Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Gjenfødinga, kva den er og korleis ein får del i den?

Gjenfødinga, kva den er og korleis ein får del i den?
Av Ole Brandal (1918-83)

Det var mitt ynskje at denne talen ikkje berre vart ein tale om gjenføding, men at han kunne avsløra og verka til gjenføding, det trur eg var Guds hensikt. Slik at når du gjekk ut at frå denne forsamling, så gjekk du ikkje ut med den innstilling at no veit eg alt om gjenføding, – du verden alt han drog fram om den sak. Å nei, her kjem du feil ut. Men at du gjekk ut att med den innstilling at: «Eg ser!» At du kjem ut at frå salen her og kan seia: «Eg som var blind, eg ser. Eg som før var død, eg er blitt levande.»

Gjenføding, ny fødsel, treng vi det? Er det slik stelt med oss at vi treng ein ny fødsel – så kjekke som vi er, nett her i finaste pussen, fører oss så fint at mor og far kan vera fornøygde med oss? Kva seier Guds ord?

Vi treng ein ny fødsel fordi kjernen i oss er øydelagt. Det er hjarta i oss som er øydelagt, ikkje berre skadd men øydelagt totalt. Det er ikkje øydelagt på den måten at det ikkje lenger er i sving, men det er øydelagt på det vis at det reagerar heilt feil. Vi vart skapte i Guds bilete og vart skapte slik at vi skulle henga fast ved Herren, han skapte oss med slike instrument og slike innretningar at vi skulle leve for han, med han og i han. Desse anlegg for Gud, dei har du og eg enno. Dei vart ikkje utsletta i fallet. Men det som skjedde i fallet var at dei begynte å gå i uorden, dei begynte å reagera feil. Dei reagerar slik at mennesket med sin natur ser Gud i alle ting, men dei søkjer ikkje Gud rett. Så kan misjonærar fortelje frå misjonsmarka korleis dei tilbed stokk og stein, men ikkje den levande Gud.

Men vi tilbed ikkje stokk og stein, vi er altfor opplyste til det. Men kva er det vi tilbed i det moderne heidenskap?
Det er ein Gud som vert tilbeden meir enn noko anna, det er mitt eige ego.

«De vil verta som Gud,» sa slangen då han freista Eva, og det gjekk i grunnen i oppfylling. Fordi Gud vart avsett i menneskehjarta og så vart mennesket sin eigen Gud. No er vi komne i den situasjon, no dreier alt seg om min person, meg og mitt. Finnest det ein Gud til, så skal han ta omsyn til meg. Finnest det ein nabo, så skal han ta omsyn til meg. Er det snakk om frelse eller fortaping, alt saman dreiar om min person.

Hadde Gud sett alt på hovudet, så hadde det vore meir fornuftig for oss slik vi er. For vi er øydelagde, er komne i villaste uorden når det gjeld vårt forhold til Gud.
Så treng vi også gjenføding for å sjå Guds rike. Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på ny. Vi treng ha et nytt sinn for å trivast i Guds rike.

Når vi ser ut over våre forsamlingar, dei som har namn av at dei er kristne, så ser vi at der er mykje splid og mykje strid. Kvifor er det slik? Har du tenkt på det? Det er fordi at det er mange syn. Det er fordi dei ikkje er fødd av den same Ånd. Dei er ikkje fødd av det same ord, då blir det slik.
Guds ord seier at i Guds forsamling der blir det alltid strid, fordi den som er fødd av trælkvinna alltid vil forfylgja den som er fødd av Gud. Skal vi trivast i Guds forsamling og følast som eitt, då må vi vere fødde av Gud. Det trengst også for å trivast i himmelen.

Kvart ugjenfødd menneske – sjølv om han går i våre forsamlingar og vedkjenner Jesu namn – er ikkje fødd av Gud, men av trælkvinna og er ein træl. Å plassera han inn i himmelen ville ikkje gå. Han ville ikkje trivast der. For i himmelen er alle fødd av ei ånd, og så trivst dei der. Men er dei ikkje fødd av Gud, så trivst dei ikkje der. Då vil det bli så uuthaldelig at om du kom der inn, så ville du be om å sleppa ut igjen.

