Lov og Evangelium - Tidligere Artikler
Referat fra årsmøte Norsk Luthersk Lekmannsmisjon
- Publisert lørdag 27. mars 2010 15:19
Referat fra årsmøte Norsk Luthersk Lekmannsmisjon
Årsmøtet vart halde torsdag 12. juli under sommarskulen på Bibelskulen på Fossnes. Rundt 150 påmelde deltakarar frå ulike stader i landet kom til eit skuleområde som var gjort svært fint i stand. Det er godt for misjonsfolket å koma til Fossnes og sjå at skulen og området rundt er i så fin stand.
Årsmøtet vart innleia med andakt av John Flaten. Deretter vart dei vanlege årsmeldingane lagde fram:
Rekneskap for Norsk Luthersk Lekmannsmisjon, rekneskap for Bibelskolen på Fossnes og Rekneskap for misjonsarbeidet i Peru vart lagt fram og godkjent av årsmøtet.
Landsstyret i NLL ser slik ut etter valet: Karl B. Bø(formann) Ivar Fiske og Ragnvald Lende (stod ikkje på val), Dag Rune Lid(nestformann) og Magne Ekanger (vart valde for 2 år). Varamenn vart John Flaten (møter fast), Øyvind Klavenæs og Birger Mangelrød.
Ragnar Opstad, Torbjørg Opstad og Margrethe Frafjord vart valde til revisorar til hovudkassen
I valnemda sit Ingar Gangås, Reidar Linkjendal (valt for 2001-2002) og Ragnar Opstad (valt for 2002-2003).
Per Bergene Holm orienterte om arbeidet i Moldova. Årsmøtet vedtok fylgjande samrøystes:
"Årsmøtet 2001 i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon ber landsstyret formalisere forholdet til Den Lutherske Kirken i Moldova ved å inngå en samarbeidsavtale som forplikter begge parter og konkretiserer de åndelige og økonomiske bånd mellom partene. Landsstyret fastsetter fra år til år samarbeidets omfang."
Dåp og konfirmasjon i regi av Norsk Luthersk Lekmannsmisjon vart óg drøfta. Årsmøtet vedtok samrøystes:
"Årsmøtet 2001 i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon vedtar de fremlagte retningslinjer for dåp og konfirmasjon i regi av Lekmannsmisjonen (med nokre endringar) Originalt register over døpte i regi av NLL, opprettes på Bibelskolen på Fossnes i form av en protokoll hvor originale dåpsbevitnelser blir limt inn."
Referent: Magne Ekanger