Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Den siste timen (I)

Dette er ein artikkelserie med referat frå talene som Gunnar Soppeland hadde på Hovudsommarskulen til NLL på Moi 2004, som vil kome i bladet i tida framover. Referata er utarbeidt av Dag Rune Lid og litt omarbeidde i forhold til den munnlege forma.


Den siste timen (I)
Av Gunnar Soppeland

«Mine born, det er den siste timen. Og liksom de har høyrt at Antikrist kjem, så har alt no mange antikristar stått fram. Av dette veit vi at det er den siste timen» (1Joh 2:18).

Det er eit bestemt tidsperspektiv som Johannes her gjev oss, og han grunngjev sin påstand med åndelige kjenneteikn. Johannes tok Jesu eigne ord frå Matt 24 på alvor, der Jesus viser til både indre og ytre teikn i tida før han kjem att. Det skal koma ei veldig åndeleg forføring gjennom falske profetar og messiasar. Han seier at mange falske profetetar skal stå fram, og dei skal forføra mange.

Difor skal «Herrens dag koma uventa, som ein tjuv, når dei seier at det er fred og ingen fare». Når ein meinar å ha alt under kontroll, då skal det skje.

Så seier Paulus: «– Lat ingen lura dykk!» (2Tess 2:3) Alle som lever i denne siste tid vil bli utsette for denne fare og forføring. Jesus brukar sterke ord om disse forførarane og seier at dei «skal stå fram og gjera store teikn og under, for å føra jamvel dei utvalde vilt, om det var råd» (Matt 24:24).


Åndeleg søvn – endra realitetssans

Den åndelege søvn har vore eit stadig faremoment til alle tider, men det skal vera eit særtrekk ved den siste tid. Paulus tek det opp i fleire av sine brev, og skriv mellom anna til romarane: «Og dette må vi gjera, av di vi kjenner tida, at timen er inne då vi lyt vakna or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. Det lir med natta, det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, men ta på oss våpna åt ljoset» (Rom 13:11-12).

Det skreiv Paulus allereie då. Gjennom heile Skrifta blir «born av ljoset og av dagen» åtvara mot åndeleg søvn, og oppfordra til å vake og vere edrue.

Søvn og rus endrar realitetssansen. Ein ser, men ser ikkje rett. Ein ser ikkje sant på situasjonen. Draum og røyndom, sanning og løgn blir blanda saman. Den som er rusa følgjer ikkje med på kva som skjer med han eller omkring han. Ein lever i si eiga verd, i ein kunstig røyndom, i si eiga draumeverd.

Det spesielle med å falle i søvn er at ein aldri veit når det skjer. Det er når ein blir vekt ein blir klar over at ein har sove. Ein kan bråvakne av at den verkelege røynda bryt svevnen av, og ein slår plutseleg augo opp i ein uønskt tilstand. Slik var det med brurmøyane.

Dei fall i søvn, men midt på natta lydde det eit rop: «– Brudgommen kjem!» Det var brurmøyar som var på veg for å vere med når brudgommen kom. Så vakna dei og konstaterte: «– Lampane våre sloknar!» Dei kom for seint! Dei kom til stengde dører! Realitetssansen var frårøva dei!


Er det misforhold i ditt liv?

Me kan tenkja på den rike mannen som slo sine augo opp i pine. Han vakna óg. Det måtte vere ein brutal måte å bli vekt på.

Like eins kyrkjelyden i Laodikea som blei avvist av det trufaste og sannferdige vitne. Deira oppfatning stemde ikkje med den åndelege røynda. Realitetssansen deira var forvrengt. Dei vart lurde. Dei vart forførde.

Åndeleg sett er det ingen som er så vakne at ein ikkje treng til å bli vekt. Det kan vera at Herren i vår situasjon treng å ta frå oss vrangforestillingar som vi er tilført av endetidas villfaring. Kanskje det er vi som er i ferd med å bli lurde?

Guds Ord må få gjera oss merksame på alvorlege misforhold som har snike seg inn, både i det kristne arbeidet, og i den enkelte sitt liv. Misforhold som kan bli avgjerande når endetida si smerte og trengsle set inn.

Difor skal du opna ditt hjarta for Herrens tale, og la Herren med sitt Ord og si ånd få lov å ransaka deg – om det er misforhold i ditt liv? Det som elles kan bli din bane. «Den siste timen» er full av misforhold og vrengebilete av sanninga.


Løydomen i lovløysa

Paulus skriv om at løyndomen i lovløysa er alt verksam (2Tess 2:7). Løyndomen i lovløysa er eit spesielt uttrykk som tyder ulydnad og opprør i løynd og hemmeleg form. Det ytre og det indre er ikkje i samsvar.

Slikt misforhold var typisk for fem av dei sju kyrkjelydane i Vesle-Asia som står omtalt i Johannes Openberring. Det var ulydnad og opprør i skjult form, mot han som var det truverdige vitne (Op 1:5). Han kom og sette fingeren på det som var deira fare.

Ut i frå Guds Ord kan det sjå ut til at tilstanden i Laodikea blir typisk både for det åndelege og verdslege området i den siste tid.