Kva er så den nye fødsel? Er det at du og eg er ganske bra menneske, at det bur noko godt i oss?
– Djupt i vår hjartebotn fins det strenger, seiest det, når berre desse strenger vert framfunne, så begynner folk å spele på dei, dyrke det, elske det fram så skal det verta gudsliv…
Nei kjære ven, det er ikkje sant. Det er ikkje strenger i vårt hjarta som er slik dei skulle vere. Strengene er sprukne, dei er øydelagde. Det finst ingen grunn i oss.
Den nye fødsel er heller ikkje å leggja om livet sitt. Har du gjort det? Før levde du i verden og du levde av verden. Du gjekk på dans, du banna og levde slik som dei andre lever i verda. Så byrjar du sjå litt av tomheita i dette livet i verda. Så vart det slik at du ville verta reinare, du ville verta eit betre menneske, du ville verta frelst. Kva så? Jau, så la du om. Enten det skjedde heime eller på bedehuset, det får være det same. Du tok ei avgjerd og sa: «Farvel du brede strede, Du ser meg aldri mer… No vil eg til himmelen, koste kva det koste vil!»

Så la du livet ditt om. Du som før gjekk i verdsleg lag, slutta med det. Så bbyrja du å gå på bedehuset i lag med dei truande og innretta deg akkurat slik som dei. Dei bad til Gud, derfor bad du til Gud. Dei var oppe og vitna, og så var du oppe og vitna. Det høyrde med, for om du ikkje vedkjente Jesu namn i forsamlinga for folk, så vedkjente ikkje Jesus ditt namn i himmelen fram for Faderen.

Så innretta du heile livet ditt slik du meinte og visste at livet skulle væra hjå ein kristen. Gjekk det dårleg, så var det fordi du ikkje bad nok, las nok eller var ivrig nok. Så vart det å lesa meir, be meir og streva meir. Så kom det gjerne ein predikant og piska på deg. Ja, så innsåg du at her er feilen, her må det koma fart i sakene. Så vart det nye forsett og nye byrder.
Det som du mangla framfor noko anna var Guds kraft. Men dersom du berre kunne påkalla Herren til å draga ned frå himmelen Guds kraft, – då skulle det verta eit åndeleg rikt liv. Då kunne du velsigna alle andre.

Ja, dette er gjengs kristendom. Men likevel er det ikkje kristendom. Det er berre omleggjing av livet. Det er berre det at den gamle Adam som før tente synda, han er begynt å tena Gud med Guds hjelp og Guds kraft.
Er det ikkje sant? Ser du det?

Når eg snakkar om desse ting så må eg få lov til å gjera deg oppmerksam på at Guds ord talar om fire slags fødslar i denne sak. Alle som tok imot han dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på hans namn. Og høyr her: «Dei er ikkje fødde av blod, heller ikkje av kjøts vilje, heller ikkje av manns vilje, men av Gud.» (Joh 1:13)
Det er fire moglegheiter, men det er berre den som er fødd av Gud som er gjenfødd til eit nytt og levande håp.
Det er mange, mange i dag som er fødde av manns vilje og kjøts vilje. Eller for å nemna den femte sort, dei er fødde av trælkvinna Hagar. Dei er fødde av lova.
Det som vi er inne på her, er det som er skrive så nøyaktig i Rom 9 og Gal 4 om løftet sin son og trælkvinna sin son.
Her, vener, treng vi be om Heilaganden sitt lys slik at vi ikkje kallar det som er mørkt for lyst og det som er lyst for mørkt, men at vi kan skilja her – med augo som er salva av den Heilage Ande – mellom det som er fødd av Gud og det som er fødd av manns vilje og kjøts vilje, mellom eigen innsats, eiga kraft og eigen karakter og på den andre sida det som er av Gud.

Gjenfødinga er eit verk av Gud. Guds ord brukar mange utrykk om det.
I 2Kor 5:17 står det at det er noko nytt og at det er ein ny skapning. «Det gamle er borte, sjå alt har vorte nytt.» Det er ein ny skapnad i Kristus Jesus.
I 2Pet 1:4 står det at Gud «har gjeve oss dei største og dyraste lovnader, så de ved dei skulle få del i guddommeleg natur.»
Den guddommelege natur er fødd av Gud. Det er ikkje reparert menneskenatur. Det er guddommeleg natur, natur som er sendt oss ovanfrå frå Gud, Guds natur.
I 1Kor 3:16 står det at Guds Ande bur i oss. I Jes 51:7 står det at Guds lov er skriven i hjarto våre.

