Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Den siste timen (II)

Den siste timen (II)

Tale av Gunnar Soppeland (sommarskulen 2004)


Dei godtruande

Både i Rom, Galatia og Korint var det godtruande personar i forsamlingane. Det vil seie at dei støtta seg til, og trudde på, forførarane sine smigrande ord. Dei støtta seg til mange glimrande utsegner som forførarane hadde om seg sjølve. Det dei ynskte, meinte og ville, fann dei godtruande akseptabelt.

Paulus vurderer dei derimot ut frå det faktiske innhaldet i forkynninga. Han ser at det er noko som ikkje stemmer med den ytre framferda deira. Og han avdekker vidare det som låg skjult under dei smiskande orda.

Han skriv: "For desse er falske apostlar, svikefulle arbeidarar, som skaper seg om til Kristi apostlar. Og det er ikkje noko å undrast over, for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel. Då er det ikkje noko stort i det at tenarane hans òg skapar seg om til tenarar for rettferda. Men dei skal få ein ende som svarar til verket deira" (2Kor 11:13-15).

Dei har altså prøvd å verte så like Kristi apostlar som mogleg. Dei var imøtekomande og smigrande. Kanskje er det og typisk for endetidskristendommen at folk sjølv skaper seg om til kristne arbeidarar. Dei har skin av gudsfrykt, men fornektar hennar kraft. Dei kan det rette! Dei har lært det rette! Men dei har det ikkje rett! Difor er dei forførarar.


Sløve til å høyra

I den siste timen vert ikkje nådegåver og vitnemål etterprøvd på Guds Ord. Det som betyr noko, er om personen styrkjer oss, støttar vår gruppe, vårt syn osv.

Det manglar ikkje på vilje og tanke for kven ein skal tilsetje, og framgangsmåtar og prøvetid for dei ein vil bruke i teneste for evangeliet. Alle verksemder har detaljerte føresegner om slikt. Men for at dette skal fungere, krev det oppøvde åndelege sansar til å etterprøve dei åndelege og menneskelege kvalifikasjonane i praksis, slik Paulus gjorde.

Men i ei svevnens tid sløvnar dei åndelege sansane. Me nyttar uttrykket slumringstid. Då vert ein sløva, og det går ut over dei åndelege sansane som skulle vere på vakt. Dei som skulle stå på muren, og som kunne gje beskjed, slumrar.

I Hebrearbrevet (5:11-14) står det: "Om dette har vi mykje å seie som er vanskeleg å leggja ut, fordi de har vorte sløve til å høyre. For endå de etter tida burde ha vore lærarar, treng de einkvan som atter lærer dykk dei fyrste grunnleggjande ting i Guds Ord. De har vorte slike som treng til mjølk, ikkje fast føde. For den som enno får mjølk, kjenner ikkje rettferds ord, han er då eit barn. Men fast føde er for dei vaksne, for dei som ved å bruka sansane sine, har øvd dei opp til å skilje mellom godt og vondt."

Her er den åndelege forståinga og alvoret sløvna bort. Dei burde vore lærarar, og hjelpt andre til klårleik i ei forvirra tid. Men dei trong sjølve til nokon som lærde dei om att dei fyrste grunnleggjande tinga i Guds Ord, det som er avgjerande for å kome til nytt liv i Gud. Dette heldt på å smuldre bort mellom dei truande.


Øve opp sansane til å skilje

Så vert det ei samanblanding av godt og vondt, slik det var i Laodikea. Dei var verken kalde eller varme, men lunka. Difor ville Herren spy dei ut or munnen sin.

"Men fast føde er for dei vaksne, for dei som ved å bruka sansane sine, har øvd dei opp til å skilje mellom godt og vondt." Motsetninga til dei som hadde sløvna inn, var dei åndeleg vaksne som hadde oppøvd sansane sine til å skilje mellom godt og vondt.

Hjå den som er sløvna, vil det gode og det vonde etter kvart blandast i hop. Han vil setje andre grenser enn ein med klåre åndelege sansar. Når ein ser korleis dei bibelske grenseskilja gradvis vert viska ut i både kyrkjesamfunn og organisasjonar, er det verkeleg grunn til å spørje om denne åndelege skade, med sløve sansar, går heilt til topps i styre og stell? Det gjer i så fall situasjonen verkeleg dramatisk.


Dei godtruande trur godt om alt!

Der lærarar og hyrdar med oppøvde sansar skulle sitje, set ein då inn godtruande lærarar og hyrdar. Godtruande er i dag vorte synonymt med rett-truande, og dermed ein vesentleg kvalifikasjon for å koma med i det "gode selskap". Den som ikkje er godtruande i den samanhengen han står i, vert fort uglesett.

