Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Heim, ekteskap og familie (Del 2)

Heim, ekteskap og familie (Del 2)
Av Dag Rune Lid

 

«Underordna dykk under kvarandre i age for Kristus.» Ef 5:21

Slik er grunntonen i det som Bibelen seier til kone og mann i ekteskapet.

Me lever i ei oppjaga tid som djevelen veit å utnytte. Eit ekteskapet må pleiast, det går ikkje av seg sjølv. Det har aldri vore så sterkt press på ekteskapet som i dag. Difor er det viktig å ha tid og lytta til kvarandre, vere oppmerksame, vise omsut og gje kvarandre oppmuntrande ord.

Dessutan treng båe ektefellane dagleg å få leve ved den reinsande flod i Jesu blod. For i og med den nye fødsel, vert det ein kamp mellom Ånd og kjøt i hjarta. Kjøtet har ektefellane med inn i ekteskapet – det vert ikkje kristna og vil ofte stikka seg fram.

Kva er kjøtet sine gjerningar? Guds ord omtalar dei mellom anna som trette, fiendskap, sinne, misunning, hor  og hovmod.

Slikt kjøt har ein kristen på lik linje med ein verdsleg. Difor er det også Bibelen seier i Gal 5:24-25: «Dei som høyrer Kristus Jesus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og lystene.»

Får det krossfesta kjøtet rom og næring i livet ditt, byrjar kjøtet sprella og vil ned av krossen. Det vert ustyrleg og vil ta overhand. Får då ikkje Guds Ord dagleg døde, avsløre og krossfeste kjøtet ditt på nytt, så kjem kjøtet og djevelen så visst til å sigra.

Difor er det også Guds ord talar til deg som er ein reinsa i Jesu dyre blod: «Ferdast i Anden! Så skal de ikkje fullføra lystene åt kjøtet. For kjøtet trår imot Anden, og Anden imot kjøtet. Dei to står imot kvarandre, så de ikkje skal gjera som de vil.» (Gal 5:16-17)

Kva skjer der Anden får regjere? Då talar Bibelen om Andens frukt som er «Kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, sjølvtøyming.» (Gal. 5:23)

Der Andens frukt får regjera, er det godt å vera i heimen. Der må ektefellane dele sorger og gleder med kvarandre, dei må ta seg av kvarandre, dei må snakke saman. Dei må gjere opp og tilgi kvarandre, slik at djevelen ikkje brukar den vesle steinen som gneg til å lage verk som gjerne kapslar seg inn og vert vond og hard.

 

Tilgi og ten kvarandre
Den siste kvelden Jesus var saman med læresveinane sine vart  det ein kvass diskusjon mellom Jesu eigne disiplar om kven som var den største mellom dei. (Luk. 22.24) Tenk det! Slik kom kjøtet fram sjølv då dei var saman med Jesus. Det fortel noko om at kjøtet også vil opptre i heimen. Det kan du vere 100 prosent sikker på!

Så reiser Jesus seg og vaskar føtene til læresveinane sine. Slik herska Jesus. Når han er ferdig seier han: «Når då eg, som er Herre og Meister, har vaska føtene dykkar, så skuldar de òg å vaska føtene åt kvarandre. Eg har gjeve dykk eit førebilete, så de òg skal gjera slik eg har gjort mot dykk.» (Joh 13:14f)

Slik taler Jesus til sine og til deg som er ektefelle. Kor mange gonger skal du tilgje ektefellen din? 70 gonger 7, sa Jesus, – det avspeglar hans tilgjevande sinnelag.

Sjølv om begge ektefellane kan kome frå gilde kristne heimar, er det ikkje noko sjølvsagt ting at det skal gå godt i ekteskapet. Det er ulik oppdraging, ulike forventningar, ulike tankar og meiningar – og røynsla viser at ei lita tue kan velte stort lass sjølv i dei beste heimar. Difor må det tilgjevande sinnelag få råde. Meg og mitt må ikkje få sigra. Der «EG» er størst og viktigast vert det misforståingar, spenningar, bitterheit – sjølverkjenning og tilgjeving får ikkje rom – og kjærleiken kolnar.

