Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Gud lèt seg ikkje spotta!

Gud lèt seg ikkje spotta!
Årsmelding frå Landsstyret 2007/2008



«Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta» (Gal 6:7).

Me lever i ei tid der fråfallet frå Guds ord i vårt folk og land ikkje ser ut til å ha nokon ende. Ulov etter ulov vert vedteke i Stortinget. Konsekvensane av dette fråfallet er no at den sodomittiske synd er akseptert heilt til topps i kyrkja. Situasjonen er vorten slik at me treng å rope ut i folket frå Lindesnes til Nordkapp: – Vend om, før det er for seint! Ser me ikkje kva som held på å skje med vårt kjære fedreland? Me steller oss slik at me som folk og land no vert ramma av Guds vreide og dom!

Bibelordet seier at me har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot herrevelda, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet (Ef 6:12). I møte med desse krefter er du og eg hjelpelause, men Bibelen viser oss ein veg til siger som verka i gamal tid. Det var når Guds folk i si naud bøygde sine kne i bøn og bot og ropte: «Me veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg» (2Krøn 20:12). Då greip Gud inn! Då kjempa Gud for sitt folk! Då vann Gud siger! Me er avhengige av at dette skjer også i dag, om Guds folk skal sigre i åndskampen!

Det er kanskje uvanleg å innleie ei årsmelding slik, men den situasjonen som me no er inne i, er komen så langt og er no så dramatisk, at det kan vere naudsynt å stanse opp for dette. Bibelen vitnar klart om korleis menneske sådde, og korleis dei hausta, og om at «alt dette hende dei som førebilete, og det er skrive til formaning for oss, som dei siste tider er komne til» (1Kor 10:11).



Landsstyret

Sist årsmøte i NLL var på Bibelskolen på Fossnes. Landsstyret har hatt tre møter og handsama 43 saker. Karl Bø, John Flaten, Ingar Gangås, Reidar Heian og Dag Rune Lid har vore faste styrerepresentantar, med Dag Rune Lid som formann og Karl Bø som nestformann. Sigbjørn Agnalt har møtt som fyrste varamann. Ingar Gangås har vore sekretær og har også hatt ansvaret for bladet «Lov og Evangelium».



Forkynnarane

Dei som har forkynt Guds ord for oss dette året gjennom møteveker, bibelhelger og stemner, har vore: Sigbjørn Agnalt, Per Bergene Holm, Kristian Fagerli, Immanuel Fuglsang, Martin Fjære, Lars Fossdal, Asbjørn Fossli, Ingar Gangås, Göran Holmgren, Rune Karlsson, Steinar Kvalvik, Dag Rune Lid, Dagfinn Natland, Gunnar Nilsson, Karl Notøy, Erik Trans, Erling Yrkje o.a. I tillegg har ein del delteke på enkeltmøter.



Sommarskular og stemner

Me har opplevd mange gilde samlingar det siste året, der me har merka at Gud har vore nær. Utanom den vanlege møteverksemda har me hatt sommarskulen på Laberget, bibelhelg på Solgry, nyttårssamling, kortbibelkurs og hovudsommarskule på Fossnes. I år prøvde me å spreie pinsesamlingane til Langli Bedehus i Østfold, Skjæveland Misjonshus i Rogaland og Mosvik Bedehus i Nord-Trøndelag. Tilbakemeldingane frå desse er positive, og Landsstyret vil vurdere om dette kan utvidast. I tillegg har det vorte arrangert barneleir på Fossnes, ungdomsleir i Valdres og i Mosvik i Nord-Trøndelag. Denne siste skulle vore på ein fjellgard i Namdalseid, men vart flytta på grunn av veret.



Lov og Evangelium

Bladet «Lov og Evangelium» kom ut med 10 nummer det siste året, og er ein stor talarstol. Me får mange positive tilbakemeldingar, og mange les bladet også på internett.



Til sist vil me nytte høvet til å takke alle de som har stått trufast med oss i bøn og offer, og me vil minne kvarandre om Paulus si helsing til sin medarbeidar Arkippus: «Gjev akt på den tenesta du har fått i Herren, så du fullfører henne!» (Kol 4:17). Måtte Herren finne oss tru når han kjem for å hente si brud. Det kan skje snart.



For Landsstyret:

Dag Rune Lid (formann)

Ingar Gangås (sekretær)

















L&E 44. årgang, nummer 6



Tags: 2008