Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Mellommannen

Mellommannen

Av Ragnar Opstad



Israelsfolket var etter førti års vandring i øydemarka endeleg nådd grensa mot Kana’an, og Moses talar til folket før han sjølv skal leggja ned vandringsstaven. Praktisk talt heile 5. Mosebok omtalar alt han ville leggja dei på hjarta. Mellom anna minner han Israel om det som har hendt under vandringa.


Synd

I 5Mos 9:7,24 seier han desse orda: «Kom i hug og gløym ikkje korleis du gjorde Gud harm i øydemarka! Like frå den dagen du gjekk ut or Egyptarlandet, og til de kom til denne staden, har de vore trassige mot Herren. (...) Trassige mot Herren har de vore så lenge eg har kjent dykk!».

Gong på gong måtte Moses gå i forbøn for folket, så ikkje Herren skulle utsletta dei. Årsaka var at dei veik av frå boda Herren hadde gjeve dei, og dei akta ikkje på alle velgjerningane han hadde synt dei. Korleis stiller vi oss til dei same boda? Lever vi etter dei? Lar vi oss tukta når vi bryt dei? Aktar vi på alle Herrens velgjerningar mot oss?



Ei død tru

Dersom loven, som ein kan seie er ei åndeleg utlegging av dei ti boda, ikkje får rettleia oss og døma syndene våre, får vi berre eit teoretisk forhold til både loven og evangeliet. Det vert noko vi veit og kan. Resultatet blir ei kunnskapstru, ei død tru som ikkje resulterer i ei ny vandring, eit nytt liv, men ein vert verande i dei same skjødesyndene som før. Det blir ingen framgang i kristenlivet, ingen vokster i nåden og i kjennskapen til Jesus (2Pet 3:18). Brorson kjem inn på dette i det første og andre verset i songen på nummer 174 i Sangboken:



Hvordan takker vi vår Herre,
han som gav sin Sønn til jord?
Mange skjønner ei dessverre
på en kjærlighet så stor.
Fritt de følger syndens røst,
dekker seg med nådens trøst.
Vil av Jesus intet lære,
og dog sanne kristne være.



Ingen sjel av Gud fordømmes
som på Jesus Kristus tror.
Nådens kilde aldri tømmes,
nåden den er alltid stor.
Men det er en avsagt dom:
Siden Jesus til oss kom,
skal vi bort fra synden vike,
eller aldri se Guds rike!



I 5Mos 8:2 seier Moses: «Du skal koma i hug heile den vegen Herren din Gud har ført deg alle desse førti åra i øydemarka, for å kjenna kva som bur i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje».



Nåde ved ein mellommann

Sjølv om Herren måtte straffa folket igjen og igjen, viste han også stor nåde mot dei. Det skuldast åleine Moses, som stilte seg imellom Gud og folket. Men dei som ikkje let seg tilrettevise, fekk gå sin eigen veg, men dei nådde aldri fram. Tenk å ha vandra så lenge i lag med Guds folk – utan å nå fram.

I 5Mos 9:17-19 og 25 seier Moses: «Så tok eg begge tavlene som eg hadde i hendene, og kasta dei frå meg og slo dei sund framfor augo dykkar. Enno ein gong kasta eg meg ned for Herrens åsyn. Eg åt ikkje brød og drakk ikkje vatn i førti dagar, på grunn av alle dei syndene de hadde gjort dykk skuldige i. De gjorde det som vondt var i Herrens augo, og eggja han til harme. For eg ottast at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk, at han ville gjera ende på dykk. Men Herren høyrde meg denne gongen òg. (...) Så låg eg då på kne for Herrens åsyn i dei førti dagane og dei førti nettene, fordi Herren hadde sagt at han ville gjera ende på dykk». Vår mellommann vart bønhøyrd, og folket vart berga.

Når ein les dette, går tankane til vår mellommann, som også var førti dagar og førti netter i øydemarka utan å ta til seg føde. Der vart han freista av djevelen – og vann siger. Og han var som vår mellommann, i bøn til sin himmelske far. Kva bad han om?

Då er det godt å sjå kva Moses, som førebilete på Jesus, bad om. Vi las at han var i bøn for alt folket «på grunn av alle dei syndene de hadde gjort dykk skuldige i» og «fordi Herren hadde sagt at han ville gjera ende på dykk».

«Men Herren bønhøyrde meg denne gongen òg».

Kor stort at Jesus vart bønhøyrd då han bad om forlating for alle syndene vi hadde gjort oss skuldige i. Tenk at det galdt alle syndene. Fritt sitert etter C. O. Rosenius, seier han at sjølv om syndene dine var tusen gonger større enn dei er, ville det ikkje rokka ved nåden. Det same gjev ei songstrofe uttrykk for: «Mi synd er mot Jesus som gneisten mot hav. Den sloknar og søkk i det djupaste kav».



Det er fullført

Sidan vandra Jesus vidare på sigerferda, dag for dag – mot Getsemane og Golgata. Til sist kunne han ropa det ut: «Det er fullført»! Då var alle våre synder sona! Alle! Det var på dette grunnlag at vår mellommann vart bønhøyrd i øydemarka.

Jesus måtte gjennom ufattelege lidingar for at dette skulle bli oss til del. Til sist vart han forlate av sin himmelske far, og han fekk smaka den evige fortapinga. Det overgår vår fatteevne, men det skal vera eit evig takkeemne for frelste sjeler i himmelen.

No er det djupast sett ikkje syndene våre som hindrar oss i å bli frelste, men vantrua. Samstundes er vantrua den aller største synd, for ved den ringeaktar vi det fullførde frelseverket, og fører oss sjølv i evig fortaping.

Hugs at det var Jesus som bad om forlating for alle syndene dine – og vart bønhøyrd; det var ikkje du! Men det galdt deg! No eig vi forlating for syndene våre åleine ved trua på Jesu fullførde frelseverk.

«Han gjev alle profetane det vitnemålet at alle som trur på han, får forlating for syndene ved hans namn» (Apg 10:43).

Vi har difor all grunn til å gjera C. O. Rosenius sitt songvers til vårt vitnemål:



Då vågar jag ej låta bli
att tro och vara nöjd.
Då vågar jag ej se förbi
försoningsvärdets höjd.
Ty är hon stor, min syndaflod,
långt större Lammets död och blod.
Jag är av hjärtat nöjd.









L&E 44. årgang, nummer 6



Tags: 2008