Bibellærar Øivind Andersen seier: «Overse din ektefelles feil, og tilgi. Vær alltid rede til å tilgi din ektefelles feil. Og i den sammenheng, vær alltid rede til å innrømme dine egne feil. Blir det trette eller konflikt, så spør deg selv: Har jeg skylden for dette? I svært mange tilfeller har du nettopp det. Prøv ikke å skylde på ektefellen, når du innerst inne vet at du har skylden.

Vær heller rede til å ta på deg for mye skyld, enn for lite. Hvor ektefellene har denne innstilling overfor hverandre, kan djevelen ikke få makt i et hjem og ødelegge det. Og en ting til, dette er det beste oppdragelsemiddel for barna i et kristent hjem.»

 

Slik som Jesus elska
Vår himmelske far ynskjer at hans kjærleik skulle få rå i heimen. Hans kjærleik «er tolmodig, er velvillig. Kjærleiken misunner ikkje. Kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp, gjer ikkje noko usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, vert ikkje bitter, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanning. Han held ut alt, trur alt, vonar alt, toler alt.» (1Kor 13:4-7)

Kvar får ein denne kjærleik? Hos Jesus, og berre hos Han!

«De menn: Elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkjelyden og gav seg sjølv for han... » (Ef 5:25)

Det som framom alt kjenneteiknar Jesus er at han elskar uforskyldt, utan omsyn til vår forteneste, vår verdigheit eller korleis me har stelt oss. Han elska røvaren på krossen attmed seg, han som levd eit liv i synd og ugjerningar. Slik er Jesu kjærleik til deg. Han gjorde alt, utan tanke på seg sjølv og sine lidingar. Slik skal du som ektemann elska kona di. Du skal gjere det utan å sjå på hennar gode eller mindre gode sider og eigenskapar. Kristus elska utforskyld – det skal du og gjere!

Kjærleik som grunnar seg på ektefellen sine eigenskapar er ikkje bibelsk. Men slik kjærleik er vanleg i dag. Han er overflatisk, flyktig og lite haldbar. Han er kravstor, sjølvsentrert, og set fokus på eigne behov og ynskjer.

Hadde Kristus elska slik hadde han ikkje gitt sitt liv for deg og meg!

No har Gud gitt deg kona di til ektemake og sagt: «Ho skal vera di! De skal være eitt kjøt! Elsk henne, ær henne og hald av henne!»

Paulus sine formaningar i Ef. 5 kallar me «hustavlene». Dei var skrivene til slike som er «oppreist med Kristus». (Kol. 3:1) Rosenius seier i denne samanheng: «En kristen, som lever i samfunnet med den allmektige Herren, har midler og veier som ingen andre har, til å få det han trenger. «Alt er mulig for den som tror». Han kan få kjærlighet når han trenger det, selv om det ut fra naturlige forhold var umulig å elske…

Trenger en kristen til mer kjærlighet, så taler han med Gud om dette. Det er det første. For kjærligheten er også en gave fra Gud...

og at enhver må se hva Guds ord sier om dette, og se på sin hustru som Ordet sier en skal se på henne…

Det viktigste er at vi alltid må opplives i vårt forhold til Gud, i troen og kjærligheten. Så følger også kjærligheten til ektefellen.»

Likevel kan truande kvinner og menn oppleve at ektefellen reiser frå dei. Å kva liding og smerte skapar ikkje det! Men også i den nød skal me få koma til Jesus.

Spørsmål kan dukka opp: Kva med framtida då? Kva med gjengifte?

Då seier Bibelen at enten skal ein forlike seg med ektefellen, men går ikkje det så skal ein leva ugift. Det er Guds gode livslover sjølv om det ikkje er populært å seie det i dag. (Sjå artikkel om skilsmisse og gjengifte i. nr.7/2001 av Lov og Evangelium.)

Den viktigaste måten til å få det godt med ektefellen, er å ha det godt med Gud. «For akkurat som deres forhold til Gud er, slik er også deres kjærlighet til hverandre. Blir de kalde og døde i sitt forhold til Gud, blir også den ekte kjærligheten kald og død. Her ser vi hva den ekte kjærligheten mellom mann og hustru er, en hellig kjærlighet,» seier Rosenius.

