Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Ei open dør

Ei open dør

Av Dag Rune Lid 

Me sit på flyplassen i Odessa i Ukraina, på gjennomreis etter litt over ei veke i Moldova. Me har fått besøkje arbeidet NLL støttar. For det meste har me vore i Tiraspol som ligg i Aust-Moldova, eller Transnistria som det også vert kalla.

Inntrykka og tankane er mange. Ordet har vorte forkynt for lyttande sjeler. Det er hunger etter Ordet. Då Herren skreiv til kyrkjelyden i Filadelfia, sa han: «Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg hev sett framfyre deg ei opna dør, og ingen kan lata henne att; for du hev liti kraft, og hev like vel teke vare på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn» (Op 3:8). Det var som det skulle vore skrive til desse i Transnistria.

Folket her har lide mykje. Over 70 år med kommunistisk styre har merka dei fleste. Ein sa at kommunismen til saman hadde teke livet av 100 millionar menneske. Det har vore frykt, deportasjonar, drap og ulykker. I samtale med enkeltmenneske får me høyre om mange tragiske skjebnar.

I 1999 søkte Natalia Moser politisk asyl i Noreg, og det førte henne i kontakt med Bibelskulen på Fossnes og Lekmannsmisjonen. Ho fekk ikkje bli her, men då ho flytta attende til Moldova, kunne ho ein god del norsk. Ho tolkar no til russisk, og det har opna opp for ytremisjonsarbeid. Me får vere med å støtte den lutherske kyrkja som tek sine første famlande steg. Må me omslutte dei i bøn og offer!

Dei vekkjande tonane frå himmelen har fått lyde på møta. Ein kveld fekk dei høyre om då patriarken Jakob kom inn i vekkjinga, og me delte også med forsamlinga glimt frå vekkjinga i Efesus (Apg 19). Dei fekk høyre frå vekkjingane i Noreg, som står omtala i boka «Vårløysing» av Oscar Handeland. Me merka at vekkjingstonane vann gjenklang i hjarto. Tenk om vekkjingselden kunne få fate her!

Etter Sovjetunionen sitt samanbrot, vart Moldova sjølvstendig. Men berre kort tid etter (1992) braut det ut borgarkrig, og provinsen Transnistria lausreiv seg frå Moldova, og er i dag i praksis eigen republikk. Styreforma er diktatorisk, utan ytringsfridom. Både i Moldova og Transnistria har Gud opna ein veg til å forkynne evangeliet.

Då me var samla den siste kvelden, vart det opplyst at me rekna med det vart eit nytt besøk i påska, eller noko før det. I samtalen spør dei: – Kan de ikkje kome før? Me les i vår bibel kvar dag, men me ville gjerne ha meir kunnskap til å trenge inn i Ordet.

Det er små flokkar, men det er hunger etter Ordet. Sjelene er lyttande, dørene er opne. Det er som eit under frå himmelen det me her får vere med på. Då Paulus skreiv til korintarane (1Kor 16:9), skreiv han om ei stor og verksam dør som var opplaten. Et trur det er noko av det same me no får oppleve i Moldova.

I juni planlegg dei sommarskule ved Svartehavet, med talekrefter frå Noreg. Minimum to forkynnarar vil dei ha nedover, helst fleire. Flybilletten tur/ retur Moldova kostar 2500 kroner om ein bestiller i god tid, så det er ikkje så mykje meir enn prisane her innanlands.

I offentlege bygningar er det forbod mot å samlast, likevel opplever ein at styresmaktene ser gjennom fingrane med at ein samlast i heimane. Sundag var me i Kamenka heilt i nord. Her har dei nettopp kjøpt eit gammalt hus, men kring ytterveggen på huset reiste nye murar seg. Så skal huset renoverast innvendig. Det blir enno ein stad å forkynne Ordet.

Hjelpesendinga dei fekk i vår har fått mange «føter å gå på», og det var stor takksemd for dette. Ny sending er planlagd til våren. Her møter kallet oss både til å vere med å støtte med forkynning, med hjelpesendingar, i bøn og med våre økonomiske midlar. Der er open dør for oss.

Me køyrde oppover langsmed grenseelva Dnjestr mot Kamenka, og passerte mange landsbyar. Tenk om evangeliet kunne få lyde også på desse plassane! Slik kan ein tenkje om ein ser det i himmelsk perspektiv.

Evangeliet er ei Guds kraft til frelse, sa Natalia ein dag, det kan vekkje opp døde. Evangeliet er ei levande kraft, også her i Moldova. Det kan forandre menneska, og skape vekkjing i folket. Måtte det få skje også her!

Det er ei open dør til Moldova. Måtte me nytte høvet og så ut Ordet medan det enno er dag! Snart kjem natta då ingen kan arbeida. 



L&E 42. årgang, nummer 9