Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Høyr, les og syng Guds ord!

Høyr, les og syng Guds ord!
Av Dag Rune Lid

«Medan Peter endå tala desse orda, fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet»

(Apg 10:44)A

Kva skjer når Peter forkynner Ordet? Jau, då fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet. Eg tykte det var godt å stanse for dette verset igjen, for det så mange som i dag har mist trua på Guds allmektige ord. Å samlast om Ordet, vert rekna for inkjevetta. Men under Guds ord si forkynning får sjelslivet mat!

Rosenius seier noko fint i denne sammenheng: «Vil du ha Ånden, hans gjerning og gaver i ditt hjerte, så gå til Ordet, Åndens ord. Les det, hør det, skriv det, ta og syng det – med bønn om Den Hellige Ånd og hans gjerning, og du skal oppleve at han uteblir ikke.» Og han fortset: «Ordet, Ordet, bruk Ordet! Det er hele hemmeligheten ved det åndelige livs fødsel, næring og vekst.»

Tenk det, – her ligg løyndomen til den åndelege fødsel, det vil seie at eit menneske gjennom Ordet får bruk for evangeliet. Og det er einast Ordet som gjev den gjenfødde næring, – ja det er Ordet som er mat for mi sjel. Brukar eg ikkje Ordet så kan djevelen snart før meg korhen han vil. Me talar om å veksa i nåde og kjennskap. Det er Ordet som skapar slik vekst. «For utan meg kan de ingenting gjera,» seier Jesus i Joh 15:5. Jesus er eitt med sitt Ord. Utan Ordet kan me ingenting gjera som kristne!

I dag så blir dette så lite påakta! Ein dreg inn alt mogleg anna i staden for Ordet. Då har ein ikkje forstått løyndomen, – at Den Heilage Ande einast kjem til ditt og mitt hjerte gjennom Ordet. Til nokon brukar Anden Ordet til tukt og ransaking. Til andre talar han om trøyst, og peikar på forløysinga i Kristus.

Men kvifor vert ikkje alle frelst som brukar Ordet? – for Bibelen talar vitterleg om at det er mange som las Ordet, ja kunne det utanboks og gjorde store under i Guds namn, men som likevel vart utestengde. (Matt 7:20 ff.)

Rosenius skriv om dette og seier:

«Vi må omgås Ordet med det sinn som burde følge det: Den ydmykhet, frykt, lydighet og tro som sømmer seg for den hellige Guds ansikt, når han taler til oss.»

Det var ein som sa det slik: «Ein Kristen må mista sjølvråderetten, det Ordet talar til mitt hjerte det må eg bøye meg for i eitt og alt!» 

Bibelen seier: « Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.» Jak 4:6. Dei som audmjukt lyttar til Ordet – som eig det audmjuke sinnelag – der får Anden leggje Ordet inn i hjarta.

«Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal dykkar sjel leva.» (Jes 55:3)  
Det er eit mektig løfte knytt til det å høyre! HøyrOrdet – lytt til Ordet! Då skal di sjel leva!

L&E 37. årgang, nummer 3