Men djevelen angrip alt som er heilagt. Han kan ikkje tåla at kristne ektefellar elskar og ærar kvarandre, og set han alt inn på å angripe og øydeleggja ekteskapet. Difor er det heilt nødvendig at du ser på din ektefelle i lys av Guds ord og at hjarta ditt vert fylt av Jesu Ande og kjærleik.

 

Om å attrå andre kvinner

Me veit korleis det gjekk med David då han såg på kona til Urias. Luther seier i kommentar til Mat 5:27-30: «Kjøtt og blod er fullt av begjær, så det snart blir mett av det som en har, og gaper etter noe nytt. Da blåser djevelen til ilden, så en hos sin egen ektefelle bare ser alt som er skrøpelig, og lukker øynene for alt som er godt og rosverdig. Og da ser snart en hvilken som helst kvinne vakrere ut i ens øyne, enn ens egen.

Men den eneste rette motgift er da å straks se på sin egen ektefelle etter Guds ord. Da vil vi elske og se på vår egen hustru som en guddomelig gave og det herligste klenodium. Og når en ser på en annen kvinne som er vakrere enn ens egen, vil en tenke: Om hun så var den aller vakreste på jorden, så har jeg likevel noe langt skjønnere i min egen hustru, som Gud har gitt meg og smykket meg og utsmykket henne med sitt ord. Det er et smykke som ikke ser hos noe annen. Og jeg vet at det er til Guds og alle englers hjertelige velbehag at jeg elsker henne og er trofast mot henne».

Bibelen har endå fleire formaningar. Apostelen Paulus seier: «De menn: Elska konene dykkar, og ver ikkje arge mot dei.» (Kol 3:19) og apostelen Peter seier: «Så skal då de ektemenn òg leva med forstand saman med konene dykkar som det veikare kar. Og syn dei ære, for dei òg er medarvingar til livsens nåde – så bønene dykkar ikkje skal verta hindra.» (1Pet 3:7)

Det er viktig at kjærleiken vert bevart mellom ektefellane så ein også kan ha samfunn i bønelivet. Dette vert hindra når noko hardt og bittert får snike seg inn. Det er berre ei vedvarande tilgjevande ånd som kan bevara kjærleiken og lykka i heimen. Denne ånd er berre ein stad å hente og det er hos Jesus, i Ordet – slik det står «forlat oss vår skuld, som me også forlet våre skuldmenn.» Der den tilgjevande ånd får prege forholdet mellom ektefellene og borna blomstrar kjærleiken.

I Luk 17:32 seier Bibelen: «Kom Lots hustru i hu!» Det er eit ord til oss i dag. Tenk på Lot som i «karriere-jag» valde slettene utanfor Sodoma og seinare blei forfremma til administrativ jobb «i porten». Han fekk ikkje kona med seg, ho tok skade på si sjel. Det smerter å lese dette, ho som såg ut til å vere berga likevel innhenta dommen. Ho var med ut av Sodoma, men hennar hjarta blei att – det var gripe av denne verda.

Du som ektemann har eit stort ansvar for heimen. Syner du kona di ære, tar du deg av henne? Det er eit kall frå Herren til deg at ho ikkje skal bli som Lots hustru. Guds ord fortel at det skal bli mange som liksom henne tapar sitt hjarta til verdslegdom og jordisk rikdom.

 

Til dei ugifte

Kva med deg som er ung og ugift? Kven skal du gifte meg med?

Det er viktig å tenkje gjennom denne sak, og ikkje la seg styre av heftige kjensler.

Går du inn i eit ekteskap med ein verdsleg må du tenke på at du både dag og natt vert bunden til ein person som gjennom si ånd er ei hindring for alt som er heilagt – sjølv om denne personen utvortes er både medgjerleg og kan vere med på møter.

