Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Forsoninga er vunnen

Forsoninga er vunnen

Av Lina Sandell Berg


Forsoninga er vunnen

i Jesu Kristi blod.

Til meg frå korset

freden hans er floten.

Kvi har eg gått og ottast?

Mi sak den er då god.

Den store skiljeveggen

ned er broten.

Ja, dagen er no kommen,

og natta er forbi,

og fangehuset opna.

Kvar fange kan bli fri.

Sjå, fiendskapen

er for evig ute!


Det er meg openberra

at eg har barnerett,

for Gud med meg i

Kristus er forsona.

Og eg som har meg gremma

og aldri skjøna rett

kor eg i dommen

skulle verta skona.

Eg som i all mi betring,

mi tru og gudleg sed,

mi gjerning og min lydnad

fann aldri hjartefred.

Eg er no alt i

Jesus Kristus salig!


Er nådegåva gjeven,

då er det ikkje eg

som henne skal med

strev og møda finna.

Ser du, min Gud, i Sonen

med hugnad no på meg,

så skal eg då som

barn ditt rike vinna.

Og når du alt er nådig,

så kjem mitt strev for seint.

Eg som i trældomskavet

har streva hardt og meint

at du til slutt då

skulle bli meg nådig


Nei, før enn verdsens grunnvoll

ved skapinga vart lagd

du unnte meg i

Kristus barnekåret.

Å, eg som gjekk så lenge

av tvil og vanmod plagd

og har på tunge

trældomsåket bore!

No tek eg til å skjøna,

med undring det eg ser:

Min Herre Gud og Fader,

det alt av nåde er!

No vil eg meg av

nåden einast rosa.


Så blir eg ikkje salig

først når eg fer herfrå.

Eg i min Frelsar

her alt sæl får vera.

Er fiendskapen drepen,

kva ottast eg vel då?

Det som er dødt, kan

meg ’kje skade gjera!

Er syndeskulda sletta

av Jesu dyre blod,

då er det skuldbrev borte

som meg i vegen stod.

Og kven vil meg med

nokon rett fordømma?

(Sb 251:1-3+6+8)



L&E 44. årgang, nummer 3