Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vårt forhold til Guds ord

Vårt forhold til Guds ord
Av Ragnar Opstad


Judas Iskariot

«Allerede tidlig – ennå under det første årets virksomhet i Galilea – ble Jesus klar over at Judas ville bli djevelens redskap til å forråde ham. Han sier: ‘Har jeg ikke utvalgt dere tolv? Og én av dere er en djevel’ (Joh 6:70). Judas hadde en ærgjerrig natur, og pengebegjæret var hans fristelse. Så satte Jesus ham til å være kasserer for hele flokken, til å vokte og forvalte de kjærlighetsgavene som venner forsynte dem med (Joh 12:6). Hvorfor, har man spurt, gjorde Herren det? Var ikke det å ‘sette en rev til å vokte gjess?’ – Nei, for Jesus ville nettopp møte Judas der hvor han hadde fristelse, og gi ham anledning og kraft til å ta kampen opp og vinne seier der hvor det var aller vanskeligst for ham.


Men Judas tok ikke kampen opp mot sin fristelse. Tvert imot, han ga etter for den, og til sist prøvde han å inngå et kompromiss med den. Men Jesus og bevisst synd kan nå engang ikke bo sammen i et hjerte. Ingen kan tjene to herrer! Og da Judas fortsatte å kjæle for sin synd, måtte det ende med en katastrofe. Han tok så lenge av pengene, at til sist tok pengene ham. Og så solgte han sin frelser» (Frå boka «Guds Lam» av Andreas Fibiger).


Andre som vart prøvde

Det som hende med Judas, har noko å seia oss om korleis Herren fører sine gjennom prøvingar. I Guds ord kan vi til dømes lesa om Saul, avid, Josef, Salomo, Daniel, Samson, Peter og mange fleire – korleis dei vart prøvde eller kom i freistingar.


Nokre syntest å leva så nær Herren at dei vart sparde for skammelege synder. Nokre nådde målet, trass store fall. Andre gjekk det evig galt med. Om atter andre veit vi ikkje sikkert korleis det enda. Men alle hadde i utgangspunktet himmelen som mål.


Det er blitt sagt at ein kvar prøve er ei freisting, og ei kvar freisting er ein prøve.


Når vi les Guds ord, er det alvorleg å sjå kor mange av kongane som veik av frå vegen på slutten av livet. Det var kan henda ein åndeleg svikt eller ulydnad som fekk utvikla seg over tid, og tydeleg kom for dagen då det lei mot kveld.


Kristeleg vandel

Freistingar vil møta oss der vi er svakast. I oss sjølv har vi ingen styrke til å møta freistingar med, men vi har Guds ord og vi kan ropa til Herren.


Josef møtte freisting «dag etter dag» i Potifars hus (1Mos 39:10). Til sist såg han berre ein utveg, han måtte flykta frå freistinga. For si heilage ferd vart han straffa med fengsel i over to år. «Føtene hans plaga dei med lekkjer, sjela hans la dei i jern, til den tid kom då hans ord slo til, då Herrens ord synte at han var utan skuld!» (Sal 105:18-19). Kor var Herren i alt dette? Det vil eg tru Josef undrast på, samstundes med at satan skaut sine gloande piler mot han.


«Når Jesus er oss nær, og når han ser hvordan vi fristes, hvorfor griper han da ikke inn og avvæpner våre fristelser? Hvorfor står han og venter inntil vi ber om hans unnsetning?


Ja, det er et svært spørsmål. Og enda sværere synes meg svaret: Han kan ikke gripe inn her før vi gir til kjenne at vi vil ha hans hjelp. Men vil ikke alle det? sier du. Nei, det er nok det som er det mørkeste kapittel i vår kamp mot syndevanene. Menneskehjertet er bedrageligere enn alle andre ting, står det skrevet. Det viser seg også her. Vi kjemper nok imot synden. Men dermed er ikke alltid gitt at vi vil seire over den. Vi har innerst inne ikke noe imot å tape, for vi ønsker den tilfredsstillelse og nytelse som den syndige lyst forespeiler oss. Men vi vil ikke tape uten kamp. Vi vil ha den gode bevissthet at vi allikevel kjempet. Ja, selvbedraget er fint og mangfoldig i det fordervede menneskehjertet». (Frå heftet «Kjødelig frihet er åndelig død» av Ole Hallesby).


