Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Himmelen er opna!

Himmelen er opna!

Av Dag Rune Lid


«Brør, i Jesu blod har vi altså frimod til å gå inn i heilagdomen. Til den har han vigsla ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det er hans kjøt.» Heb 10:19-20


Hebrearbrevet 10 gjev oss ein omtale av ofra i den gamle pakt der blodet frå offerdyra var det sentrale. Ofringa i den gamle pakt måtte stadig gjerast om att, men det som skjedde på langfredag var noko heilt anna, seier Skrifta.


Fullkome offer

Ved den 6. timen vart det mørkt over heile landet. Mørke varte til den 9. timen, det vil seie mellom kl. 12-15. Då ropte Jesus ut: «Min Gud, min Gud kvifor har du forlate meg?» (Mar 15:34). Han vart forleten av sin himmelske far, for deg og meg.

Men då lyset igjen rann, kunne han rope ut: «Det er fullført!» (Joh 19:30). Då hadde han bore fram eit fullkome offer for alle synder, til alle tider, for alle menneske. Eit offer til Guds velbehag! Difor er det også Hebrearbrevet sin forfattar kan rope ut: «Brør, i Jesu blod har vi altså frimod til å gå inn i heilagdomen».

Det var eit vevd teppe, ja eigentleg var det to vevde tepper med ein tjukn på ca. 10 cm kvar som hang med ein avstand på ein halv meter (David Hedegård). Desse teppa var ikkje mogleg å slite sund med menneskeleg makt. Dei hadde innvevd eit mønster av kjerubar (2Mos 26:31), på same vis som det var sett kjerubar som stengsle i Edens hage – også der var menneska utestengde. Teppa var eit skilje mellom Det heilage, der menneska var, og Det høgheilage, der Gud var.

Øvstepresten kunne berre kome inn i Det høgheilage ein gong i året på den store forsoningsdagen, og han kunne ikkje kome inn der utan blod. Kom han inn utan blod frå det lytelause offerlam, måtte han døy.


Ny og levande veg

Men på langfredag skjedde det mektige under at dette forhenget vart flerra i to frå øvst til nedst, vegen vart opna opp, inn til Den Heilage Gud i himmelen. I Jesu blod, det vil seie ved Jesu død på krossen, har du og eg frimod til å stige fram for Den Heilage Gud. Dette frimod har sin grunn i Jesu blod, og ikkje i mine skiftande kjensler.

Korleis skjedde det? Jesus «vigsla ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det er hans kjøt». På krossen vart Jesus knust for oss. Hos profeten Jesaia (53:10) står det skrive at «Herren hadde hugnad i å knusa han». Slik var Guds vreide over synda. Hebrearbrevet (10:31) seier: «Det er forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud». Jesus kom inn under Den Heilage Guds vreide over synda, men med sitt offer vigsla han, eller opna han, ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det er hans kjøt. Slik forhenget i tempelet vart flerra opp, slik vart Kristus også knust under domen.

Dette forhenget var eit førebilete på Kristus, står det. – Dette er min lekam og mitt blod som er for dykk, sa Jesus til sine (1Kor 11:24-26). Dette vart sagt til ein feilande flokk av læresveinar, fordi grunnen låg i Jesu blod. Difor lyder også same bodskapen i dag til deg og meg.



L&E 46. årgang, nummer 5