Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Når Guds vreide rammar

Når Guds vreide rammar 
Av Dag Rune Lid

 

Dagleg høyrer me i media om kor godt det går for kongeriket Noreg. Me har snart 2 000 milliardar på bok, og speglar oss i vår rikdom. På same tid opplever me ei fråfallstid frå Guds ord som me ikkje har opplevd på 1 000 år – sidan kristendommen vart innført.

Konsekvensane av dette fråfall er no at den sodomittiske synd er akseptert heilt til topps i kyrkja. Situasjonen er blitt slik at me treng å rope ut i frå Lindesnes til Nordkapp: Vend om, før det er for seint! Ser me ikkje kva som held på å skje med vårt kjære fedreland? Me steller oss slik at me som folk og land blir ramma av Guds vreide og dom.

 

Vreiden som resultat

Les me vår Bibel ser me korleis Herren i fordoms tid tala, men også korleis folket ikkje ville høyre. Dei ville leve i synda. Dei ville forsvare synda. På mange vis har tida før fangenskapet i Babel mange parallellar til vår tid.

Då la ikkje Herren skjul på kva han ville gjere: «Eg vil sjølv strida mot dykk med utrekt hand og med sterk arm og med vreide og harme…» (Jer 21:15). Kva innebar dommen for folket? Pest, sverd og svolt, og dei som overlevde dette skulle førast som fangar til Babel. Gjekk Herrens ord i oppfylling? Til minste detalj! Dei fekk erfare at Guds vreide fysisk ramma folk og land som eit resultat av fråfallet.

For den truande er det ein smerte når ein ser på situasjonen i folket, for han veit at det er ei livslov som seier: «Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta» (Gal 6:7). Gud er heilag! Gud let seg ikkje spotta! Det gjeld for enkeltpersonar, men også for land og folk!

 

Herren greip inn

Den 9. april 1940 skulle Stortinget stemme over om landet vårt skulle fjerne straffelovregelen gjeldande abortus provocatus (provosert abort) i straffelova. Men me veit at denne natta segla tyske krigsskip inn i norske fjordar, og me fekk oppleve mange tunge og vanskelege år. Mange var dei som opplevde krigen som Guds vreide, som ramma folk og land for vårt fråfall frå Herren.

Gjennom krigen opplevde det norske folk at Guds hand låg tungt på oss. Kva skjedde? Guds folk kom på kne, dei vart hjelpelause. Så ropa dei til Herren i si naud, og Herren svara på forunderleg vis. Gud vann siger, ikkje berre i krigen, men også gjennom rike vekkingstider i folket vårt.

Fem år seinare kunne me stemme i med Bjørnson:

Norske mann i hus og hytte,  

takk din store Gud!  

Landet ville han beskytte,  

skjønt det mørkt så ut.  

Alt hva fedrene har kjempet,  

mødrene har grett,  

har den Herre stille lempet,  

så vi vant vår rett.

 

Ingen lærdom

Men kva skjedde etter at me hadde opplevd slike velsigningar frå Herren? Dei styrande ville fjerne kristendommen frå skule og samfunn. Krona på verket vart fosterdrapslova som vart vedteken i 1978.

Ei lov som opna opp for massedrap av små born ved sjukehusa våre. I snitt opp gjennom åra har me kvar arbeidsdag drepe 2–3 skuleklassar med små forsvarslause born – menneskeborn skapte av himmelens Gud til velsigning for folk og land.

 

Kan du sjå dei for deg desse enorme flokkane me har tatt livet av kvar dag på våre sterile og moderne sjukehus? Kvar ny arbeidsdag har legar og sjukepleiarar stilt opp som bødlar i døden si teneste og utført desse drapa. Reknar me 15 000 drap i året, gjennom snart 30 år, rundar me snart 450 000 drap. Er det å undrast over at me snart dagleg les om drap også på andre uskuldige i vårt samfunn?

Bibelen vitnar om at det er ei grense for kor lenge Gud kan halde sin vreide att. Me les i 1. Mosebok (18:20) om Herren som seier: «Klageropet over Sodoma og Gomorra er sanneleg sterkt, og synda deira er sanneleg utan måte». Grensa var nådd, og det regna eld og svovel frå himmelen og brende dei opp – Guds vreide ramma.