Det var stor skilnad mellom Josef og Samson, som det også var mellom Abraham og Lot. Samson levde slik at Herren til slutt måtte vika frå han – og han visste det ikkje! Han var bokstaveleg talt så bunden av synda at han ikkje lenger var i stand til å gjera seg fri. Synda bind – og blindar.


Menneska, du og eg, er slagmarka i ein åndeleg strid mellom Gud og satan om våre sjeler. Vårt forhold til Herren og hans Ord vil avgjera vår endelykt: Himmel eller helvete.


Kyrkjelydane i aposteltida

Når vi les Paulus brev til korintarane, tyktest dei sjølve å ha god åndeleg forstand, men det stod ikkje så godt til som dei trudde. Vi må vel seia at det var ei kjøtleg forsamling – med grov synd som skulle vore påtala. Det var ymse slag veikskapar og åndeleg uforstand. Men Paulus gav dei ikkje opp, men tok seg av dei i den stillinga dei var – og rettleidde dei. Det gjer Herren med sine også i dag, så sant vi tek imot hans ord.


Noko av det same finn vi meir og mindre også i andre kyrkjelydar. Ikkje minst i breva som kom gjennom apostelen Johannes til dei sju kyrkjelydane i Litleasia (Op 2-3). Av desse var det berre to kor det ikkje var noko å påtala. Til fire vart det sagt: «Vend om!» Til ein vart det sagt: «Eg veit om gjerningane dine at du har namn av å leva, men du er død».


Men heller ikkje desse vart forkasta av Herren. Nei, bodskapen dei fekk, fekk dei for at Herren ville frelsa dei frå fortapinga. Ville dei ta dommen inn over seg og venda om, var det von.


Kyrkjelydane i vår tid

Har vi nokon grunn til å tru at det står betre til hos oss? Treng ikkje vi vekkjing – og omvending frå våre synder på same vis som dei? Kva seier Herren til oss? Til oss som ber om vekkjing, har han dette å seia: «For tida er komen då dommen skal ta til med Guds hus. Men tek han til med oss, korleis skal det då enda med dei som ikkje vil tru Guds evangelium? Og er det med naud og neppe den rettferdige vert frelst, korleis skal det då gå med den ugudelege og syndaren?» (1Pet 4:17-18).


Tida er komen. No vil Herren tala til deg og meg om vår synd! Det er stor nåde at han vil det. Han gjer det for å berga oss, samstundes som han syner oss at vi har med ein heilag Gud å gjera. Men han er også ein miskunnsam Gud, «som tilgjev sytti gonger sju gonger». Og: «Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd» (1Joh 1:9).


I boka «Vekkelsen ble en Åndens aksjon», av Marie Monsen, står det å lesa: «Vi ventet å se Jes 43:19 og 44:3 oppfylt. Og vi visste at vekkelsen måtte begynne med oss, Herrens tjenere, og at det var meget i oss som måtte brytes ned og renses for å gi plass til de strømmer vi ba om».


Får ikkje Herren sin veg og vilje med oss, er eg redd at vi er med og stengjer for vekkjinga. Det står ikkje på Gud, «han som vil at alle skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga» (1Tim 2:4).


Det står i grunnen heller ikkje til verda. Kva kan vi venta av dei som korkje les eller høyrer Guds ord? Rett nok står det skrive: «Den Allmektige, Gud Herren, talar og kallar på jorda frå sola renn til ho glader» (Sal 50:1). Men det står òg skrive at vi som høyrer Herren til, er Kristi brev, kjent og lese av alle menneske (2Kor 3:2-3). Så kan vi spørja oss sjølv: Kva les dei når dei ser mitt liv? Det er ikkje uvesentleg! Skal nokon koma til å gå fortapt på grunn av noko i mitt liv? Det er ein realistisk og grufull tanke.


