Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Forkynnar Godtfred Nygård er flytta heim til Herren

Forkynnar Godtfred Nygård er flytta heim til Herren

Godtfred Nygård døydde brått 10. september 2001 i heimen på Bømlo. Dødsbodet kom uventa. Han hadde tala på møte dagen før, og hadde lova å tala både på Solgry og i Vestfold no i haust, noko han gledde seg til. Men ingen veit kor lang tid Gud gir oss på jord. Difor seier Han i sitt Ord at me må vaka og vera førebudde på at kvar dag kan verta den siste. «Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i den timen de ikkje tenkjer det.» (Matt 24:44)

Som nummer 4 av 5 sysken vart han fødd på Rubbestadneset i 1922, der han budde heile livet bortsett frå ein vinter på Svalbard og ei tid på bibelskulen på Fjellhaug i Oslo. Han kom tidleg i arbeid på motorfabrikken Wichmann og vart finmekanikar. Under krigen var det vekkjing. Godtfred vart vekt og reiste til bibelskulen på Fjellhaug. Sjølv har han mange gonger vitna om kor vanskeleg det vart for han der: «Dette er ikkje noko for meg, eg kan berre reisa heim att.» Men det gjorde han ikkje, og fekk mellom andre høyra Øivind Andersen si forkynning av lov og evangelium. Lyset rann og han fekk sjå seg løyst i det Jesus har gjort. Han kunne stemma i songverset: «Da jeg fikk se at jeg en synder var, En fattig sjel som intet i seg har, Da fikk jeg se det blod på korset rant, Og legedom for sjelesmerten fant.»

Lammets blod som rann for våre synder, kan gjera oss visse på frelse. Det er det største me kan finna her på jord. Dette ville Godtfred gjerne at så mange som mogeleg skulle få tak i og sjå som sitt. Han begynte å reisa som forkynnar, først i Misjonssambandet og seinare i Lekmannsmisjon. Mange rundt om i bygdene vil sakna røysta som no er tagna. Og mange sit att med stor takksemd for det som Godtfred Nygård fekk nåde til å bera fram i sitt vitnemål frå talarstolen. Han var rett fram, han tala enkelt og det gjekk frå hjarta og til hjarta. Ved sida av alvoret med å forkynna, hadde han eit smittande humør og dei gode historiene kom ofte fram. Godtfred har flytta, men vitnemålet hans lever vidare i minnene. Måtte me alle ta til oss ordet frå Heb 13:7: «Kom i hug leiarane dykkar, dei som har tala Guds ord til dykk! Legg merke til utgangen av livsferda deira, og fylg etter dei i deira tru.» Vitnemålet hans var at me skal bli berga for himmelen ved trua på Jesus. Lat oss fylgja etter Godtfred si tru på Jesus Kristus som frelsar. Godtfred vart første gong gift i 1956 med Ruth, og dei fekk 4 born. Etter at Ruth døydde, gifta han seg att med Liv. Dei fekk 3 born. Det er tungt å missa mann og far, og lat oss tenkja på kona Liv og dei 7 borna og barneborna, og ta dei med i våre bøner. Godtfred var svært glad i alle sine, og hans største ynskje var å få møta dei att i himmelen. Me lyser Guds fred over minne til Godtfred Nygård.

Magne Ekanger

L&E 37. årgang, nummer 9



Tags: 2001