Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Kvifor kom du til vår jord?

Kvifor kom du til vår jord?
Av Dag Rune Lid

Me skal snart feire jul igjen og minnast han som kom julenatt for to tusen år sidan. Dei aller fleste menneske i vårt land feirar jul utan tanke på kvifor han kom. Men kvifor kom han? Kvifor var det naudsynt at Gud sjølv kom til jord, og blei fødd i ein stall – blei forkasta av menneske og til slutt måtte døy på ein kross?

Når Bibelen skal forklare dette talar han om at Gud er heilag, og alt som skal vere i hans nærleik i himmelen må vere heilagt og utan synd. Den heilage Gud tåler ikkje synd, og Bibelen seier at han er ein fortærande eld mot all synd. (5M 4:24) Har du og eg falle så mykje som i ei einaste synd i tankar ord eller gjerning, så vil me utan Jesus møte ei stengd himmeldør.

Mange menneske går i kyrkja på julaftan og tenkjer dermed at dei har gjort det som høyrer med. Andre tenkjer at dei gjer så godt dei kan, og då kan vel ikkje Gud krevje meir? Atter andre tenkjer at dei ikkje er verre enn andre, så det skal nok gå godt til slutt.

Men Bibelen vitnar om at sjølv mellom dei som ytre sett høyrer til Guds folk her på jord, skal mange ein dag møte ei stengd himmeldør. (Matt 25:11-12)

Alle har synda

Om du er prest eller klokkar, røyrleggjar, direktør, bonde, lege eller husmor; – alle har me del i Adams natur som stengjer oss ute frå himmelen. Det finst ikkje moglegheit for at noko menneske i seg sjølv kan verta frelst og berga. Guds ord seier at du og eg er døde i synder og misgjerningar. «Alle har synda og står utan ære for Gud.» (Rom 3:23) Det trengst noko radikalt nytt om du og eg skal møte ein open himmeldør.

Det er vel knapt noko bodskap som skapar så sterke reaksjonar hjå det naturlege menneske som bodskapen om at du og er fortapte og utan von i oss sjølve.

Om eg talar med engletunge, om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndommar, om eg har all tru så eg kan flytte fjell, om eg gjev alt det eg eig til mat for fattige, om eg gjev lekamen min til å verte brend så gagnar det inkje – om det berre er dette eg eig og stolar på. (1Kor 13:1-3)

På dommedag skal mange kome fram og seie: «Herre, Herre! har me ikkje profetert i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange kraftige gjerningar i ditt namn?» Men likevel vil dei oppleve å møte ei stengd himmeldør og få høyre frå han som skal døme levande og døde: «Eg har aldri kjent dykk. Vik frå meg, de som gjorde urett!» (Matt 7:22f)

Gud krev soning

Bibelen vitnar om at skal du og eg bergast så må me få del i noko utanfor oss sjølve, noko som Gud sjølv har ordna. Bibelen kallar det syndenes forlating, og «utan at blod vert utrent, vert ikkje synd tilgjeven.» (Heb 9:22)

Gud krev soning for dine og mine synder. Utan at synda vert sona kan ho ikkje tilgjevast.

Difor er det også at Brorson skriv så fint i ein av våre kjæraste julesongar: «En liten sønn av Davis rot, Som ôg er Gud til like, For våre synders skyld forlot Sitt høye himmerike. Det var ham tungt å tenke på At verden skulle under gå, Det skar ham i hans hjerte; I slik en hjertens kjærlighet Han kom til oss på jorden ned Å lindre all vår smerte.»

Lammets blod – den raude tråd

Den som les sin Bibel vil gjennom heile Skrifta møte den raude tråd som går frå fyrste til den siste bok – Lammet sitt blod. Både gjennom førebilete, i omtale og ikkje minst gjennom Jesus si liding og død på Golgata kross møter me Lammet sitt blod.

Av di Gud sjølv kravde soning med eit blod utan smitte av synd, har Jesus blod ein så sentral plass i den kristne bodskapen.

Me har ikkje bladd mange sidene i vår Bibel før me møter det første offerdyr som måtte bøta med livet for å gje «klednad» til Adam og Eva. Det var eit offerdyr som måtte døy ein stedfortredande død ved å gje sitt blod. Blar me nokre sider fram i Bibelen så står det om at Abel bar fram eit offer, som han tok av dei fyrstefødde lamma i flokken. Det står at Herren såg til Abel og offeret hans. (1M 4:4) Men dette offer førte til slik harme hjå broren Kain at han slo Abel i hel.

