Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Den frelsande trua

Den frelsande trua

Av Ragnar Opstad


«Då han gjekk inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa med høg røyst: Jesus, Meister! Miskunna deg over oss! Han såg dei og sa til dei: Gå av stad og stig fram for prestane! Då hende det at medan dei var på vegen dit, vart dei reine. Men då ein av dei såg at han hadde vorte lækt, vende han attende og lova Gud med høg røyst. Og han fall på sitt andlet framfor føtene hans og takka han. Han var ein samaritan. Men Jesus svara og sa: Var det ikkje ti som vart reinsa? Kvar er då dei ni? Var det ingen utan denne framande som vende attende for å gje Gud ære? Og han sa til han: Reis deg og gå bort! Trua di har frelst deg» (Luk 17:12-19).

Det er ikkje å undrast over at sikkert alle dei ti spedalske vart glade, når ein tenkjer på den nød dei vart fria ut av. Men det var berre den eine som fekk frelse. Det gjekk nok opp for samaritanen at det var Messias, han som skulle koma til frelse for verda, som hadde gjort dette under. Han måtte tilbake å takka, ikkje berre på grunn av lækjedomen, men også fordi han hadde bruk for den frelse som Jesus kom med. Det skjønar vi av det Jesus sa til han: «Trua di har frelst deg».

Dei andre ni kunne nok vitna for prestane om Jesu hjelp og lækjedom, men utan at dei hadde fått den frelsande trua på Jesus.

No har vi som har høyrt og lese om Jesu død og oppstode – meir lys over skriftene enn samaritanen hadde. Likevel er det ikkje sikkert at det har ført oss til ei frelsande tru. Det står slik i eit songvers: «Må Herrens Ånd ta dekket bort så syndere kan se. At det som er ved Sønnen gjort, gjør sjelen hvit som sne!»

I ein annan song, står det: «Det er meg openberra at eg eig barnerett, for Gud med meg i Kristus er forsona».

Kven er det som får sjå dette? Det står skrive at han har løynt det for vise og forstandige, men openberra det for umyndige. Dersom det går over styr med meg og mitt, kan eg bli umyndiggjort, og det blir oppnemnt verge, som handlar på mine vegne.

Åndeleg sett er vi alle umyndiggjorte, og det treng vi å innsjå og gå med på. Men vi lyt også innsjå og gå med på at det er oppretta verge for oss, som har gjort vår sak, til sin.

I Rom 5 står det at vi vart forlikte med Gud ved at Son hans døydde, då vi var fiendar.

Og i 2Kor 5 les vi at «Gud var i Kristus og forlikte verda med seg sjølv, så han ikkje lenger tilreknar dei misgjerningane deira».

«Trua di har frelst deg», vart det sagt til samaritanen.

Rosenius seier om den frelsande trua: «Den som skal tro til frelse, han skal tro det som skjedde for snart to tusen år siden. Han må bygge sin tro på Golgata og ikke på sin egen skrøpelige omvendelse og forbedring».

«Ja, Jesus lat meg alltid få ha mitt liv i deg! Ditt liv, di tru, din kjærleik, du gav det alt for meg. Her i mitt eige hjarta er berre synd og mein, men ved det verk du gjorde, er eg fullkomen rein!» (Sb 492).



L&E 44. årgang, nummer 1