Når situasjonen er slik, må Herren først få oss i tale, vi som høyrer og les Guds ord. Finst det nokon avgud i våre liv, ei eller anna synd som vi ikkje vil skilja oss med? Slepp vi inn noko gjennom syn, høyrsel eller tanke som er til sorg for Den Heilage Ande?


Nokre formaningar

I Efesarbrevet har Herren gjennom Paulus gjeve oss nokre formaningar: «Når det gjeld dykkar tidlegare ferd, må de no leggja av det gamle mennesket, som er forderva av dei forførande lystene, og verta fornya i dykkar ånd og sinn. Lat ikkje ròte snakk gå ut or munnen dykkar, men god tale som er naudsynleg til oppbygging, og som vert til velsigning for dei som høyrer på. Og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de har fått som segl til utløysingsdagen» (4:22-23+29-30).


Vidare i neste kapittelet held han fram: «Men hor og allslags ureinskap eller vinnesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk – slik som det sømer seg for heilage – og heller ikkje skamløyse og dumt snakk eller lettsindig skjemt, som er usømeleg. Lat det tvert om heller verta bore fram takkebøn» (5:3-4).


Eit heilagt liv

Kor finn vi krafta til eit heilagt liv? Det finn vi i evangeliet. «Guds nåde oppsedar oss til å fornekta gudløyse og verdslege lyster, og til å leva sedeleg og rettferdig og gudfryktig i den verda som no er…» (Tit 2:12). «For gleda i Herren er dykkar styrke» (Neh 8:10b)


Når synda begynnar å vilja ta over kommandoen, eller «når djevelen sier du er ikke så at nåden i Kristus deg tilhøre må», då må vi væpna oss med evangeliet, med den siger Jesus vann for oss. «Grip framfor alt trusskjoldet, som de kan sløkkja alle dei brennande pilene åt den vonde med» (Ef 6:16). Om dette skjoldet står det skrive i Salme 18:36: «Du gjev meg di frelse til skjold». Videre les vi i 2Tim 2:1: «Vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus».


Asschenfeldt-Hansen har i si Bibelforklaring eit fint uttrykk, kalla nådens festning. Han skriv: «Djevelens ønske er at vi skal komme utenfor nådens festning, for da kan våre synder holde oss fast».


I «Lov og Evangelium» nr. 5/2010 skriv Gunnar Nilsson m.a.: «Kommer vi bort fra nåden, får det onde makt over oss igjen. De synder vi trodde at vi var helt ferdige med, de var bare bundet av nåden. (…) Nåden er så levende, den holder det onde i sjakk. Men om nåden kommer på avstand, skyter den gamle roten opp på nytt, sterkere enn før. Nåden kan aldri lagre kraft i en kristen. Det er som med mannaen i ørkenen; gjemte man den til neste dag, gikk det makk i den».


Nytta av formaningane

Sjølv om vi har vårt liv i det fullførde frelseverket, må vi like fullt gi akt på Herrens formaningar og følgja dei. Vi blir ikkje frelste ved dei, men dei er nødvendige for vår kristne vandel, slik trafikkskilta er til hjelp for dei vegfarande.


Foraktar vi formaningane, foraktar i Herren, som har gjeve dei. Og det er etter vårt forhold til Guds ord vi skal dømast. Den som i alt vil leva etter Guds ord, han skal nok få erfara å koma til kort, samstundes som nåden blir kjær og umisteleg. Det kan ikkje vera mange som forkynte evangeliet så klårt som Carl Olof Rosenius, men forkynninga hans inneheldt rikeleg med formaningar. Sidan dette siste avsnittet ber den overskrifta det gjer, tek vi med ei formaning av Rosenius til slutt:

«Ser du at du burde slutte med en synd, så gjør det med en gang. For hvis du bare hører Ordet uten å gjøre etter det, forherder du hjertet ditt. Og når skal du gjøre dette, om ikke nå? (…) For hvem skal gjøre dette, om ikke du, som jo vil til himmelen? Det er jo nettopp fortapelsens veg å la andre ta Ordet til seg, men selv være fornøyd med å ha det som kunnskap».

L&E 46. årgang, nummer 6