Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vitnemål frå songboka

Vitnemål frå songboka
Av Sigrid Skutlaberg

Eg sit og blar i ei songbok. Det er songboka som svigermor, Anna Skutlaberg brukte. Ho vart fødd i 1900 og døydde i 1992.

Mi eiga mor var død i 1956, berre 55 år gamal. Me som sat att kjende stor sorg over at mor var borte. Men Gud hadde fått oss slik i tale ved mor sin bortgang at far og dei fleste av oss syskena kom til liv i Gud vinteren etter mor sin død. Slik vart mor sin bortgang oss til velsigning.

I 1962 gifte eg meg og kom til garden Tolo i Norheimsund. Då vart eg kjend med svigermor som straks gav til kjenne at ho heldt av meg. Ho fylte mykje av den plassen mor hadde hatt. Me hadde åndeleg samfunn med kvarandre og båe hadde me fått sjå inn i at Jesus hadde sona syndene våre på Golgata.

No vil eg bla litt i songboka hennar svigermor. Den fyrste songen med stor strek rundt er av Trygve Bjerkrheim:

Det er nok det som Jesus gjorde,
Det er nok det som han har sagt.
:/: Han har sona di synd den store,
Og deg vunne så rein ei drakt. :/:

Det er nok det som Jesus gjorde,
Om av syndarar størst du er.
:/: Du er beden til bryllaupsbordet,
Også deg har din Frelsar kjær. :/:

Så blar eg litt lenger i boka. Me kjem til den fine songen av Lina Sandell:

Forsoninga er vunnen i Jesu Kristi blod,
Til meg frå korset freden hans er floten.
Kvi har eg gått å ottast ? Mi sak den er då god,
Den store skiljeveggen ned er broten.
Ja dagen er no komen og natta er forbi,
Og fangehuset opna, kvar fange kan bli fri.
Sjå fiendskapen er for evig ute!

Det er meg openberra at eg eig barnerett,
For Gud med meg i Kristus er forsona.
Og eg som har meg gremma og aldri skyna rett
Kor eg i domen skulle verta skåna,
Eg som i all mi betring, mi tru og gudleg sed,
Mi gjerning og min lydnad fann aldri hjartefred,
Eg er no alt i Jesus Kristus salig.!

Heile denne songen er ei god åndeleg preik, me lyt ta oss tid innimellom å lesa den for oss sjølve.

Den tredje songen er av Abraham Thompson:

For vår misgjerning ble han knust,
I slektens sted han gikk.
All verdens synd på ham ble lagt,
Hver fange frihet fikk.

Må Herrens Ånd ta dekket bort,
Så syndere kan se,
At det som er ved Sønnen gjort,
gjør sjelen hvit som sne.

Eg kunne teke fram fleire songar til, men det får vera med ein av Carl Olof Rosenius som den siste:

Du kan ikke tro, å men kjære så hør:
Vår Gud har sin sønn ikke skånet.
Kom hit, kom til korset, se Frelseren dør,
Foraktet, forlatt og forhånet.
Han sonet all verdens misgjerning.

Når blodet da virket så kraftig hos Gud
At han lot seg evig forsone,
Og derfor alene vil ta deg til brud,
Og gi deg den himmelske krone,
Så la du deg dermed og nøye.

Ja blodet som rant, det har runnet for deg.
Gud godtok det offer han brakte.
Det gjelder for alle, for deg som for meg.
For oss var det døden han smakte.
Rettferdige er vi i Jesus.

Så søk da alene hos Kristus din ro,
For der er du trygg i all fare!
Bli liten, bli barn, bli enfoldig og tro,
Bli en blant de synderes skare.
Som kun vet at takke og love.

Ved å lesa på desse versa, er det som å sjå ein frelst syndar inn i hjarta. Det kjem fram kva ho levde på. Ho hadde og ord i Bibelen som var merkte. Men denne gongen var det songane. Det er ein styrke å syngja desse gode songane – med deira vitnemål – i samlingane våre. Lat oss leggja vinn på å bruka dei ! I songen vår er me med å streka under bodskapen i forkynninga!

Så er eg takksam for vitnemålet eg fann i songboka hennar Anna. Det er ein rikdom å ha fått leva i ein heim der me har hatt dei gamle med oss. Dei var med å bere heimen fram for Gud og dei har gjeve oss eit fordøme som me kan fylgje etter. Eg kjenner at eg er glad og takksam for det.

L&E 37. årgang, nummer 8