Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Bøn i Jesu namn

Bøn i Jesu namn
Av Dag Rune Lid



I en vanskelig frafallstid er det godt å ha en Far i himmelen å gå til med all nød, og vite at han tar del i både sorg og glede. Dag Rune Lid har skrevet fem artikler om «Bøn i Jesu namn». Disse vil komme som en serie i bladet framover. Artiklene kan leses hver for seg som selvstendige stykker.

Red.



Me lever i ei fråfallstid, ei avkristna tid, og i den siste tid. Men midt i denne fråfallstid, og midt i dette mørkret, er det noko Herren ynskjer skal få lyse sterkare og sterkare for ein kristen – og det er Jesu namn.

Sjølv om alt vaklar, sjølv om naturkreftene er kome i ulage, sjølv om djevelen rasar for han veit han har så kort tid att – står Jesu namn, Jesu ord og Jesu løfte faste til evig tid. Dess mørkare det blir, dess nærmare er det før morgonen gryr for Guds folk.

Bøna i Jesu namn lyt fødast i den truande sjel. Denne bøn er ofte fødd i naud og smerte. Nauda kan vere ulik, men får ho drive oss til Kristus er det von. Då kan Herren få ta seg av vår sak, vår naud og vår trengsle. Det er det Jesus gjerne vil. Han vil gjerne dra sine inn til seg, og det middel han brukar, er nettopp nauda, trengsla og smertene. Han nyttar både indre og ytre kors.


Namnet Jesus, det er evig

Det er eit underleg namn dette Jesu namn. Om du kjem til vest eller aust, sør eller nord, er det menneske som har lært dette namn å kjenne – mange har fått erfare at dette namn er eit frelsarnamn. Gjennom songen til David Welander, «Navnet Jesus blekner aldri», får me ein mektig karakteristikk av dette namn. Han skriv:


Navnet Jesus blekner aldri,

tæres ei av tidens tann.

Navnet Jesus det er evig,

ingen det utslette kan.

Det har bud til unge, gamle,

skyter stadig friske skudd.

Det har evnen til å samle

alle sjeler inn til Gud.


Sigerherren frå Golgata

Kvifor er det slik? Han som eig dette namn – han er evig, han er Guds eigen son, han er sigerherren frå Golgata. For dette namn fryktar djevelen og heile vondskapens åndehær. Jesunamnet opnar himmelen for syndarar.

Mange har prøvd å utslette dette namnet. Men dei har aldri, og skal aldri lukkast. Snart kjem Jesus i sky, og då skal hans namn stråla gjennom all æve. Då er det aldri meir nokon som kan sverte, misbruke, eller forkaste dette namnet. Då skal han trona som den tre gonger heilage Gud til evig tid.

Ein annan songar syng:


Hvert eneste navn som du visste

skal tape sin glans og forgå

Men Jesus – den første og siste –

hans navn skal for evig bestå.


Alle namn bleiknar

Sjølv dei mektigaste menn og kvinner sine namn bleiknar. Det går nokre år, og så er dei gløymde. Snart er det visna gras på gravene deira.

«…så har vi vårt sted blant tusene glemte grave». Slik er menneskelivet, og slik er menneskenamnet. Det er så flyktig! Det er så kort! Likevel satsar dei aller fleste menneske livet sitt på det forgjengelege.

Kvifor er det slik at dette namnet skal bli ståande gjennom evigheters evighet? Paulus skriv om det til filipparane, og han seier:

«Han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit røva bytte å vera Gud lik, men gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik. Og då han i si ferd var funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden – ja, døden på krossen. Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namnet som er over alle namn, så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, deira som er i himmelen og på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære» (Fil 2:6-11).


Alle skal bøye sine kne

I denne verda forkastar mange Jesus. Det er mange som ikkje vil ha noko med namnet hans å gjere. Men ein dag må sjølv den største gudsfornektar bøye sine stive kne og sanne at Jesus Kristus er Herre. Ein dag skal alle menneske møte han dei har flykta frå eit heilt liv. Då skal dei møta han som skal døme levande og døde.

Det blir ein forferdeleg dag for det menneske som har stått Guds kall imot, som gjennom all æva skal erfara helvetes gru. Måtte ikkje nokon av oss erfara det, men heller gje Ordet rom mens det enno er nådetid.

Det er himmelens Gud som har gitt Jesus dette namnet. Det er eit underleg namn, eit namn som er over alle namn. Gjennom alle æver skal det verta lovprist av ein uteljeleg skare som er berga ved dette namnet.


Be i Jesu namn

Eg trur det er Ludvig Hope som i ein av sine bøker fortel om at han skulle i banken og låne pengar. Men han fekk ikkje pengar, for det var ingen som kjende namnet hans. Men så gjekk han til Johannes Brandzæg, som var generalsekretær i Kinamisjonen, og fekk han til å garantera, og då han kom igjen sa dei: Ja, no kan du få låne så mykje pengar du berre vil, ja heile banken for den sak skuld. Han kom fram i eit anna namn som var kjend, og då vart dører opna.

Slik er det med ein truande også. I Jesu namn skal ein få be, og i dette veldige namnet får ein adgang til himmelens herlegdom, til den allmektige Gud, til underets Gud. Det er veldige løfter bunde opp til bøn i Jesu namn (Mat 18:19).




L&E 45. årgang, nummer 3