Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Nokre ord til ettertanke

Nokre ord til ettertanke
Av Kjell Farnes


I Skrifta står det mykje om dette: du skal, og du skal ikkje. Korleis skal det oppfattast? Jau, akkurat slik som det står, for dette er lova og formaningane. Og dei skal vi lære å fylja. Men då må han gamle Adam dødast, og vi må få eit nytt liv i Kristus. For han gamle Adam kan aldri verta anna enn ein lovtræl viss han skal gå inn for å fylja lova utan at ein er fødd på ny. Men som det står i Rom 6:6-8: «Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han for at syndelekamen skulle verta til inkje så vi ikkje lenger skal væra trælar under synda. For den som er død, er rettferdiggjord frå synda. Men døyde vi med Kristus, då trur vi at vi skal leva med han».

Har vi så teke imot Kristus då er vi ein ny skapning, 2Kor 5:17: «Difor om nokon er i Kristus då er han ein ny skapning, det gamle er forgjenge, sjå alt hev vorte nytt». Når vi så er rettferdigjorde i Kristus, gjer vi dei gode gjerningane som fører til helging. «Trå etter fred med alle og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren», Heb 12:14. Og i 1Tess 4:3 står det: «For dette er Guds vilje, dykkar helging: hald dykk frå hor»! Les óg Rom 6:19-22 og 1Tim 2:15!

Men dersom du ikkje har behov for det Jesus har gjort, gagnar det deg ikkje. Difor er det så viktig at lova vert forkynt. Når du prøver deg på den, får du sjå di sanne stilling, og du skjøner at du verkeleg treng ein Frelsar.

Det naturlege menneske forstår ikkje dette, for det er slik det står hos profeten Jesaja 55:8-9: «For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. For liksom himmelen er høgare enn jorda, slik er mine vegar høgare enn dykkar vegar, og mine tankar høgare enn dykkar tankar».

L&E 42. årgang, nummer 6