Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vårliv over øygardane

Vårliv over øygardane

(Vi bringer her eit utdrag frå boka «Nybrottsmann ved værhard kyst», utgjeven på Antikkforlaget i 1989)

Den vekkingsbylgja som rulla over landet i tre fire år frå 1931 fekk Nordmøre og sin lut av. Den kom som svar på bønene til alle dei truande som tok vare på Guds ord og Dei heilages samfunn. Det var ute i øygarden der storhavet rullar. Ein høyrde «sus av regn» som profeten på Karmel etter den store siger over Baalsprofetane. Han venta vekking over Israel, men vekkinga kom ikkje – trass i Guds store verk. Det var spaning i lufta.

Ein kjende åndsmaktene kor dei tørna saman til strid. Men stormen – åtaket på Guds verk i folket var ennå ikkje nær. Løva bura langt borte og hadde reist seg til strid. Folk strøymde til møta. Dei truande bad, og dei verdslege skalv. Bønemøta i hus og hytta kunne ofte draga ut. Langveges kom dei frå, som laut få fred og lys i si sjelesak. Dette stod på heilt til inn i jula. Få tenkte på julestria. Dei tenkte på si sjel.


Vårflaumen sopa med seg alt

Men først på nyåret 1932 kom vårflamen retteleg i gang. Inne i dalane og ut over øyane kom den med vårbrus og nytt liv. Det bråna og braust over alt. Gamle synder blei levande. Guds Ånd overtydde om synd, rettferd og om dom. Vatnet fossa og gamle tilgjorde eigenrettferdige demningar, som hadde stått i mange år, bivra og skok, og brått fôr dei i fossen. Rubb og stubb fôr. Både kristelege og ukristelege fôr same vegen. Flaumen sopa til botnar, og mykje slagg blei reinsa ut. Is og snø tina og sleppte taket, og «fonna» femna vidt. Når Guds «fonn» går gjennom bygda, kan ingen gå fri. Alle kjende seg gripen – tekne.

Mange seig i kne for den levande Gud. Andre blei harme og ustyrlege. Var dei ikkje ærlege og kristelege? Hadde dei ikkje kyrkja og prest og gjekk til altars haust og vår? Var ikkje det godt nok?

 

Sjøulkar stabba mot bedehuset

Mest alle møta tok til klokka fem og aldri seinare slutt enn klokka ni. Men ein time før møtetid var vegane fulle av folk. Unge, eldre og gamle sjøulkar stabba mot bedehuset. Like mange utanfor som inne. Mest alle som kunne kreka kom. Huset var så stappa kveld etter kveld at der ein stod, der stod ein. Ein kveld det var tale om kva sann evangelisk lutherdom var for noko, blei ein på fremste benken så sinna at han tok huva og sprang mot døra. Han skubba og skok og tok spenntak, men kom ingen veg. Han blei klemd fast i skokken og kom ikkje ut før møtet tok slutt. Det var ein kamp som varde i fire timar.

Vekkinga greip djupt. Det var stor syndenaud. Frå barnet til syttiåringen låg dei på sine kne i tårer og syndeverk. Synda blei levande og hesleg. Ikkje berre i ord og gjerning, men i tankar og hug. Ofte steig bønene i samstemmig kor. Truande og verdslege bad. Vitnemåla var ekte og realistiske. Det blei oppgjer med Gud og med menneske. Ein blei teken stundom som av eit veldig ver. Det var sus ovanifrå. Guds eld var tent. Og Gud var nær.

 

Når Gud talar, stivnar dåresmilen

Folk utanbygds kom for å spotta – halde gøy. Men Guds ver sopa spotten burt frå leppene deira. Når Gud talar, stivnar dåresmilen. Også mange av dei laut i kne, men ikkje alle blei frelste. Når dragsuget fôr, blei dei med ut i same syndefaret.

Dei truande fekk mykje å stå i. Grannar og kjenningar kom for å få hjelp i den største sak av alle: si sjelesak. Gamal strid og usemje brann bort. Ved korset blei alle brødre og søstre.

Guds folk hadde aldri venta å oppleva slikt. Dette gjekk over all tru. Men då ein brennevinsbrennar ein kveld velta seg på sine syndige kne og ropa om frelsa, sette ei verdsleg kona i å takka Gud. Ei onnor kona vende seg til henne og sa:

Takkar du og Gud?

Ja, eg blir vel nøydd til det når han der kan bli frelst, svara ho.

Ei eldre kvinna lenger fram slo hendene saman, oya seg og ropte:

Kor i all verda skal dette ende? Ho hadde ikkje vit på vårflaum og snøløysing i Åndens verd.

 

Dei truande var som drøymande

Kor andleta lyste i fred og glede. I somme hus blei alle frelste – opp til oldingen. Ei gamal misjonskvinna som no hadde sete samankrøkt i mange år i ein stol, var den første som tok opp arbeidet for Kinamisjonen der ute. Motstand og vonde, olme augo møtte henne overalt. Men ho visste ho var i Guds gjerning, og i lønkammeret fekk ho kraft.

Seinare kom sonen Ole med i arbeidet – og mange fleire. No under vekkinga sat denne truskjempa så fredsæl og lukkeleg og takka Gud. «Den som sår med gråt skal hausta med fryderop.» Denne heimen hadde vore det åndelege sentrum i bygda i mange år, og der ifrå gjekk velsigninga ut. Den store openberingsdagen skal syna det. Då skal dei få løn. «Æra høyrer dei til.»

