Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

«Augo våre er vende mot deg»

«Augo våre er vende mot deg»
Utdrag frå Landsstyret si årsmelding

Fråfall og dom

Det såg mørkt ut for Guds folk. Det kom bod om at fleire fiendefolk heldt på å angripa dei. Menneskeleg sett såg situasjonen håplaus og umogleg ut, og redsle greip folket. I dette høvet står det om kong Josafat at han «vende seg i bøn til Herren og lyste ut ei faste for heile Juda». Folket samla seg for å søkja hjelp hjå Herren, og Josafat steig fram og minna Herren om hans ord og løfter, og sa: «Vi vil ropa til deg i vår naud…». Han avslutta med å seia: «Vi har ikkje styrke nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss, og vi veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg» (2Krøn 20:12). Menneskeleg sett var det ikkje von om berging. Situasjonen var heilt håplaus og umogleg. Dei måtte erkjenna: «Vi veit ikkje kva vi skal gjera».


På mange vis er me som folk og land komne inn i ein situasjon som liknar denne. Me er eit folk som har falle frå Herren og hans ord, og dom kviler over oss på grunn av våre synder. Ulov etter ulov vert innført i vårt kjære fedreland, og det ser ut for at djevelen og vondskapens åndehær sigrar på alle frontar. Motløysa grip mange, og me må erkjenna: «Vi veit ikkje kva vi skal gjera».


Me har synda

Når Jesus talar om årsaka til at eit folk fell frå Herren, seier han til sine: «De er saltet på jorda! Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med? Det duger ikkje lenger til noko, utan å verta kasta ut og trakka ned av menneska» (Mat 5:13). Det Jesus seier til sine i fordom er like aktuelt for oss i dag. Daniel og folket hans fekk i si tid erfara dommen frå Herren og måtte erkjenna: «Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine» (Dan 9:5). Me må erkjenna som Daniel, at me er medansvarlege for det fråfallet som skjer i folket vårt i dag.


Herren kan frelsa

Vår einaste redning er om Herren får gripa inn og nedkjempa vondskapens åndehær (Ef 6). Lat oss difor gjera som dei – venda oss til Herren i vår naud. Erkjenna synd som synd, og be om samvitsvekking mellom oss som vedkjenner oss Jesu namn. «Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få» (1Sam 14:6).


Kva skjedde då Guds folk vende seg til Herren og sanna si stilling? Då greip Gud inn! Då kjempa Herren for sitt folk! Då vann Guds folk siger! Då fekk dei høyra: «Denne striden er ikkje dykkar, men Guds» (2Krøn 20:15). Menneskeleg sett ser det umogleg ut at Herren kan senda vekking mellom oss i dag – men Gud er den same som i fordoms tid (Heb 13:8), og han høyrer sine også i dag. «Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!» (2 Krøn 20:20).


Oppmuntra kvarandre

Me vil nytta høve til å takka alle dei som har stått trufast med i bøn og offer også dette året. Me er svært takksame til dei som har delt Guds ord med oss, og ein spesiell takk til gjestetalarar frå andre arbeidslag, både i Noreg, Sverige og Danmark. Me set stor pris på kontakten med dykk, og me trur det er viktig å ha eit kontaktnett i denne tid til sysken i andre samanhenger, slik at me kan få vera til hjelp og oppmuntring for kvarandre. Det er viktig at ingen vert liggjande att på vegen.


Måtte Herren Jesus finna oss vakne når han kjem, og måtte me få fleire med oss på himmelvegen i året som ligg framom oss! Lat oss framom alt be om samvitsvekking!


Ingar Gangås, sekretær i NLL

Dag Rune Lid, formann i Landsstyret


L&E 46. årgang, nummer 6




Tags: 2010