Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

-- Land! Land! Land! Høyr Herrens ord!

–  Land! Land! Land! Høyr Herrens ord!
Av Dag Rune Lid

Profeten Jeremia ropar slik til sine landsmenn og sitt fedreland. (Jer 22:29) Jeremia tala til eit folk som hadde falle frå Herren. Men dei ville ikkje erkjenne det som fråfall. Dei ville vere Guds folk, men utan omvending og oppgjer med synd.

 

Elska folket sitt

Jeremia var eitt med folket og lei under at dei ikkje ville lytta til Guds ord. Han såg at dei levde i sjølvbedrag og vart forførte av sjelefienden. Likevel ville dei ikkje høyre når han åtvara dei mot avgrunnen som låg framfor.

Kva var så Jeremia sitt oppdrag? «Sjå, i dag set eg deg over folka og rika til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og bryta ned, til å byggja og til å planta.» (Jer 1:10)

Her er det nemnt fire uttrykk som omtalar det nedbrytande verk (lova), og to uttrykk som omtalar det byggjande (evangeliet).

Skulle det vere von om berging måtte folket inn for Guds ansikt og høyre Guds heilage lov. Det hadde vore mykje enklare å forkynne fred, fred og inga fare, slik dei flaske profetane gjorde. Men all sann forkynning byrjar med dom over synda.

Når Gud skal summere opp stoda for folket seier han: «Dette er det folket som ikkje har høyrt på røysta til Herren sin Gud og ikkje teke mot tukt.» (Jer 7:28) Difor rammar dommen. Det ytre historiske fangenskap i Babylon kom heit tydleg som ei straff frå Herren på den åndelege forherdinga.

 

Guds dom rammar også Noreg

 «Guds vreide vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urettferd hjå menneske som held sanninga nede i urettferd.» (Rom 1:18) Er det ikkje nettopp det som skjer også i vårt folk og land? Folket kjenner sanninga og veit kva som skjer, men likevel drep me dei små borna i mors liv og forsvarar ugudelege lovar. Kan Gud spare eit folk som steller seg slik? Det er eit spørsmål som tonar for oss når me les om Jeremia.

Professor Carl Fr. Wisløff seier det slik: «Vi ser verdslighet og falsk gudsdyrkelse, vrang lærdom og mye forførelse, så sukker vi: Akk – om Herren ville sende oss en sann profet, så måtte vel folket høre...  Hva mener du om profeten Jeremia? Det var vel en åndsfylt Herrens mann, som folket ville høre? Men så vidt jeg kan se i min Bibel, var det praktisk talt ingen som hørte på Jeremia i hele hans levetid. Det var kun en sammenhengende nød – fordi han vitnet om Herrens sannhet – men folket ville ikke høre.»

Dei sanne Herrens vitner vil ikkje få det lettare i dag heller. Folk vil framleis støyte seg like mykje på Ordet om korset.

Under kong Josia, som levde samstundes med Jeremia, vart det ei stor vekking i Juda. Det var mykje positivt og fint som skjedde. Ein skulle tru at no vende Herrens brennande vreide seg, men kva skjer?

Det ser ut for at denne vekkinga berre gjekk på det ytre plan. Folke blei revne med i ein kjenslerus, men samvitet kom ikkje inn i vekkinga. Det vart berre ein ytre tilslutning som ikkje førte til frelse og nytt liv. Folket blei religiøse, opptekne av Gud og dei åndelege dimensjonar, men samvitet var urørt – og det blei ikkje behov for nåde og frelse.

 Når Jeremia kjem med si radikale domsforkynning – kva skjer då? Jau, då reiser folket seg i vreide og protest mot Jeremia. På den eine sida stod Jeremia overfor eit folk som var blitt ført inn i eit frykteleg avgudsdyrking gjennom 70 år, og på den andre sida ei vekking som ikkje tok oppgjer med synd og avgudsdyrking. Det var mange positive trekk menneskeleg sett, men når Gud skal skildre situasjonen seier han: «Lettvint lækjer dei skaden i folket mitt, når dei seier: Fred! Fred! Og det er ingen fred.» (Jer. 6.14)

Misjonær Asbjørn Aavik skreiv slik for mange år sidan: «Nettopp her tror jeg vi forkynnere synder i dag – både mot Gud og våre tilhørere: I stedet for å begynne med å skjære opp byllen, åpne dypt innover mot det innerste skaden, tar vi til å forkynne evangeliet for disse eller den som er på vei til å dø. Vi bruker evangeliets balsam på byllen i stedet for  først å åpenbare den med Ordets skarpe, tveeggede sverd som trenger gjennom… dømmer! og vi reiser fra byen og til andre bygder uten at noen er stått opp fra de døde.»

