Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Bøna opnar stengde dører

Cannot find the download. ID=Lov og Evangelium 2009 - Nr 05

Av Dag Rune Lid

 

Jesus seier: «Men du, når du bed, gå då inn på rommet ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg i det openberre» (Mat 6:6). Ein annan stad i bibelen står det: «Bed, så skal de få» (Mat 7:7).

Trur du Guds ord er til å stola på? Trur du me kan setje vår lit til Guds ord og lovnader i alle ting? Ja, trur me det, då skal me òg få lese Guds ord akkurat slik det står.

 

Herren svarar

Men du seier kanskje: – Eg har bedt år etter år, gjennom eit langt liv for mine, men dei er enno ikkje frelste. Det ser heilt umogleg ut.

Då er det ikkje lett å tru Guds ord og lovnader. Men Herren har aldri svikta. Han svarar alltid på bøn i Jesu namn, men ikkje alltid slik me tenkjer. Og han svarar i si tid.

Fleire stader i bibelen står det: «I den tid eg fann det rett, bønhøyrde eg deg» (2Kor 6:2). Herren bestemmer sjølv når han vil svare, men han svarar alltid, for elles måtte han bryte sitt eige løfteord til sine. Det har enno aldri skjedd.

 

Synd kan stengje

Noko anna er om det kjem synd i ein truande sitt liv, slik det står i det første kapitlet hos profeten Jesaja: «Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje». Men då ville ein leve i synda, då ville dei forsvare synda, og då Herren tala ordet sitt til dei, ville dei ikkje bøye seg for det.

Det me snakkar om her er den som får leve i eit fortruleg samfunn med Jesus, som ikkje kan løyne noko for han. Det er som Lina Sandell skriv:

 

Jeg har så lun en hytte

i bønnen med min Gud.

Vi synd og nåde bytter,

og jeg er Jesu brud.

Der legger han sitt øre

så nær mitt hjerte matt.

Jeg merker han kan høre

om ei et ord blir sagt.

 

Her gjeld denne herlege lovnaden: «Og kva de så bed om i mitt namn, det skal eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord i Sonen. Dersom de bed meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det!» (Joh 14:13-14).

 

Verande i Ordet

Den siste kvelden Jesus var saman med læresveinane sine, understreka han på ulikt vis dette med å be. To gonger rett etter kvarandre sa han: «Dersom de bed om noko i mitt namn, så skal eg gjere det» (Joh 14:13-14).

Han ville leggje dette inn over disiplane sine no når han skulle forlate dei. I det neste kapitlet seier han på ny: «Dersom de vert verande i meg, og orda mine i dykk, kan de be om kva de vil, og de skal få det. Far min vert herleggjord ved dette at de ber mykje frukt, og de skal verta mine læresveinar» (Joh 15:7-8).

Om det verkeleg hadde gått opp for hjarto våre kva bøneretten, og bøn i Jesu namn, verkeleg betyr, hadde me brukt mykje meir tid på kne med Gud. Men djevelen set alt inn på å gjere tida vår travel, og han arbeider kontinuerleg for at Guds born skal misse trua på bøna i åndskampen. Her har djevelen vunne mange sigrar.

 

Den sterkaste kraft

Bøn er den vegen Gud har opna for oss inn til seg sjølv, og det er den sterkaste kraft som er gjeve av Gud. Målet med bøna er at Guds vilje skal skje og ha framgang mellom oss.

Ludvig Hope seier: «Når alle våre vegar her på jord er stengde for oss, når all vår kraft er knust, kan me leggje våre veike hender i hop, be i Jesu namn – og få». Og han fortset slik:

«Moses bad, og Israels fiendar vart slegne.

Josva bad, og sola stod stille i Gideon og månen i Ajalons dal.

Josva bad, og tre stormakter låg knust ved hans føter.

Elias bad, og det regna ikkje på tre og eit halvt år.

Daniel bad, og han gjekk mellom løver som om dei var lam.

Peters vener bad, og lekkjene fall av han og jernporten i fangehuset opna seg av seg sjølv».

 

Gud er den same

Kva vitnar bibelen? Den vitnar om at Gud er den same i dag som i går, som han var på Moses og Elias si tid, og som han var på Daniel si tid. Han er i går og i dag den same. Han har enno all makt i himmelen og på jorda.

Når det menneskeleg sett ser heilt umogleg ut, er det likevel slik at ingenting er umogleg for Gud. Då kan Gud oftast sleppe til, for då er me komne på den plassen at me er vortne heilt hjelpelause.

Del 3 av 5 om «Bøn i Jesu namn»

 




L&E 45. årgang, nummer 5