Ein godtruande er lojal og ukritisk. Han talar der han skulle teie, og teier der han skulle tale. Han trur godt om alt! Til og med om det Bibelen talar imot. Og om han ikkje er einig i alt, så toler han at alt får rom. Som til dømes kvinnelege hyrdar og lærarar, sambuarskap både mellom like og ulike kjønn, fosterdrap, m.v.

Dei bryr seg meir om at noko skjer, enn kva som skjer, og ser meir på effektiviteten av nye tiltak, enn på rørslene, ideane, tankane og det åndelege synet som ligg bak. For godtruande manglar oppøvd evne til å skilje mellom godt og vondt, ånd og kjøt, lov og evangelium.

Dei godtruande vert sjølvsikre og sjølvhjelpne. Dei trur òg godt om seg sjølve. Dette skin tydeleg gjennom når me tenkjer etter kor mykje av det kristne arbeidet, voner, visjonar og draumar som i dag er bunde til det jordiske. Alt skal drivast og sikrast med jordiske og verdslege midlar og metodar. Ein er meir avhengig av vanleg logikk og kvardagserfaring enn åndeleg skjøn og nådegåver.


Der skatten din er

Kvifor er det slik? Fordi den som ikkje er rik i Gud, tryggjer livet sitt med det han eig, og sovnar av. I staden for å vere rik i Gud og avhengig av å få alt av hans hand, vert ein då rik på det som erstattar Gud, og som gjer oss sjølvstendige og uavhengige av han.

"Der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera" (Matt 6:21), seier Jesus. Problemet med den jordiske rikdommen er ikkje kva du gjer med han, men kva rikdomen gjer med deg – med hjarto våre, er det sagt. Det er ikkje at du skulle gitt meir – der eller der. Det er ofte det som vert sagt. Så råkast samvitet. Dermed trur ein at ein berre kan betale seg ut av problemet.

Jesus seier: «Søk først Guds rike, så får du det du treng i tillegg» (Matt 6:33). Er ikkje det sikkert nok? Kvifor trur du Jesus seier dette? Er det for å lokke oss inn på noko usikkert? Nei, fordi Guds rike er det einaste sikre vi har i denne verda! Der skatten din er, der vil hjarta ditt vera – det er alvoret. Skatten gjer noko med hjarta, den trekkjer det til seg. Skatten får hjarta til å virka for seg! Der me er med hjarta, der er me med heile livet vårt!


Slå deg til ro

Den rike mannen sa: "Sjel! Du har mykje godt liggjande for mange år. Slå deg til ro – et, drikk, ver glad!" (Luk 12:19). Så vart det ro, men det var ei falsk ro, ei dødens ro, der det skulle ha vore uro, naud og hjelpelaust rop til himmelens Gud. Kvifor? Fordi hjarta vart styrt av falske skattar. Prisen for denne svevnens ro i verda, er ei æve utan Gud!

Bibelen seier: "Og no, de rike! Gråt og klag over all den ulukke som kjem over dykk! Rikdomen dykkar er rotna, og kleda dykkar er møll-etne. Gullet og sølvet dykkar er rusta bort, og rusta på det skal verte eit vitnemål mot dykk, og lik eld skal ho eta dykkar kjøt. De har sanka skattar i dei siste dagar! Sjå, løna de har halde attende frå arbeidarane som har skore åkrane dykkar, ropar høgt, og ropa frå haustfolka har nådd fram til Herren Sebaots øyro. De har levd i ovlivnad og overflod på jorda. De har gjødd hjarto dykkar på slaktedagen" (Jak 5:1-5).

Kvifor vert dette gullet og sølvet til eit vitnemål mot den rike? Fordi han har sanka skattar i dei siste dagar. Travelheita og opptattheita med denne verdens ting, stod ikkje i forhold til åndssituasjonen han levde i. Her er det eit grovt misforhold også i vår tid, med tanke på at me er i den siste timen.

Ein er i ferd med å styrkje sine hjarto med dette som ein dag skal vitna imot ein. Hadde me høyrt dette Ordet som her vart lese, trur eg me hadde falle på våre kne og ropt til himmelens Gud. Me hadde bedt Herren fri oss frå denne mammons makt, som har knytt våre hjarto til seg på ein slik måte, at me ikkje lenger skjønar kva åndssituasjon me er i!


Me lyt vakna or svevnen!