Gjenfødinga er dette at vi får eit nytt sinn. Det vil seia at Jesus bur ved trua i hjarto våre. Det er noko som vi ikkje kan leggja om livet vårt til. Vi kan leggja om livet vårt slik at vi liknar kristne og frelste folk. Vi kan også langt på veg læra korleis dei kristne vitnar, og vitna slik som dei.
Men dette at vi ser Herren, det er ikkje godt å kopiera. Dette er gjenfødinga, at Jesus bur ved trua i våre hjarto, at vi har fått Den Heilage Ande, at vi har fått eit nytt sinn.

Sett meg så jeg ser deg, Jesus,
Still deg foran meg,
Så at mine trette øyne
Hvile kan på deg. (Sb 51)

Så er spørsmålet korleis vi får del i dette. Guds ord seier klart og tydeleg at det får du ikkje ved gjerningar.
Det er nettopp det som er ein av dei store farane i våre dagar, at folk har tatt Guds ord på kjøteleg vis. Så har dei gjort dette å væra eit Guds barn til ei gjerning. Så ser dei ikkje bak bokstaven, og dei ser heller ikkje Ordet. Så vert det sagt at dersom du vedkjenner… og dersom du tar i mot… og dersom du seier at du vil væra ein kristen… – det heile botnar i ei viljesak.
Så vert heile frelsa gjort til ei tosidig pakt mellom deg og Gud. Når du gjer din del, dette at du må koma, at du må gjeva deg heilt over til Gud og vedkjenna dine synder, – så kjem Gud på andre sida og gjer sitt.

Men seier ikkje Guds ord dette då? Jau, det seier det, men det å koma til Jesus er ikkje ei viljesak og ei avgjerd, men det er ei hjartesak. Det er noko Gud verkar i oss. Å ta imot Jesus er heller ikkje ei viljesak, men noko Gud openberrar for deg slik at du ser han.

Du min ven som er her, korleis kom du til liv i Gud?
Kom du til liv i Gud ved noko du har gjort, – om det var ved noko så gudfryktig som å gjeva deg over til Gud?
Ja, så er du ikkje fødd av Gud.
Det er berre ein måte å bli frelst på og det er ikkje kva du gjer, men at du høyrer og ser…
For likesom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal også Menneskesonen lyftast opp for at kvar den som ser... skal ha evig liv. (Joh 3:14)
Om den tid som no er, seier Jesus at dei døde skal høyre Guds Sons røyst og dei som høyrer, skal leva. (Joh 5:25)
Denne kontakta vert slutta med auga når du ser det, eller med øyra når du høyrer det, det er det som er trua.

Guds ord seier at vi vert delaktige i gjenfødinga ved trua. Då set Guds ord trua fram som ei motsetning til alt det du og eg kan få til. Når Bibelen skulle finna eit uttrykk som lukkar alle våre gjerningar og alle våre prestasjonar ute, så brukar Gud trua.
Trua er ikkje gjerningar, men hjarteinnstilling. Det var det vi ynskte på sumarskulen her, at Gud kunne venda våre hjarto sine augo slik at vi såg Han, – så fann vi liv i Han i det vi såg og høyrde.

Måtte Herren retta våre augo på Jesus slik at våre hjarto smeltar saman med ordet om Jesus! Det står i Hebrearbrevet at ordet som dei høyrde gagna dei ikkje, for det smelta ikkje saman med deira hjarto ved trua. (Heb 4:2)
Har du opplevt denne samansmelting, at ordet frå Gud vart eit ord til ditt hjarta og ordet var eit ord om Jesus?
«– Tenk det var allting for meg!» Det rann ein ny dag ved det du høyrde og det du såg.

Når Gud skal skapa denne kontakta, denne vår "rettethet" på Jesus, så veit vi ifylgje Guds ord at han går fram på det vis at han fyrst overbevisar deg og meg om synd.
Difor har Gud gjeve sitt ord til oss som lov og evangelium. Og lovens gjerning, seier Herrens ord, er ikkje at vi skal bli heilage, men retteleg syndige. Lova vart lagt til for at synda skulle verta stor. Lova talar til kvar den som har lova for at kvar munn skal verta tilstoppa og heile verda verta skuldig for Gud. (Rom 3:19)
Det er ikkje noko fryktelegare eg høyrer enn når folk står på ein preikestol og hamrar med lova for å få folk snille og gudfryktige. Det er ein styggedom!

