Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Trua på det fullførte frelseverket

Trua på det fullførte frelseverket

Av Ragnar Opstad


«Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: Det er fullført! Og han bøygde hovudet sitt og anda ut.»

Joh 19:30


Det er ufattelig stort at Jesus vart født inn i vår slekt. Endå større er det at han kunne proklamere sin siger før han døydde. Jesus var åleine om frelseverket. Og han vil vera åleine om det i ditt og mitt liv.


Ved tru

Korleis blir dette vårt? Ved tru, seier Ordet. Det vil seia av nåde – ufortent. Tru står alltid som motsetning til gjerning. Trua er difor ikkje noko vi gjev Gud, men noko han gjev oss!


«Så kjem då trua av forkynninga som ein høyrer, og forkynninga som ein høyrer, kjem ved Kristi ord» (Rom 10:17). Vi høyrer ein bodskap om ei ferdig frelse, som vi fattar tillit til, så er trua tent. Såleis er trua ingen ting i seg sjølv. Ho må ha ein bodskap å forhalda seg til. Når evangeliet blir forkynt, og vi fattar tillit til den forkynte bodskapen, så kallast det tru. Og det er så visst ingen gjerning, det er tvert imot ei gåve.


Eit fullført verk

Kva ligg det i ordet «fullført»? Det er noko som er ferdig, sluttført og oppgjort. Det vart ordna for 2000 år sidan for alle menneske – også for meg. «Då vågar jag ej låta bli att tro och vara nöjd».


«Å, jeg er frelst og salig fordi Sønnen har gjort meg virkelig fri». Det skjedde på Golgata. Det er fullført!


Lammets blod

Ved utgangen frå Egypt gjekk ikkje domsengelen inn i husa for å sjå korleis det sto til der inne. For dei var det nok at blodet var stroke på utsida av døra, for det var Herren som skulle sjå blodet.


«Jesus seier: ‘Eg er døra. Om nokon går inn gjennom meg, skal han verta berga’ (Joh 10:9). Denne døra er det som er merka med blod. Det var på Golgata at Jesus vart oversprengt med sitt eige blod. Vårt påskelam er slakta. (…) Den heilage Guds augo kviler no på Jesus og det blod som der vart utrent for oss. Og det som er endå meir: Dette Kristi blod er og kome inn i den himmelske heilagdomen, og Faderen ser alltid blodet. Og han vil ikkje lenger koma våre synder i hug. Sjå Heb 10:16-18!» (Ole Yrkegjerde).


Akta høgt i himmelen

Det var Herren som skulle verdsetja blodet på vegne av alt folket. Det same gjer han i dag mot oss, og vi kan vera visse på at Jesu blod er akta høgt i himmelen. Carl Olof Rosenius stadfestar nettopp dette:


Når blodet da virket

så kraftig hos Gud

at han lot seg evig forsone,

og derfor alene

vil ta deg til brud

og gi deg den himmelske krone,

så la du deg dermed og nøye.


Ja, blodet som rant,

det har runnet for deg,

og Gud den forløsning antager.

Den gjelder for alle,

for deg som for meg,

skjønt tusene synder oss plager.

Dets verd er dog evig det samme.

Gml. Sb 364


L&E 46. årgang, nummer 3