Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Bøn og takkseiing

Bøn og takkseiing
Av Dag Rune Lid

 

Paulus skriv til filipparane og seier: «Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing» (Fil 4:6).

Korleis er det i ditt og mitt liv? Er det ikkje slik at me kjenner sut for mange ting? Jesus ville ikkje at hans born skulle gå nedtrykte med dei mange suter. Då er det lett at mismotet får rom – det er ikkje frå Herren.

 

Sei alle ting til Jesus

Derfor er det òg at Mathilde Wiel-Öjerholm syng (Sb 586):

 

Si allting til Jesus,

han kjenner deg så vel,

han vet hva som engster

og trykker tungt din sjel.

 

Du får seie alle ting til Jesus.

Kva var det Paulus minna filipparane på? Han skreiv: «La i alle ting dykkar bøneemner kome fram for Gud». Alle ting står det. Me har lett for å tenkje berre på dei store ting for land og folk, om vekking i bygd og by. Det er viktig, og det skal me minne Herren om. Men Herren vil at hans folk skal få dele alle ting med han.

Det er slik songaren syng vidare:

 

Den ringeste småting

som kommer i din vei,

å, si det til Jesus,

så vil han hjelpe deg!

Nei, intet er for lite

din Frelser å betro.

Å, si det kun til Jesus,

så får ditt hjerte ro!

 

Når du ikkje finn noko du har mista heime i huset, når du skal handle og ikkje finn parkering til bilen, når det er vanskelege ting på jobben – då skal du får sukke til Herren. Det står ikkje noko unntak her – alle ting, står det. Då meiner Gud alle ting. Kvar minste småting kan du få leggje fram for han. For han vil at me skal vere avhengige av han. Han vil vere vårt alt i alle ting! Han vil at me skal vere heilt avhengige av han både når det gjeld frelse og vårt daglege liv.

Det var for nokre år sidan. Eg plundra med ein slik liten trimmar til å ta kantane på plenen med. Eg hadde streva lenge med det, og eg sat litt oppgitt på hagestolen og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Då var det brått ein setning frå ei songstrofa som slo ned i sinnet: «Når jeg har tenkt meg trett til døden, si så hva du har tenkt, O Gud». Det tala konkret i situasjonen eg var i. Strofa står i ein kjend song:

 

Lær meg å kjenne dine tanker

og øves i å tenke dem!

Og når i angst mitt hjerte banker,

da må du kalle motet frem!

Når jeg har tenkt meg trett til døden,

si så hva du har tenkt, o Gud!

Da kan jeg se at morgenrøden

bak tvil og vånde veller ut.

 

Plutseleg såg eg det. Herren ville at eg skulle få snakka med han om dette òg. Det hadde likesom ikkje vore i min tanke. Det var for lite å bry Herren med. Men han ville lære meg noko gjennom dette. Så fekk eg leggje saka fram for han, og plutseleg glei delane på plass og eg fekk det til å fungere. Nokre englar var nok der og hjelpte til, og så var det han som fekk æra.

 

Når det er stengt

Du seier kanskje: – Eg har bedt år etter år, gjennom eit langt liv for mine, men dei er enno ikkje frelste. Det ser heilt umogleg ut. Då er det ikkje lett å tru Guds ord og lovnader, men likevel har Herren aldri svikta. Han svarar på bøna, men ikkje alltid slik me tenkjer. Men han svarar – i si tid.

Fleire stader i Bibelen står det: «I den tid eg fann det rett, bønhøyrde eg deg» (2Kor 6:2). Herren bestemmer sjølv når han vil svare, men han svarar alltid, for elles måtte han bryte sine eigne lovnader til sine. Det har enno aldri skjedd!

Det var ein eldre forkynnar, eg trur han hadde ti born. Men ingen var frelste, og det var nokon som pirka bort i han for dette. Då sa han: – Dei er frelste i trua! Kva skjedde? Forkynnaren døydde, og ingen var frelst. Men seinare vart alle borna frelste. Kvifor? I Jesus namn hadde han gått til Gud med bøna si.

Det er slik songaren syng:

 

Det er svar underveis,

engler kommer med bud.

Om det drøyer, det fram dog skal nå.

For det lovet jo løftenes trofaste Gud:

Kall på meg, og du hjelpen skal få!

 

Når Gud grip inn

For mange år sidan hadde eg kontakt med ei misjonskvinne. Ho var snart pensjonist. Ein dag kunne ho fortelje at ho hadde fått ein vondarta svulst i magen. Likevel kunne eg høyre henne nynne på songen: «Jeg er i Herrens hender…».

Så gjekk det ei tid. Ho blei innlagt på sjukehus for operasjon. Ho var der ei heil veke, men dei kunne ikkje finna att nokon svulst.

Kva hadde hendt? Ho fortalde det sjølv: Då ho fekk beskjeden om at ho var sjuk, gjorde ho det som står i Jakob 5:13: «Lid nokon av dykk vondt? Lat han be! Er nokon glad til sinns? Lat han lovsyngja! Er nokon av dykk sjuk? Lat han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be for han og salva han med olje i Herrens namn. Og trusbøna skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa han opp, og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne».

Ho gjorde slik Bibelen sa, og ho fekk lagt mange år til si livslengd. Eg har fått kort frå ho seinare. No er ho vel gjerne passert Anna Fanuelsdotter (84) sin alder, men ho er framleis like aktiv i bønekampen for land og folk.

 

Gå til Jesus

Me tenkjer gjerne at me må vere dødsjuke før me vågar å gjere det ho gjorde. Før var det vanleg at forkynnarane hadde med seg ei lita flaske med olivenolje, og predikanten var heimom ein tur til dei i forsamlinga som bad om det.

Det var gjerne ei hofte, ein fot, ein arm – og dei fekk gjere slik det står i Jakob 5. Nokon gonger vart dei heilt friske, andre gonger vart dei ikkje det – men likevel gav stunda med Bibel og bøn styrke og mot til den lidande. Eg trur me har tapt nokre av Herren sine velsigingar i dag når mange truande berre søkjer legar og sjukehus. Me er vortne så uavhengige av Gud òg på dette feltet.

Om det på mange vis ser mørkt ut i dag, la oss som truande minna kvarandre om å lita på Herren. For det mennesket går det mot utløysing. Dess mørkare det er, dess nærmare er det før morgonen gryr. Inn i mørket og nauda har me den nåde at me kan folde våre hender og be i Jesu namn. Han høyrer kvart minste bønesukk.

Siste del i serien om «Bøn i Jesu namn»

.





L&E 45. årgang, nummer 7