Nei kjære ven, når Guds ord svingar lovens skarpe sverd, så har det ikkje den hensikt at folk skal verta snille, men stygge…
Men så har Gud også gjeve ordet sitt som evangelium. Då har du ein god bakgrunn å mala Jesus som korsfesta på.

Så går Gud altså fram på det vis at han avslørar oss. Vi vert først syndarar, så vert vi store syndarar, så vert vi fortapte syndarar.
«Jeg var fortapt og så ingen vei,» skriv ein songar. Fortapt og såg ingen veg, – har du vore der? «Nei, eg har ikkje vore der, men eg kan vel være ein kristen likevel,» spør du kanskje?
Kan eg få lov å seie det til deg min ven: Eg trur det ikkje.
Kvifor? Fordi eg veit ifylgje Guds ord at du er ikkje komen i det rette forholdet til Jesus. Når Gud avkler oss og gjer oss til syndarar, så høyr her min kjære ven: Det er ikkje for Guds skuld, det er ikkje at mine tårer og min anger skal gjera meg verdig for Gud. Nei, langt ifrå. Det rører ikkje Guds hjarta. «Gråt jeg både dag og natt…» Det rørde ikkje Guds hjarta. Når det skjer, så er det for di skuld.
Kvifor? Fordi du skal koma i det rette forhold til Jesus. Kva vil det seie? Jau, det ser du når du ser kven Jesus er.
Jesus, mine vener, han er ein stedfortredar.
Kven er det som treng ein stedfortredar? Det er dei som er døde. Det er ikkje dei som er litt sjuke. Dei kan sende bod etter ein doktor og få ei sprøyte.
Må eg få lov og seia deg: Det er så mange i våre dagar som har funne seg ein Jesus som berre er ein hjelpar. Så lever dei med denne Jesus. Men det var ikkje Bibelens Jesus, for han er ein stedfortredar.
Difor ser du kvifor Gud må visa oss vår fortapte stilling. Det er fordi du og eg skal sjå at vi ikkje berre treng litt hjelp, men vi treng ein mann i plassen for oss.

Så er det ein ting til. Det er dette at vi ikkje skal ha dette med Jesus i hovudet vårt. Det hjelper ikkje å omvenda hovudet, det gjeld hjarta. «Når hjertet sitter mest beklemt, Da bliver frydens harpe tent, Så den kan bedre klinge...»
Ser du kvifor Gud må gå denne vegen? Ikkje for si skuld, men for vår skuld, så vi skal få bruk for stedfortredaren!

No veit ikkje eg korleis du har det her. Men hugs på det at her er du i Guds arbeidsrom og han held på med deg her. Han held på å riva ned fordi du vil ha han til å hjelpa deg med gudsfrykt, hjelpa deg på vegen til Himmelen. Men han har ikkje interesse av det, for han vil riva ned det verket ditt, for at du skal få bruk for stedfortredaren.

Det er så vondt å sjå massar av menneske som strir mot Gud mitt i si gudsfrykt. Det er mest så det kan røra eit steinhjarta å sjå korleis folk kan ta det alvorlig, freista å byggja opp, og så veit vi at Gud set inn på å riva ned, – fordi han vil få deg der hen at du treng ein stedfortredar.

Er du her, min ven, som ikkje får det til? Du har gått der og vona år etter år at no måtte det bli alvor, no måtte også du få det til...
No har du kome til sumarskulen med dette stille håp at no må det skje.
Du min ven, skal eg få lov å seia deg noko, det skjer ikkje fordi det har skjedd!
Når du og eg vert frelst, – korleis skjer det?
Det skjer på den måten at vi ser at vi er frelst. Du blir ved å sjå at du er. Det er forunderleg.