Det er enno meir aktuelt i dag!

 

- Me er frelste

 «.... så kjem de og stig fram for mitt åsyn i dette huset som er kalla med mitt namn, og seier: Me er frelste! – og så vil de framleis gjera alt dette avskyelege! (Jer 7:10)

Folket var ikkje i tvil om at dei var frelste. Dei gjekk i Guds hus og rekna seg som Guds folk. Dei var slike som seier: «Eg er rik, og har overflod og vantar ingen ting,» men som Jesus seier om at «du er arm og ynkeleg og fattig og blind og naken» ( Op 3:17)

 

Som ein ljosengel

Hos ein kristen møter ikkje djevelen opp som ei brølande løve, men som ein ljosengel og set alt inn på å bortforklare synda – i tankar, ord og gjerning. For djevelen veit at får synda rom då må Den Heilage Ande vika, og får ikkje Anden lenger gjere sin gjerning og overbevise om synd (Joh 16:8), då er fråfallet ein realitet.

Folket blei rasande på Jeremia og nokon ville til og med drepe han, enno han kom med bod om berging og frelse. Eg er redd det hadde vorte same reaksjon i dag om Jeremia hadde stått fram i kyrkje og bedehus og ropa ut bodskapen sin.

 

Ein smertefull veg

Jeremia sin veg blei smertefull, ikkje berre på grunn av ytre mishandling. Nei, den indre lidinga var nok den tyngste. Han lei under ei dobbel smerte: Han kjende seg som ein av folket, og det smerta han å måtte uttala så sterke straffedommar over sitt eige folk Israel. Han ser straffedommen som skal koma, men dei tek ikkje imot åtvaringane.

 Me kan spørje om Jeremia si forkynning hadde noko verknad i folket? Det hadde ho, Guds ord har alltid ein verknad  – anten til frelse og liv eller forherding og dom. Mange av dei som vart bortført til Babel fekk oppleve at Jeremia hadde rett. No såg dei at Guds ord i Jeremias munn var sanning.

 

Lov og evangelium

Gjennom forkynninga av lov og dom vert mennesket audmjuka og skuldig for Gud. For den skuldige lyder ein himmelsk trøystebodskap. «Trøysta, trøysta folket mitt! seier dykkar Gud. Tal venleg til Jerusalem og rop til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er betalt, at ho av Herrens hand har fått dobbelt for alle syndene sine.» (Jes 40:1f)

 Slik er Guds ord. Det legg ikkje skjul på synda, men for syndaren tonar evangeliet fram på forunderleg vis: «Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.» (Jes 43:24-25) I evangeliet får syndaren trøyst og utløysing: «Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min.» (Jes 43:1)

 

Store ting har Herren gjort!

Når Herren får openberra frelsa for syndaren vert alt snudd opp ned. Bønemøte på bedehuset som ein før ringakta, blir no min kjæraste plass. Samfunnet av dei heilage som eg før ikkje forstod, blir ein åndeleg heim. Jesu død som eg såg som det største nederlag, blir den største siger som er vunnen – og størst av alt: Han gjeld også for meg! Ja, i sanning har Herren gjort store ting for meg! No er det lovsong og takk i hjarta for den frelse som Herren har gjort ferdig. No blir ikkje Herrens vegar tunge. No har eg fått eit nytt sinn som elskar Guds lov. No blir det nød for at sjeler må bergast for himmelen. Sjå alt har vorte nytt!

 «Høyr, så skal dykkar sjel leva!» (Jes 53:3) Det er ditt forhold til Guds ord som avgjer di framtid. Det er eit ord til dom for den som ikkje vil høyre – og ein bodskap om frelse, fred og fridom for den som lyttar til det!

Land! Land! Land! Høyr Herrens ord!

L&E 37. årgang, nummer 4