Mange andre kunne nemnast – både der og andre stader, slike som ofra alt på Herrens altar og stod heilt med.

No blei heimane for små til misjonsmøta, og misjonsinntekta auka. Etter vekkinga var bønemøta halde i privathus, men skulle dei bedande få rom, laut møtet haldast i to hus samstundes.

 

Strid og djupe sår

Verda truga og svor hemn over nederlaget. Men djevelen, fyrsten deira, endra taktikk seinare. Løvebrølet stogga. I staden sneik han seg inn i veneflokkane i silkesokkar som i Paradiset. Då er faren størst, og mange har fått merka det til stor skade.

Så kom ny strid – ikkje mot verda, men mot falske ånder. Den var beiskare og såra djupare enn den første. Men somme har Gud berga tilbake frå den falske elden. Gud reinsar gullet.

Ein kjenner trong til å takka Gud for desse trufaste misjonsvener. Dei sette æra på spel for sanninga. Men sanninga sigrar.

I nabobygda ein mørk vinterkveld. Havet braut i storm. Vindkasta risste husnovene, og regnet piska jorda. Ein flokk hungrande sjeler frå nabobygda lenger sud kom til møtet. På grunn av folketrengsla laut dei stå utanfor det opne vindauga i to stive timar i styrtregn – lydde og tok imot Guds ord.

 

Guds ord var ei levande makt

Kvelden etter var dei samla på telefonstasjonen i heimbygda si og høyrde Ordet gjennom telefonen frå det huset møtet var halde. Guds ord var ei levande makt og drog sjelene til Gud. Også der blei ei travel tid for Guds folk. Kvar dei tok krafta ifrå til sitt daglege yrke, er uskjøneleg. Men dei stelte i hus og i fjøs og på marka som før – likegodt, og somme betre enn før. Å bli frelst er òg å bli strevsam, husleg, reinsleg og lukkeleg. Gud etterlet seg sterke spor – spor som varar.

Mange av dei som hadde venta på Guds time, som var aktivt med i vekkinga, og andre som blei frelste den tid, er no heime hos Gud. Men for ein del var det ikkje berre dagar på val mellom livet og døden, men det siste høve til å bli frelst for tid og æva. Det siste store høve dei ikkje brukte.

 

Misjonsarbeidet skaut ny fart

Misjonsarbeidet skaut ny fart. Ikkje berre Kinainisjonen, men også andre misjonsgreiner fekk væte over dei turre markene sine av vårflaumen. Misjonsarbeidet og inntektene har auka ut over åra til no.

Kinamisjonen stod i vanry. Mange trudde den var frå djevelen. Motbøren var stri og beisk. Ein laut gå krumbøygd skulle ein koma fram. Også dette tok ei vending. Det blei ei misjonsvekking. Slik må det bli skal ikkje livet visna og døy. Det grønka og grodde mellom berga. Det var våren som kom.

Ein mann steig stilt inn i stova ein dag. Andletet bar merke av lang sjelekamp. Synda var forlatt. Det var fred mellom han og Gud. Men framtida?

 

Spritsmuglaren vart misjonsmann

Han var utan midlar og stod i fåre for å missa den vakre heimen sin. Og den store skøyta som han skulle livberga seg og huslyden med, var beslaglagt for skuld i spritsmugling for eit visst «firma».

Men her om dagen kom eit brev frå «firmaet» om at han kunne henta dei fem tusen kronene som han hadde til gode der. Så kom spørsmålet:

Kan eg ta imot desse pengane?

Kva tykkjer du sjølv? Har du høyrt ei stemme i ditt indre om saka?

Det er ei røyst i meg som seier: Det er syndige pengar. Lat dei vera.

Så bør du helst fylgja den røysta.

Det blei ny kamp. Han og kona kjempa i bøn fleire dagar. Dei blei til slutt einige om at det får gå som det vil. Dei ville vera denne løna forutan. Gud som hadde frelst dei, er og mektig til å berga dei på ærleg vis.

Dei sigra og fekk røyna at Gud har omsorg for sine også timeleg.

Den songen som mest tona i heimen og fiskarbåten den tid var:

Kristus på korset du bar på deg
    Skapningens synd og ve.
    Kristus på korset du bar for meg
    Dom og forbannelse.

Guds gjerningar – åndelege og timelege – kor Gud greip inn og openberra sin nåde og makt.

Dette var berre litt av det som hendte i to bygder. Men vekkinga spente over den 7 mil lange øya og ut over i alle fiskeværa i to tre år.

Nye misjonslag blei til, og Guds velsigning lyste over folket. Inne på naboøya hausten etter fekk forkynnaren oppleva å sjå noko av Guds gjerning på same vis. Sjeler blei rivne som brannar ut or elden, og Guds folk fekk nytt mot. Også andre stader i kretsen fekk ein sjå Guds Ånds verk i folkejorda til oppvakning og nytt liv; – stundom som i sterk vårflaum, andre gonger meir som i stilla i djupt sjeleliv. Det er truleg like sterkt og varig.

Det er stor nåde å få vera med i slike tider – få sjå Guds store verk til vekking og misjonsvokster. Det er ei frukt av våre fedrar sine bøner – dei som tok vare på «Guds gjerningar» i ei mørk og tung tid.

L&E 38. årgang, nummer 3



Tags: 2002