Det vert sagt at vi har eit frelsestilbod, men det er ikkje sant. Evangeliet er ein frelsesbodskap.
Det er ein så kraftig bodskap at den skapar den tillit i hjarta ditt som skal til for at du eig det.
Nei tilbod får eg ofte som forretningsmann. Men dette evangelium er ein frelsesbodskap like frå Guds hjarta og dette er så virkekraftig at det er ei Guds kraft til frelse.
Du eig ikkje Guds ord utan ved trua. Men det som er så forunderleg er at denne bodskapen skaper nett den tillit som er sjølve trua.
Dette er ein løyndom. Evangeliet sin løyndom er ikkje berre ein bodskap om noko som skjedde for to tusen år sidan, men det er ein bodskap som er verkekraftig.
Ingen eig evangeliet utan ved trua. Men der det lyder, skapar det trua.

Kjære ven, som ikkje får det til. Du som har vona på at det skulle verta ei løysing på det her på sumarskulen. Det vert nok ikkje ei løysing på den måten som du har tenkt.

Men her føreligg ei løysing frå Gud. Du har fått ein stedfortredar i din plass. Han har levd ditt liv, han har dødd for dine synder og no har han sett seg innved Faderens høgre hand og der sit han no og syner seg for Guds åsyn for vår skuld.
Så har du og eg valet mellom å byggja opp vår eigen kristendom og vårt eige hjarta eller å gå fallitt på vår eigen kristendom og vårt eige hjarta… og så få flytta inn i det som er gjort av Gud, av vår stedfortredar, som har elska Gud over alle ting og nesten sin som seg sjølv, han som har teke skuldbrevet på seg sjølv og stroke det ut med sitt blod, han som har sett seg inn ved Faderens høgre hand og viser seg der for Guds åsyn for vår skuld. Det er den andre moglegheit.
Ja, han er din einaste moglegheit, din stedfortredar. Så skal du ikkje koma til himmelen med Guds kraft og Guds hjelp, men du får leve i nåden ved Jesus Kristus.

Tenk det er allting for meg. Så er eg ikkje eit Guds barn ved at eg har lagt livet mitt om, men eg er eit Guds barn for Jesu skuld. Denne hjarta si innstilling på Jesus – tenk det var allting for meg – det er tru. Det er å ta imot Jesus.

Det er så forunderleg, min ven, når du lever i dette, så lever Herren i deg. Det er gjenføding.
Men så er det så lett at du og eg snur saka på hovudet og så vender vi augo frå Jesus og inn i oss sjølve. Så tek vi fram gjenfødinga og set henne under ei grundig ransaking for å sjå om ho er rett. Så skal eg lova deg ein ting: Du finn inga gjenføding.
Men når då du går deg utføre her igjen og ser at du har inga anna redning enn å venda tilbake til Jesus – at han er min – då kjem freden tilbake, då kjem lysta tilbake til å vandra på hans vegar.
Har du opplevt det? Ja, det er gjenføding igjen.

Så gjeld det at magnetnåla er innstilt på Jesus, at Gud får styra slik at du er fornøgd med Han, og har di gleda og tillit i Han.
«Da lagdes i min munn den nye sang…» Du fekk ein ny song, ei ny lyst og ei ny glede. Ikkje ved ytre tvang eller ved viljen sin innsats, men ved at du såg at «det som er ved Sønnen gjort» er nok for tid og æve.

No vil eg spørja deg, min kjære ven som er her. Er dette di røynsle, har du gått denne vegen? Har du fått sett dette lyset?
Ja, det er her tampen brenn. Det er her skiljet går mellom frelst og ufrelst. Det er ikkje om du har valt Kristeleg Folkeparti eller Venstre, om du har valt det eine eller det andre.
Farisearane hadde også valt Guds rike, valt Guds ære og dei hadde også valt Messias. Men ikkje denne Messias vi snakkar om her, for det var ein falsk Messias dei venta på.
Så skiljet går ikkje på viljen sitt plan, men i hjarta. Det står om å sjå og ikkje sjå, ser du det?
Når eg står her og preikar, så er det ikkje for å dømma men det er for stilla klart fram skiljet mellom liv og død, lys og mørke. Salig er du som ser det. Men du som ikkje ser det, forherd ikkje ditt hjarta. Det er her vegen til sæla går. Amen.

Tale av Ole Brandal på sumarskule i Herand i
Hardanger ca 1960. Avskrift frå lydband. Språkleg
revidert og tilrettelagt til skriftleg utgåve ved Arne
Otto Skutlaberg og Jon Espeland

L&E 40. årgang, nummer 4