Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Kjære lesarar av «Lov og Evangelium», kjend og ukjend!

Kjære lesarar av «Lov og Evangelium», kjend og ukjend!

Ei velsigna julehøgtid!

Stadig nye salsrekordar i varehandelen vitnar om at jula nærmar seg, og aldri har vel det norske folk hatt det betre økonomisk. Men den sanne julebodskapen ser det ut til at færre og færre har bruk for. Julebodskapen som møter oss i Bibelen vitnar om noko langt anna enn overfylte kjøpesenter. Den vitnar om ein himmelske fred i hjarto som overgår all forstand. Den vitnar om frelse frå den evige fortaping, og den vitnar om fridom frå synd, død og dom. Får menneskja del i denne bodskapen – då blir det i sanning ei velsigna julehøgtid.

På vegne av Landsstyret i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon vil eg få ynskje den enkelte av dykk ei velsigna julehøgtid!

Og eg vil få rette ein takk til alle misjonsvener som støttar arbeidet til Lekmannsmisjonen heime og ute. Me er takksame til alle dykk som står saman med oss både økonomisk og ikkje minst i forbøn. Det er viktig med økonomiske midlar, men det viktigaste arbeidet er bønekampen for sjelene. Det me treng meir enn nokon gong er å be om åndsmakt over forkynninga så tilhøyrarane kan få eit møte med den heilage Gud til dom og frelse medan det enno er nådetid!

Saman treng me å få rope til Herren om samvitsvekkjing over folk og land så folket kan få oppleve sann julefred!

Stans opp for den himmelske bodskapen og lytt til han som «gjorde seg ringe, for rikdom å bringe, din arme din fattige sjel.»

Mange hundre år før det skjedde, talte dei heilage profetar om det som skulle skje, og det var så levande for dei at ein av dei kunne seie: «For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.» (Jes 9:6)

Er dette barn og denne son blitt din fredfyrste? Om ikkje, så er det mitt ynskje at du kunne få møte han denne jula. Då vil du i sanninga oppleve ei velsigna julehøgtid!

Helsing Dag Rune Lid , formann i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon

L&E 38. årgang, nummer 10



Tags: 2002