Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Når Jesus kjem inn

Når Jesus kjem inn
Vitnemål av Kjell Farnes


No skal eg fortelja korleis eg hadde det før eg vart frelst. Eg levde eit perfekt liv reint menneskeleg, og Jesus hadde eg ikkje bruk for. Men eg trudde på Gud. Jesus var derimot langt vekke. Eg vaks opp i ein kristen heim, og var på ein kristen ungdomsskule i to vintrar. Men det var akkurat som forkynninga prella av. Eg var fornøgd slik eg hadde det. Då eg var 19 år og heime på garden med våronna, heilt åleine, overarbeidde eg meg. Den sumaren vart eg sjuk.

Den hausten eg fylte 20 år kom eg til Norheimsund. Det vart gjennombrotet for det åndelege livet mitt, for der kom eg sammen med nyfrelste ungdommar, og eg fekk sjå meg frelst og fri ved det som Jesus hadde gjort. Eg hadde nokre dystre tankar den hausten, men fekk sitja under ei sann forkynning av lov og evangelium. Det vart velsigna godt å få ordna opp med sin Gud og Frelsar.

Han som eg budde hjå, ga meg det rådet å kjøpe husandaktsboka til Rosenius. Det gjorde eg, og eg las meg frelst.

Men eg lyt nemna ein ting til. Eg har tenkt mykje i det siste på dette med helging. Eit sant kristenliv får vi når vi tek imot Jesus og det han har gjort for oss. Men skal det gagna oss, må vi ha behov for Jesus. Det får vi ved at lova vert forkynt, for då får vi vete kva som er rett og gale, og vi får sjå sant på oss sjølve. Helginga kjem som ei frukt når me er frelste på det Jesus har gjort. Når me lukkar Jesus inn i hjarta og får eit nytt liv i Kristus, kan me seia med Ordet: «Det gamle er forgjenge, sjå alt hev vorte nytt.» Då leier Den Heilage Ande oss på rettferds vegar. Lova er vorte ein kjær vegvisar til det gode.

Hebrearane 10, versa 26–28 seier: «For dersom me held fram med å synda med vilje, etter at me har lært å kjenna sanninga, då er det ikkje att noko offer for synder, men berre ei forferdeleg gru for dom og ein logande brennhug som skal fortera dei motstridige». Lat oss be om at me får leva i nådesamfunnet med Kristus, slik at me kan ha himmelen i vente, og ikkje fortapinga. Det skjer når Den Heilage Ande kjem til oss og opplyser og helgar oss til all god gjerning. «Trå etter fred med alle, og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren» (Heb 12:14).

Takk Jesus for ditt verk til oss! Det var ei soning stor. Eg ber om at du kjem inn og gjev oss av ditt ord!



«Og Ordet ble kjød og tok bolig iblant oss. Og vi så hans herlighet, en herlighet som den en enbåren Sønn har fra sin Far, full av nåde og sannhet».

Joh 1:14


L&E 41. årgang, nummer 10