Folkestyret opphøgd

Laodika tyder folkestyre. Demokratiet er på mange område ei ideell styringsform når det berre er tufta på eit sant verdigrunnlag. Men i den siste timen er det mykje som tyder på at folkestyret opphøgjer seg sjølv som øvste rettsinstans både samfunnsmessig og åndeleg. Stortinget har ved fleire høve sett seg over Guds Ord. Åndelege leiarar har gjort det same.

Det er dette Paulus skriv om i 2Tim 4:3: «For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra…»

Totalitære regime som ikkje har tolt eller tillete den sunne læra, har det vore eksempel på til alle tider. Men Antikrist, som folkehavet i endetida skal lyfte fram, skal på ein særeigen måte koma folkeviljen i møte. Han er skildra med ein farleg sjarm i si omsorg for det usle, svake mennesket si lyst til det vonde. Han vil gjere folket til lukkelege syndarar og har difor alliert seg med den store skjøkja.

I dette forholdet blir Bibelen både dømande og diskriminerande, og såleis lovstridig. På den åndelege fronten blir ein altså intolerant overfor den sunne læra og tolerant overfor den usunne. Paulus nemner sjølv to forsamlingar der det alt på hans tid var blitt slik. Det var i Korint og Galatia.


Vranglæra – forfalsking av evangeliet

Mellom korintarane opptrer falske apostlar. Dei forkynner ein annan Jesus. Dei formidlar ei anna ånd, og dei formidlar eit anna evangelium. Så seier han: «– De toler det så gjerne» (2Kor 11:4).

Mellom Galatarane ser ein ei tilsvarande utvikling. Paulus skriv: «Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk?» (Gal 3:1). Dei begynte i ånd, og ville no fullføra i kjøt. Dei tolte ei forkynning som gradvis fjerna dei frå sanninga i evangeliet.

Sjølv om det er mange evangelium, er det berre eitt evangelium som frelser. Det er dette Guds folk skal ivareta. Men når demokratiet blir overordna rettsinstans og dommar, er det fare for at fordeling av lærestatus veg meir enn sjølve læreansvaret. Og i trå med dette kan representasjon bli viktigare enn kvalifikasjon, og samhald av sprikande syn, meiningar og praksis, bli overordna sanninga!

Over lang tid har ein sett at tolegrensa for usanning mellom kristne er tøygd og utvida, slik at ein kan lura på om slik grense lenger fins. Medan tolegrensa overfor bibelske sanningar er snevra så drastisk inn at Bibelen på fleire punkt nærast har fått teieplikt.


Konfrontere med Sanninga

Paulus ber dei truande om å halde auga med folk som valdar kløyving og fråfall frå den sunne læra, og ber dei om vende seg frå dei. Han oppmodar til konfrontasjon (Rom 16:17-20).

Profeten Jeremia fekk kall til å vera ein reiskap i Guds rike med orda: «Du skal binda opp om deg og stå opp og tala til dei alt det eg byd deg. Ver ikkje redd dei, så eg ikkje skal gjera deg redd dei! Og sjå, i dag gjer eg deg til ei fast borg og til ei jernstøtte og til ein koparmur mot heile landet – mot kongane i Juda, mot hovdingane der, mot prestane og mot folket i landet» (Jer 1:17-18).

Det kan fort snu om. Den som byrjar å frykte demokratiet, folkestyret og folkeviljen, kan veldig fort koma til å bli dette underdaning.

Gud reiste seg opp eit vitne som stod imot utviklinga i si samtid. Det er ikkje moderne å vera imot. Du skal vera positiv! Du skal vera open! Du skal vera tolerant! Men Gud reiste seg opp eit vitne som skulle vera imot og sa: – Du skal ikkje tole usanninga, du skal stå som ein mur slik Guds evige Ord står opp mot det vonde!


Ikkje med vise ord

Då Paulus skriv til romarane (Rom 16:17-20) om forførarane, seier han at dei kjem i løynd form. Utvendig kjem dei under dekke av å vera Kristi tenarar, men innvendes tener dei sin eigen buk.

Dette er ein fare som ikkje berre gjeld falske profetar, men det er ein fare for alle. Det å ha dei rette meiningane, men likevel ikkje ha det rett i sitt hjarteforhold til Gud. Det er det som er poenget her.

Forførarane kom med fagre og smiskane ord, poengterer Paulus. Dette har med forma på forkynninga deira å gjere. Og det var denne forma som gjorde at hjarto til dei godtruande vart dåra. Dei oppnådde å skaffe seg sjølv inngang og framgang. Midlet var eit evangelium innhylla i smiskande ord, men utan kraft til frelse.

Det var nok eit evangelium som låg nært opp til det Paulus forkynte, men frelseskrafta mangla. Om si eiga forkynning seier Paulus at han ikkje kom «med vise ord, så Kristi kross ikkje skulle missa si kraft» (1Kor 1:17).

Det var altså avgjerande korleis evangeliet blei forkynt. Det skulle ikkje forkynnast med vise ord. Det skulle ikkje leggjast til rette for forstanden. Det skulle ikkje avgrensast til det folket kunne tole å høyre. Då ville det tape si kraft, sjølv om det kunne vera mykje evangelisk sanning i det.

Framhald neste nr.




L&E 41. årgang, nummer 2