Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Er du fødd på ny?

Er du fødd på ny?
Av Dag Rune Lid

For ein del år sidan var eg på ein studietur til Paris. I møte med millionbyen dukka det opp ei bøn i mitt indre: "Kjære far, hadde vært mogleg å få treffe ein kristen i denne by?" Guds ord seier at me kan få be om alle ting, om Gud ikkje alltid svarer slik me tenkjer det.

Det blei travle dager, men ein ettermiddag tok eg meg ein tur for sjå på byen. Notre Dame- katedralen gjorde eit mektig kunstnerisk inntrykk, og deretter gjekk turen til Sacre Ceur. Her var mange kunstnarar samla på fortaua, og det gjekk på maling og portrett-teikning.

Medan eg gjekk bortover gata kom ein kunstnar og klipte ut ansiktsprofilen min, og det var ikkje tvil om at den likna. Litt lenger borte på fortauet sat nokre som med enkle blyantstrekar fekk fram dei finaste ansiktsuttrykk. Eg bestemde meg for å bli teikna av ei som såg ut til å ha ein god strek.

Ho hadde ikkje teikna lenge, før ho plutseleg spør: "– Er du fødd på ny?" Eit noko uvanleg spørsmål, men det blei innfallsporten til ei fin åndeleg samtale. Kvinna kunne fortelje at ho hadde vorte frelst for ikkje så lenge sidan. Ho hadde vore djevelen si tenestekvinne, besett av han, og hadde levd eit svært hardt og syndefullt liv. Men så hadde det forunderlege skjedd: Nokon hadde vitna for henne om Jesus – han som elskar syndarar til frelse. Jesu kjærleik blei for sterk, og alt var endra i livet hennar.

Ho hadde levd i eit ubeskriveleg mørke, men no kunne ho vitne som songaren: "Da Jesus satte sjelen fri, brøt lyset frem på livets sti." Ho hadde komme til Jesus om "natta" som Nikodemus (Joh 3), og fått erfare at Jesu blod kunne reinse sjølv hennar syndefulle liv. Ho var blitt frelst og fødd på ny.

Spørsmålet som ho stilte er like aktuelt i dag: Er du født på ny? Eit spørsmål du kanskje ikkje ynskjer å svare på, – men har du tenkt deg til himmelen så kjem du ikkje utanom dette spørsmålet fordi Guds ord seier at "ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt." (Joh 3:3)

Denne kvinna hadde møtt den same Jesus som Nikodemus, og Ordet frå Jesu hadde funne rom i hjarta hennar. Livet vart heilt nytt, og no var ho ein brennande sjelevinnar. Etterpå fekk eg helse på fleire kunstnarar på fortauet rundt henne, – kvinner og menn som var vunne ved hennar vitnesbyrd. Stillferdig vitna dei no om Jesus - sin Herre og frelsar midt i ein travel verdsby.

Det var i grunnen underleg å få møte nokre av Jesu vener også der. På heimvegen den ettermiddagen vart det nokre takkens tonar til han som kan svare på bøn, og som kan frelse fortapte syndarar også i dag.

L&E 36. årgang, nummer 10