Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Misjonsarbeidet i Peru!

Misjonsarbeidet i Peru!
Av Dag Rune Lid

Gjennom 14 dagar i april fekk eg den store gleda å få vere med å besøkje misjonsarbeidet i Peru. Det var utruleg mange inntrykk som møtte oss på dei få dagane me fekk besøkje våre kristne brør og systrer i Peru. Og etter som tida går og inntrykka får søkkje så er det som dei blir meir levande. Me fekk kjenne det heilage samfunnet som er uavhengig av kulturelle og nasjonale grenser.


På mange måtar kjende me på store kontrastar mellom Peru og Noreg. Det var smerteleg å sjå den uendelege fattigdommen som mange peruanarar lever under og samstundes tenkje på korleis me her i Noreg lever i uendeleg overflod. Men trass i store kontrastar menneskeleg sett, var det så gildt å få møte Kristusgrepne sjeler som kunne vitne med Job: Eg veit at min utløysar lever!


Me fekk møte og bli kjende men mange av dei nasjonale kristne. Dei lever i stor fattigdom menneskeleg sett, men har fått del i ein himmelsk rikdom som tyder langt meir enn jordiske verdiar. Inspirerande var det også å få møte leiarane i kyrkja og evangelistane som forkynner Guds ord.


Radioarbeidet var også svært oppmuntrande å få innblikk i. Det var sending kvar dag frå fem om morgonen til åtte om kvelden. Det byrja på indianarspråket (quechua) og etterpå var det på spansk.

Valspråket for radioen er henta frå Esek 2:7 «Du skal tala mine ord til dei anten dei høyrer eller lèt det vera. For trassige er dei.» Etter dette prinsippet vert radioen driven. Målet er å nytte den som eit reiskap til å forkynne evangeliet, og halde seg til ei konservativ luthersk linje.


Radioen kan nå kring ein million menneske som bur i Arequipa, og tanken er at uansett når nokon slår på radioen så skal dei møte eit kristen program eller fin kristen song eller musikk. Dei ynskjer ikkje å nytte verdsleg musikk eller kristen song som opnar opp for underhaldingskristendom. Difor har dei sunge inn mange songar frå songboka som dei nyttar i radioen.


Resultat uteblir ikkje. Så å seie heile den menigheita som held til i sentrum av byen er slike som er vunne gjennom radioarbeidet, og ein får stadig kontakt med fleire som ynskjer kontakt og som ber om å få kristen opplæring. Det er i grunnen berre dei økonomiske midlane som hindrar at ein kan nå enno lenger ut.


Ein kjenner på at dørene er opne, og det gjeld å så medan den enno er dag. «Natta kjem då ingen kan arbeida.» (Joh 9:4) Me kjenner også på at me skulle hatt ein norsk misjonær i Peru som kunne vere med å leie arbeidet og opplæringa mellom dei nasjonale kristne.

L&E 39. årgang, nummer 5





Sist oppdatert: www.nll. no