Offer for synd

Blar me enno nokre sider fram i vår Bibel møter me Abraham, som på guddommeleg vis fekk sonen Isak – då alt menneskeleg håp var ute. Så får me ein dag følgje Abraham og Isak på veg til Moria berg. Der Isak plutseleg bryt ut: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet til brennofferet?» (1M 22:7) Han var ikkje så gamle karen, men likevel visste han at skulle dei tre fram for Gud så kravdest det offer for synd. No skulle Gud gjennom åskodingsundervisning vise Abraham sin frelsesplan.

Abraham hadde løfta kniven og var klar til å ofre sin einaste son. Då ropar Gud frå himmelen: «Legg ikkje hand på guten, og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du ottast Gud, sidan du ikkje har spart son din, den einaste, for meg.» (1M 22:12) Då Abraham såg opp fekk han auga på eit verlam som hang fast i eit kjerr etter horna. Såleis blei Guds stedfortredande offerlam forbilledleg ofra i staden for Isak.

Blar me enno nokre sider fram møter me Josef som førebilete på Kristus. Korleis han blei selt av sine brør, korleis dei kom heim til faren med ein blodig kjortel og sa at villdyra hadde tatt han. Likevel ordna Gud det slik at Josef blei til redning for dei alle, sjølv om dei hata han og selde han.

Seinare møter me Lammet sitt blod på dørstokkane i Egypt, når dødsengelen går gjennom land og alt fyrstefødd døyr frå Farao sin son og til til den fyrstefødde sonen til fangen i fengslet. (2M 12:29) Blodet skilde mellom død og liv, mellom frelse og fortaping akkurat slik det også vilje skilje menneska på dommedag

Sjå der Guds Lam!

Som føredøme fekk dei gjennom heile den gamle pakt høyre om øvstepresten som i kraft av Lammet sitt blod kunne gå inn i «Det aller heilagste». Dette var eit førebilete på den himmelske heilagedom.

Og endeleg ein dag så står døyparen Johannes ved Jordan si bredd og ropar: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!» (Joh 1:29)

No var Guds eige offerlam kome til jord, og Guds alter på jorda blei på Golgata kors. Der blei Jesu ofra i din og min stad. Det står så fint i Heb 9:24: «Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk inn i heilagdommen ein gong for alle, og fann ei evig utløysing.»

Gud hadde sjølv kome til jord og med sitt heilage og reine blod betalte han prisen for all synd og skuld. Jesu er han som Adam og Eva høyrde skulle koma. Han er det offeret som Abel forstod måtte koma. Jesu offer er det skuggebilde både Abel, Noa, Abraham, Moses osb. sine offer vitnar om. Han er det sanne Påskelammet som løyste Guds folk ut av Egypt, og som kan løyse ut di og mi sjel frå dødsens mørke.

Det dyrebare blod

Den som les vidare i Bibelen vil sjå blodet sine spor gjennom Skrifta frå fyrst til sist. Når me kjem til den siste boka i Bibelen les om dei som har nådd fram til himmelen. Kva er det som har berga dei? Jau, dei har tvetta kjortlane sine og gjort dei kvite i Lammets blod. (Op 7:14)

Ein uteljande skare frå alle folkeslag syng med songaren: «O Lammets blod, det dyrebare blod, Som gav meg liv da jeg ved korset stod, Det er min trøst i all min sorg og nød, Min trygge ankergrunn i liv og død.»

Det er berre Jesus som kan gi liv – evig liv, og det er berre han som kan gje sann trøyst i liv og død. Difor var det han kom til jord denne julenatt for å gje deg fred!

Måtte bodskapen om Guds offerlam få tone for ditt hjarta denne julehøgtida! Det er berre dette offerlam som kan frelse frå all synd, men det kan også fullkoment frelse deg frå alle dine synder. Måtte me alle få seie med Brorson:

«Å, kom, jeg opp vil lukke Mitt hjerte og mitt sinn Og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn! Det er ei fremmed bolig, Du har den selv jo kjøpt, Så skal du blive trolig Her i mitt hjerte svøpt.»

L&E 38. årgang, nummer 10