Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Medan dagane går

Medan dagane går
Av Anders Eide (1925–2004)

Medan dagane går, så mykje vert endra og lite består.
Og snart så kjeme den dagen så stor.
Når alt som var tenkt, ja kviskra på jord.
Skal lyda så sterkt som fossar i kor.

Kor skal det vel ganga for meg og for deg.
Når bøker vert opna og Herren for domen oss dreg.
Då ingen vert gløymde men alle må fram.
Nokon til æra og andre til skam.

Kvar finst det vel redning for den evige gru.
Eit litande svar Herren oss gjev, høyr også du.
I ævelivs morgonen Sonen han gav.
Han utsona alt og han syndbøra bar.

Han frelste oss fyrst og så kalla han oss.
Blodet, ja livet han gav på Golgata kross.
Då kjøpte han alle attende til Gud.
Så me skulle vera hans dyrkjøpte brud.

Takk for kallet du gav meg i ungdommens år.
Takk for frelsa eg fann i Frelsarens sår.
Eg deg gjerne vil takka i jorderiks kår.
Men det betre vil verta når himlen eg når.

Kjære kvar og ein og bygdefolk alle.
Måtte me få nåde å høyra og taka mot kallet.
Så me der heime kan møtast og Jesus få prisa.
Fordi han slik miskunn mot oss ville visa.

Klipp frå intervju med Anders Eide,
som kan lesast på www.josafat.no



L&E 40. årgang, nummer 9-10