Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Kom i hug!

Kom i hug!
Av Dag Rune Lid

«Kom i hug leiarane dykkar, dei som har tala Guds ord til dykk! Legg merke til utgangen av livsferda deira, og fylg etter dei i deira tru.» (Heb 13:7) Bibelen formanar Guds folk om å kome i hug dei som har gått føre og på utgangen av deira livsferd.

Denne formaninga rann meg i hugen då me i byrjinga av november fekk oppleve at forkynnaren Anders Eide frå Tørvikbygd, her i Hardanger, blei forfremma til herlegdomen. Han sovna stille inn i heimen sin med den nære familie kring seg.


Miste mor

Då Anders var 8 år gamal stod han ved ei opa grav og fekk høyre orda: «Av jord er du komen, til jord skal du bli, og av jord skal du atter oppstå.» I kista låg hans eiga mor. Det gjorde eit mektig inntrykk på den vesle guten å miste si kjære mor så tidleg. Saknet var stort. Han måtte få møta mor att. Det forma nok også hans liv på mange vis.

I ungdomsåra levde han ikkje lenger i eit fortruleg samfunn med Jesus. Han hadde ein fot i «verden» og ein på bedehuset. Han visste med seg sjølv at han var ikkje reie til å møte himmelens domar.

Då han gjekk for presten i 14 års alderen, gjekk han med otten i seg at han skulle utsetje si omvending til det blei eit evig for seint. Difor vart det no nokre strevsame ungdomsår for han Anders, der han kjempa med Gud. Men ein sommardag i 1943, i Jondal kyrkje på andre sida av Hardangerfjorden, fekk han oppleve noko som endra heile livet hans.


Jesu blod reinsar

Han var 18 år denne dagen. No hadde han gitt opp alt håp om å kunne verte frelst, slik som han var. Han hadde streva og streva med å få til dette med å vere ein kristen, men det lukkast ikkje.

Men der i kyrkjebenken talte Herren til han, og det byrja å tone for hans indre «Jesus Kristus, Hans Sons blod reinsar frå all synd.» Det gjekk plutseleg opp for han at: — Det gjeld meg! Jesus døydde også for meg! Jesu blod er ei soning for alle mine synder! Livet vart omsnudd.

Difor blei det også denne tonen som prega Anders sitt vitnemål på talarstolen: «O Lammets blod, det dyrebare blod, Som gav meg liv da jeg ved korset stod, Det er min trøst i all min sorg og nød, Min trygge ankergrunn i liv og død.» På same tid bar han med seg denne vekkjande tonen, at me ikkje må leve i sjølvbedrag og ein dag møte ei stengd himmeldør.


Vekkingstid

Då han kom gjennom til liv i Gud, byrja han å reise med Ordet på bedehusa her i bygdane våre i Hardanger. I fyrstninga reiste han for Indremisjonen. Ein periode på 60-talet reiste han for Lekmannsmisjonen, men dei fleste åra fekk han i Misjonssambandet.

I januar 1953 kom han til Hesthammar litt lenger inne i Hardangerfjorden, saman med Indremisjonsforkynnaren Arne Soldal. Dette var den same veka som professor Ole Hallesby heldt si kjende tale.

I denne talen forkynte Ole Hallesby på radioen ut over heile det norske folk: «Hvordan kan du som er uomvendt, hvordan kan du legge deg til å sove om kvelden, du som ikke vet enten du våkner i din seng eller i helvete? Jo, ganske liketil: Du kan legge deg rolig til å sove fordi du mener du vil omvende deg siden. Kunne du spørre dem som er i helvete i dag om de ville omvende seg, så vil de sikkert svare de fleste: Jo, det ville vi. Hvorfor er dere så i helvete? Vil ville aldri omvende oss nå, men siden.» Det slo ned i folket, og på Hesthammar førte det også til at mange søkte til møta og dei fekk ei gild tid der inne. Også seinare opplevde Anders vekkingstider når han var ute og reiste med Ordet.

Mykje av dette som skjedde var nok medverkande til at Anders alltid var oppteken av det bibelske perspektiv frå Heb 4:7: «I dag, om de høyrer Herrens røyst, forherda då ikkje hjarto dykkar!» Difor sa Anders også: «Me må ikkje gå ned frå talarstolen, utan at me gjev folket noko å døy på.» Han visste at Gud har berre gitt deg og meg som menneske — «nuet og evigheten». Morgondagen kjenner ingen, men i dag er Gud å finna!


Gud skal tørka kvar tåra

frå augo deira

I 1994 gav han Anders, saman med Alfred Hamre, ut boka «Ivar Sollesnes Sjelevinnaren», og i den boka står det ei underleg historie. Forkynnaren Ivar Sollesnes kom ein dag syngjande langs vegen og han møtte ei grannekone. Kort tid før hadde han mista tre av dei fire borna sine i sjukdom. Kvinna undra seg og spurde: «Er det no tid for å syngja?» Ivar svarte: «Ja, no er det tid å syngja, for no har dei fått ein så god heim som eg aldri kunne gje dei.» Slik er det for den som kjenner Jesus. Då blir livet på denne jord for ingenting å rekne, mot den himmelske herlegdom heime i himmelen.

Eg fekk vitje Anders for siste gong no i oktober. Me fekk dele nokre Gudsord og nokre songvers. Me tala saman om himmelen og kva han skulle møte der. Me snakka mellom anna om den store kvite flokk i frå Johannes Openberring kap. 7. I denne teksten blir det stilt eit spørsmål i himmelen om alle desse som Johannes ser: — Kven er desse og kor er dei komne frå?

Så lydde svaret: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei har tvetta kjortlane sine og gjort dei kvite i Lammets blod. Difor er dei for Guds trone og tener han dag og natt i hans tempel, og han som sit på trona, skal reisa sin bustad over dei. Dei skal ikkje hungra meir, og heller ikkje tyrsta meir. Sola skal ikkje falla på dei, eller nokon hete. For Lammet, som er midt framfor trona, skal vakta dei og føra dei til livsens vasskjelder. Og Gud skal tørka kvar tåre frå augo deira.»

Då me las dette, var det som Anders ville lyfta hendene, men kreftene strakk ikkje til. Men no har han fått lyfta hendene i det himmelske kor og syng med ei forløyst tunge: —Velsigninga og herlegdomen, visdommen og takken, æra og makta og styrken høyrer vår Gud til i all æve! Lammet er verdig!

Måtte også me få ta den himmelske formaning til hjarta; «Legg merke til utgangen av livsferda deira, og fylg etter dei i deira tru», slik at me saman kan få møtast ved nådens truna i himmelen.


L&E 41. årgang, nummer 1