Me kan spørje kva årsaka er til det som skjer i samfunnet vårt? Jesus gav sjølv svaret i møte med sine: «De er saltet på jorda! Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med? Det duger ikkje lenger til noko, utan å verta kasta ut og trakka ned av menneska» (Mat 5:13). Når kristenfolket fell frå Ordet, og byrjar å gå på akkord med synda og blir verdsleggjort, då misser «saltet» si kraft. Då går samfunnet i oppløysing.

 

Me som har synda

Såleis har vondskapens åndehær vunne siger etter siger i vårt folk, og skjer det ikkje ei oppvekking og omvending mellom Guds folk, ser situasjonen no mørk ut. Men skal det skje ei himmelsend oppvaking, då må vondskapens åndehær nedkjempast. Det skjer ikkje ved menneskekraft, men ved Guds kraft åleine. Skal det bli ei samvitsvekking, i den forstand at det omskapar bygder og byar, då må den allmektige Gud gripe inn.

Historia viser at bibelske vekkingar alltid byrja med oss som vedkjenner Jesu namn. Guds folk måtte erkjenne med Daniel – me har synda og gjort ille. Det er me som har vore dei ugudlege. Det er me som har svikta. Det er me som har vike av frå Guds ord og bod på mange vis, og me vil ikkje erkjenne synd som synd.

 

Vondskapens åndehær nedkjempa

Om Den Heilage Ande kunne få vekkje denne erkjenning mellom oss, kva trur du då kunne skje i vårt folk og land? Då ville Guds folk atter kome på kne og rope om frelse. Fyrst for seg sjølv, men og for vener, naboar, slekt og arbeidskollegaer. Då ville «saltet» igjen byrje å virke, og gjere sin gjerning i syndesåra. Då ville det same skje som på Daniel si tid – vondskapens åndehær kunne bli nedkjempa. Herren ville då kjempa for oss!

Me har mange døme på at det har skjedd opp gjennom historia. Tider då Guds folk vart vekte opp, fall på sine kne og ropte om frelse. I Openberringsboka (5:8) høyrer me om gullskåler som vart tømde i himmelen. Det var ikkje kva skåler som helst. Det var skåler som var fylte med dei truande sine bøner. Då desse vart tømde, vart det jordskjelv på jorda. Det er slike himmelske jordskjelv me treng i dag. Då kan Herren igjen få vekkje oss opp, og skape liv av døde.

Den som les sin Bibel ser at når Guds vreidesmål var nådd, då ramma Guds vreide folk og nasjonar. Difor er det med otte ein tenkjer på kva som ligg framom for vårt kjære Noreg, for ein er redd for at det ikkje lenger er spørsmål om Guds vreide rammar vårt folk og land – men når det skjer. Måtte Guds ord få drive oss på kne til erkjenning av vårt fråfall. For Herren er den same som på Jeremia si tid og seier: «Kan henda Judas hus vil merka seg all den ulukka eg har tenkt å senda dei, så dei kan venda om, kvar frå sin vonde veg, og eg kan tilgje dei misgjerninga og synda deira» (Jer 36:3).

 

 

 

«Hvem skulle ikke frykte deg, Herre, og ære ditt navn? For du alene er hellig. Alle folkene skal komme og tilbe for ditt åsyn, fordi dine rettferdige dommer er blitt åpenbart» (Åp 15:4).

 

 

Konge, rens vårt sinn 

helt fra løgn og skinn! 

La av sannheten oss være. 

La oss korsets visdom lære! 

Konge, kom her inn! 

Rens vårt hele sinn! 

Sb 614:4

 

 

«Vi har syndet og gjort ille, vært ugudelige og satt oss opp mot deg. Vi har veket av fra dine bud og dine lover. Vi hørte ikke på dine tjenere, profetene, som talte i ditt navn til våre konger, våre høvdinger og fedre og til alt folket i landet» (Dan 9:5-6).



L&E 42. årgang, nummer 10