Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Fast fjell å stå på

Fast fjell å stå på
Av Ludvig Hope


«Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid». Heb 13:8


Slik som berget står midt i fossen, står Kristus midt i menneskeslekta, mektig til å frelsa. Slik som sola kvar dag stig opp over jorda, utan noko anna krav enn å få lov til å lysa, varma og gi liv, slik er Jesu Kristi nåde kvar morgon ny over oss. Utanfor han er alt natt og død. I han er ljoset og livet. Hjå han finn me livsens meining og mål – hjå han åleine! Ingen kan forstå fullt ut det guddomsunderet at me vart utvalde i han før verda vart til. Men det er likevel dette som gjer frelsa så grunnfast og heilt av nåde.

Det som vart lagt i grus av Adam, er bygd opp att i Kristus. Han er den ånda som gir liv, det evige livet. Og han gir det til alle som let seg skilja ut av Adams ætt og som trur på namnet hans. Der Adam la dødsens frø, der legg Kristus livsfrøet, og den som tillitsfullt gir seg til han, skal i all æva ikkje døy.

La så alt anna svikta og gå under! Her er fast fjell å stå på, her er ljos i mørket, her er liv i dødsens land. Her er det einaste trygge utgangspunktet for reisa til det riket der livet aldri sloknar og sola aldri sig. Ved han gjer Herren oss fulldugande til det gode, og han verkar i oss det som er til hugnad for han sjølv.

«Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket». (Op 1:17b-18)

Å Jesus, ditt namn er det beste,

av alt det du syndaren gav.

I bøna hans fullkomne feste,

i døden hans kjepp og hans stav!

(Sb. nr. 395, v. 1)


Frå «Eit ord i dag»,

Lunde forlag


L&E 42. årgang, nummer 1