Rosenius seier: «Skulle ikke en sunn og våken kristen be på sine knær om at Gud måtte skåne ham fra å bli bundet til en ugudelig? (…) Kjærligheten, som jo ”håper alt”, gjør at en forelsket kristen alltid anser den han elsker å være ”så nær Guds rike”. Da heter det at ”han er så påvirket av Ordet. Jeg tror sikkert han snart blir en kristen. Kanskje det er akkurat meg Gud skal bruke til det. Og kanskje jeg kan bli årsak til hans evige død, hvis jeg viser ham fra meg!»

Ein prøvd kristen sa ein gong: «Hvis Gud tilbød meg fritt å velge min ektefelle blant en rekke han stile opp for meg, og sa: Ta hvem du vil! Da ville jeg svare: Nei, Gud, velg heller du for meg! Jeg kan ikke en gang se morgendagen, og hva som kan skje. Gi meg du den du har valt ut til meg.»

 

Korleis skal eg gå fram?

Når ein er ung er ikkje dette spørsmålet så lett. Guds ord seier at me skal få leggje alle ting fram for Herren. Det skal du også få gjere! Du kan be om at Herren opnar eller hindrar og bøye deg for det. Lyttar du til Herrens ord og veiledning så vil han vise deg veg.

Det står så fint eit vers i salme 32:8: «Eg vil læra deg og visa deg den veg du skal vandre, og eg vil gje deg råd med mitt auga.» Den som bøyer seg for Guds ord skal få stole på det.

Rosenius seier i boka Fader vår: «Vi må si: ”Å, Far, la det aldri komme derhen at det skulle gå etter min vilje! Bryt min vilje og hindre den! Det må gå med meg som det vil – må det bare ikke gå etter min vilje! For slik er det jo i himmelen – der er ingen egen vilje. Må det også være slik på jord!»

Denne bøn i «Fader vår» berører nettopp dette me har snakka om: Skje din vilje. Det er det som ligg under alt; at Herrens vilje må få framgang i mitt liv, i ekteskapet, familien og i folket.

 

Kva med dei kristne heimana?

Me les i 5Mos 6:6 «Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Og du skal prenta dei inn i borna dine. Du skal tala om dei når du sit i huset ditt, når du går på vegen, når du legg deg, og når du står opp.»

La Guds ord få råda i heimen! Her kjem husandakten inn, og det bør ein ha i alle kristne heimar. Ein må prøve å finna fram til ei tid på dagen då alle kan vera samla. Hugs på at det Gudsordet som vert sådd i hjarto er virkekraftig, difor gjeld det å så rikeleg. Gode songar med godt innhald har også stor verdi. Og at ein tar seg tid til å be saman, og borna kan gjerne få ta del her slik at det å be vert ein naturleg del av livet.

Kjøtet set seg stundom hardt i mot: – Nei, me har ikkje tid, slik kjennest det ofte. Det ringjer på døra, eller telefonen kimar. Og barnestemmer som ropar utanfor: Vil du kome ut og leike?

Ja, djevelen arbeider flittig for å hindra slik stunder i heimen. Det kan vere kamp å få tid til Ordet, men set me ikkje av tid vil me aldri få tid, det syter djevelen for. Han er freistar flittig å øydelegge dei livsnødvendige stundene med Bibel og bøn. Difor seier også Guds ord her: «Du skal (!) prenta dei inn…»

 

Gud vil berge oss for himmelen.

Heimen er blitt ei slagmark og ein kampareana i dag, men i staden ville Herren det skulle få vera ein stad der hans Ande kunne få rå – der det kunne få vere ein smak av himmelen på jorda.

Det er dette Elias Blix skriv om når han syng «I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved, Og eg kjende så vel Kor det anda Guds fred. Når til kyrkje me fór Når me heime heldt kor Og med moder eg bad. Å, eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel denne stad!» (sb 821)

Gode heimar set spor i barnesinnet, Guds ord pregar dei born som har møtt det i heimen og dei gløymer det aldri. La oss oppmuntra kvarandre til å bruka Ordet i heimen, det er berre det som kan berge både deg og borna. Hugs: Guds ord er levande og virkekraftig, det er i går og i dag det same, ja til evig tid!

Til slutt endå eit sitat frå Luther: «Når kvar sitt Gudsord læra vil, då står det godt i heimen til.»

L&E 38. årgang, nummer 1