Ordet forkynner at mine synder Kommer han aldri mere i hu. Å jeg er frelst og salig fordi Sønnen har gjort meg virkelig fri! Fri i fra nøden, Dommen og døden, Amen, halleluja!

Å hvilken nåde Midt i all våde: Kristus har kjøpt oss just som vi er! Han måtte lide, Kjempe og stride, Han måtte stå mot helvedes hær. Nu er vi frie – hør og gi akt: Synden på verdens frelser er lagt! Gud nu forkynner Nåde for synder, Amen, Halleluja."

Det var nettopp dette læresveinane hadde fått erfare. Jesus seier til dei i vers 4: "De er alt reine." Korleis kan Jesus seie noko slik? Jau, "på grunn av det ordet eg har tala til dykk." Ordet hadde vorte talt til hjarto deira, og så hadde dei motteke det til frelse.

Det er på same måte Gud frelser i dag! Høyer du Ordet og bøyer deg for det i ditt hjarta, då blir også du ei levande grein som gjev si frukt i si tid, og som blada aldri visnar på, og alt det du gjer skal du ha lukke med. (Sal 1:3)

L&E 36. årgang, nummer 9