Kva er det Paulus skriv til romarane? "Dette må me gjere, av di me kjenner tida, at timen er inne då me lyt vakna or svevnen" (Rom 13:11). Han hadde gjort dei kjent med noko, som måtte føra til noko. Me lyt vakna or svevnen! Eg er overtydd om at svevnen er det mest alvorlege problemet me står overfor. Timen er inne til å vakne or svevnen.

Seier me ikkje til vanleg når tida held på å renne ut: "No må me skunde oss! No må me ikkje kome for seint!" Guds folk, me må skunde oss! I dag om du høyrer røysta hans! Det er ingen morgondag som Bibelen forkynner. Nei, Bibelen forkynner i dag! Me må skunde oss!

Spørsmålet er ikkje kor me står med våre liv i det kristne arbeidet, men spørsmålet er kor me står i vårt forhold til Gud med hjarto våre. Spørsmåla vert: Er me rike i Gud? Kva rikdom er det hjarto våre heng fast ved? Kor er me? Det er det Bibelen her rettar søkjelyset sitt mot.


Å vere i Kristus

I Kristus er brukt nærare to hundre gonger i NT. Det er eit uttrykk som plasserer Guds folk ein bestemt stad – i Kristus: Der er det sikkert, der er det trygt, der er det rikdom, der er det omsorg for lekam og sjel. Det er den einaste sikre staden for både tid og æve! Å vere i Kristus uttrykkjer det mest inderlege samfunnet ein kan tenkje seg.

Paulus var reie, og hans liv var i Kristus. Han seier "For det å leva er for meg Kristus, og det å døy er ei vinning" (Fil 1:21). Paulus var i rett posisjon.

Verdien av å vere i Kristus er bestemt ut frå kven Kristus er! Er me i han, beror alt på han. Det han er og den han er, bestemmer alt under alle forhold.


Kristus kjem i mellom

Men eit direkte forhold til Kristus gjev eit indirekte forhold til alt anna. Ein vert omgitt av han på alle kantar. Ein har Kristus mellom seg og alle forhold. Det grunnleggjande og berande er at Kristus kjem i mellom den truande og Gud – og med sitt dyre blod skjuler alle hans synder. Men han kjem og i mellom den truande og verda, den truande og Satan, den truande og vondskapens åndehær i himmelrommet.

Kristus kjem i mellom absolutt alle forhold som måtte møte oss på livsvegen. Det er ikkje eit punkt, og det er ikkje ein plass på vandringa vår, kor ikkje Kristus kjem i mellom oss og dei ytre vilkåra. Det er eit salig og oppbyggeleg bibelsk faktum.

Han kjem i mellom bror og bror, mellom kone og mann, mellom Guds folk og verda, mellom forkynnar og forsamling. Ingen ting er unnateke. Kristus kjem i mellom alt. Den som har Kristus mellom seg og alt, han er og sikra i endetida.

Paulus seier: "På alle vis er vi trengde, men ikkje stengde; rådville, men ikkje rådlause; forfylgde, men ikkje forlatne; nedslegne, men ikkje utslegne" (2Kor 4:8).


Verken stengd eller rådlaus

Det betyr at Guds folk på alle vis er trengde, slik Jesus var trengd i denne verda. Men ingen vert stengde så lenge Kristus kjem i mellom alt. Me er rådville, men ikkje rådlause, for Kristus, Rådgjevaren, kjem i mellom! Om ein må stå åleine i denne verda, og ha alt og alle mot seg, er ein verken stengd eller rådlaus!

"Har dei forfylgt meg, så vil dei forfylgja dykk òg" (Joh 15:20), seier Jesus. Du kan vere forfylgd, men du vert ikkje forlaten. Pris skje Gud! Det er ein som står i mellom deg og den forfylging du måtte møta på vegen din. I Kristus er du ikkje forleten.

Det er lett å verta nedslegen reint menneskeleg, men ikkje utslegen. For Kristus står i mellom deg og det som ville slå deg ned. Difor vert me ikkje utslegne! For den som er i Kristus er ikkje stengd, ikkje rådlaus, ikkje forleten, ikkje utslegen. I Kristus kan alle dører opnast, alle bommar sprengjast og alle bakkar jamnast ut.

Utan Kristus kan me ingenting gjere. Det som ikkje vart gjort i han, vil ein til sist ynskje var ugjort. Det kjem berre til å stå att som vitne om dårars dårskap.

Er det mistanke om misforhold i ditt liv, at ikkje Kristus er din høgste skatt eller slepp til mellom deg og dine skattar, må du ikkje ta det lett og enkelt med det som no er sagt. Må Gud velsigne den enkelte!

Framhald neste nr.




L&E 41. årgang, nummer 3