Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Sommarskule og årsmøte 2003

Sommarskule og årsmøte 2003
Referent: Magne Ekanger

9. juli 2003 kom ein veneflokk frå mange kantar av landet til Bibelskulen på Fossnes. Det var om lag 130 påmelde, og opp i 200 til stades på møtene.

Eit velpleid og vakkert anlegg viser at her er det vener av skulen og misjonen som gjer ein stor innsats. Venene rundt om i landet er takksame for den tid og alt arbeid som vert langt ned av venene i Vestfold. Det er hyggeleg å koma til eit så velstelt anlegg.

Torsdag 10. juli kl. 10 var rundt 60 personar med og handsama årsmøtesakene som låg føre.

Årsmøtet starta med andakt av Tore Mangelrød.

Det blei lagt fram årsmelding frå landsstyret, bibelskulen og for arbeidet i Peru. (Sjå desse s.15-20.)

Til neste årsmøte vart det bestemt at det også for arbeidet i Moldova skal skrivast årsmelding. Ved dette årsmøtet vart det lagt fram ein rapport som Per Bergene Holm skreiv etter sitt siste besøk i Moldova. Når det gjeld arbeidet i Moldova, vil landsstyret laga ein interimsavtale med Vladimir og Natalia Moser om samarbeidet mellom NLL og dei i Moldova. Styret har planlagt å invitera Vladimir og Natalia til Noreg i 2004.

I tillegg til det årsmeldinga frå Bibelskulen på Fossnes inneheldt, vart det meldt at Paul André Bergene Holm har gått ut av styret frå sommaren 2003, og at 1. varamann Per Brattgjerd, frå same tid vart fast medlem.

Når det gjeld arbeidet i Peru, har styret i NLL drøfta forholdet mellom INEL-Peru og NLL. Styret går inn for at det vert oppretta ei underavdeling av NLL i Peru. Denne underavdelinga får hand om kven som blir tilsett og brukt som evangelistar og medarbeidarar. Årsmøtet vedtok årsmeldinga med tillegg om å oppretta underkontor av NLL i Peru.

Forkynnarane som var framme og gav «rapport» om si reiseverksemd siste året var: Olaf Klavenæs, Tore Mangelrød, Per Bergene Holm, Ingar Gangås og Martin Fjære.

Rekneskap for NLL, Bibelskulen på Fossnes og arbeidet i Peru vart lagt fram og godkjent av årsmøtet.

På grunn av bygging av ny personalbustad på Fossnes, har økonomien vore svært trong i det siste. Og det er ikkje sendt til Peru så mykje som var budsjettert. Årsmøtet såg det difor naudsynt å ta opp banklån og gjorde fylgjande vedtak:

«Årsmøtet i Norsk Luthersk Lekmannsmisjon gir herved den til enhver tid valgte formann og nestformann i landsstyret fullmakt til i fellesskap å oppta lån i bank hvor NLL og/eller Bibelskolen på Fossnes er låntaker, samt fullmakt til å pantsette eiendommen gnr. 148, bnr. 46 i Stokke kommune til sikkerhet for de lån som opptas.

Formann og nestformann i fellesskap forplikter NLL ved sin underskrift på gjeldsdokumenter, pantobligasjoner/panteretter, pantsettelseserklæringer og andre dokumenter i forbindelse med låneopptak og pantsettelse.

Årsmøtet gir også de samme personer samme fullmakt til å pantsette eiendommen gnr. 148, bnr. 46 i Stokke kommune i forbindelse med leieboerinnskudd/innskudd fra ansatte i NLL som bebor leiligheter på eiendommen.»

Vala gav fylgjande resultat:
Til landsstyret i NLL vart valt Dag Rune Lid og Håvar Fjære. 1. varamann Øyvind Klavenæs.
Som revisorar til hovudkassen vart Ragnar Opstad og Paul André Bergene Holm attvalde.
Til valnemda vart Olaf André Klavenæs vald som medlem for 3 år. Valnemda har då desse medlemene: Ragnar Opstad, Svein Mangelrød og Olaf André Klavenæs.

Under eventuelt vart det trekt fram at NLL sitt ansikt utad er viktig, og at ein alltid må prøva å få sjå i gjennom på førehand kva journalistane skriv i reportasjar om organisasjonen. Dette må stemma med synet som er rådande i NLL.

L&E 39. årgang, nummer 6

Sist oppdatert: www.nll. no


Tags: 2003