Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare

Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare!
Av Gunnar Soppeland



Forvrengt nåde
Det er ingen større fare for mennesket enn Guds vreide. Gud er ein fortærande eld mot alt som reiser seg mot han. Det er forferdeleg å falle i den levande Guds hender.

Korleis skal du og eg finna ein nådig Gud? Svarer ein feil her, så vert alt feil. Diverre formidlar ikkje all trøystefull tale om Gud og hans nåde, sann nåde. Det finst ein forvrengt nåde som gjer at menneska kjem i eit forvrengt forhold til Gud, seg sjølv og til verda.

Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare. Denne nåden dekkjer ikkje syndaren mot Guds vreide, men dekkjer over Guds vreide slik at syndaren ikkje ser at han er i fare.

Forvrengt nåde er ein nåde som menneske gjev seg sjølv, og som er tiljubla av mange. I staden for å forstyrre sjølvlivet og verda, forkynner han tilgjeving utan anger og bot, forsaking og tru. Den rettferdiggjer synda, verda og kjøtet.

Ein slik kristendom hindrar ikkje fråfall og avkristning, men tilpassar seg til dette. Resultatet er at me får ein kristendom utan etterfølging, forfølging, kors og ein levande Kristus. Den sanne nåde derimot fordømer synda og rettferdiggjer syndaren.

Fiende i saueham
Den levande trua har tronge kår i dag. Det vert ikkje ein kamp mot verda, men ein kamp mellom sann og falsk kristendom. Fienden er ulv i saueham. Han har namn av å leve, men spreier dødeleg pest.

Spenninga mellom levande kristendom og religiøsitet er tildekka og held på å bli borte i dag. Alle må stå saman for å vinne verda, blir det sagt. Men når forkynninga vert tilspissa med fokus på synd/nåde – frelse/fortaping kjem motsetningane fram og forplantar seg i alt ein skal vere saman om. Difor er slik forkynning mange stader bannlyst.

Eit nådeliv
Men midt i dette skal vi ikkje misse motet. Paulus og Barnabas var gjevne over til Guds nåde for å gjere Guds gjerning. Dei fekk oppleve korleis Gud heile tida er i forkant av alt som skjer.

Opp gjennom historia har det vore bekmørkt mange gonger, og åndeleg sett ufruktbart som med Sara, Rut, Hanna, Elisbeth osv. Men då Gud greip inn, gjorde han det døde levande. Det kan han også gjere i dag!

Utdrag frå talar av Gunnar Soppeland som var gjestetalar på Lekmannsmisjonensi årlege bibelhelg på Solgry Ungdoms- og Misjonssenter i Sveio 3.-5. oktober 2003. Ref.: Dag Rune Lid

L&E 39. årgang, nummer 8

Sist oppdatert: www.nll. no