Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

- Du kjem ikkje utanom kallet, Lars! Han var 19 år då.

Du kjem ikkje utanom kallet

Intervju ved Dag Rune Lid


Det er Lars Fossdal som fekk høyre dette i unge år. Han er fødd og oppvaksen i Stokke ved Tønsberg, men bur i dag på Fossdal i Gyland ved Flekkefjord. Kallet til teneste i Guds rike har han alltid kjempa med, og i dag er han forkynnar, bibelskulelærar og sauebonde. Det vesle småbruket driv han saman med kone og seks born.


Lars Fossdal (56) vaks opp i ein kristen heim, og faren, Olav Fossdal, reiste som forkynnar i Misjonssambandet. Det førte til at han tidleg fekk vere med på møte og vere med å vitne, men likevel skulle det verte mykje kamp med kallet.


Heilt frå barneåra hadde han tenkt på forkynnarkallet. Då han var rundt åtte år blei han spurt av ein granne om kva han skulle bli når han blei stor. Han svara då: Eg skal bli ein slik som fortel om Jesus.


Då han i 13 års alderen vart spurd av mor si om han hadde tenkt å verte predikant, svara han: – Ja, men eg ynskjer det ikkje. Når han var på ungdomsleirar, tenkte han at her er det sikkert fleire som skal bli predikantar. Dei hadde større gåver enn han, og med sorg slo han fast at han ikkje kunne verta det. Men opp gjennom åra var det fleire bibelvers som fylgde han, som til dømes frå Jeremias: «Sommaren er forbi, hausten er til ende, men me er ikkje frelste» (8:20).


Du kjem ikkje utanom kallet

Som fadrar hadde han eit barnlaust ektepar, og dei hadde byrja å be om at Herren måtte bruke han til noko i sitt rike. Ein dag, like før den eine av fadrane døydde, seier han til Lars: – Du kjem ikkje utanom kallet, Lars! Han var 19 år då.


Han sende søknad både til militæret og til bibelskule samstundes, og bad om at Gud fekk bestemme. Han ville ta det han fekk først. Men ein laurdag i mai fekk han to svarbrev same dag, der det stod at han kom inn begge stader. Han hadde vona han kunne fått visse om kallet her, men nei. Det førte til at han først vart befal i hæren, og deretter tok han bibelskulen på Fjellhaug vinteren 1973–74.


Under tida på Fjellhaug strei han veldig med kallet til å forkynne Guds ord. Frå ei sida ville han, men på den andre sida kjende han seg ubrukeleg til å reise med Ordet. Når han var på møte og vart velsigna av Ordet, var han villig. I andre periodar kjende han på uvilje mot kallet.


På Fjellhaug fekk eg høyre om ei jente som hadde gått på haustkurset. Ho var usikker på kva ho skulle byrje med då ho var ferdig med skulen, så ho hadde bøygd kne og bedt om at Herren måtte sørgje for henne og gje henne arbeid. Like etterpå hadde telefonen ringt med spørsmål om ho kunne ta ein aktuell stilling.


Då tenkte eg at kanskje eg også kunne få oppleve noko liknande. Eg bad difor til Herren og sa at dersom ein av lærarane ved bibelskulen spurde meg om å bli forkynnar, skulle eg ta det som ei leiing frå Gud, seier Fossdal.


Ein dag noko seinare var han litt sein med å gå ut i friminuttet. Då dukka læraren, Dag Risdal, opp ved pulten hans og spurte om han ikkje hadde tenkt å byrje som predikant.


Eg vart forskrekka og sa: – Nei, det har eg ikkje! Etterpå vart dette alvorlig for meg og eg vart både audmjuk og takksam. Fleire år seinare minna eg Risdal om dette, og bad om tilgjeving for at eg laug for han, seier han.


Lapp i postkassa

No gjekk det mot påske på Fjellhaug, og ein dag låg det ein lapp i postkassa. Den var frå heimesekretæren i Misjonssambandet. På lappen var det skrive eit spørsmål om han kunne kome ned på kontoret til Steinar Hunnestad i Grensen 19.


På kontoret fekk han førespurnad om å byrje å reise i misjonen. Han kunne ikkje svare verken ja eller nei på spørsmålet, men lova å tenkje over saka. Denne sommaren søkte han på lensmannslinja på Politiskulen – men kom ikkje inn. I slutten av august tok han kontakt med Hunnestad, og sa at han fekk prøve å reise ein vinter med Guds ord.


Det førte til at han begynte å reise for hovudstyret i Misjonssambandet om vintrane, og om somrane arbeidde han på ei bygdemølle. Han reiste også noko i dåverande Drammen krets (Buskerud fylke). Slik heldt han på til 1984, bortsett frå eit permisjonsår.


Då begynte eg å køyre buss, men eg hadde mykje møter på fritida. Då eg byrja på det fjerde året undra eg meg på om det var denne plassen eg skulle ha resten av livet. Då fekk eg førespurnad frå Lekmannsmisjonen om eg kunne tenkje meg å byrje å reise for dei, men heller ikkje då kunne eg svara verken ja eller nei, seier Fossdal.


Ein levande frelsar

I påskehelga 1988 var eg på tur i Israel. Då var gruppa eg var saman med i Getsemane og feira nattverden der. Påskebodskapen om Jesu død og oppstode vart igjen stor for meg – og eg fekk på ny sjå inn i dette at eg hadde ein levande frelsar. Dette førde då til at eg byrja som forkynnar i Lekmannsmisjonen hausten 1988.


Sjølv om eg har opplevd at det har vore mørkt, har eg igjen og igjen opplevd at Ordet har vorte til velsigning. Eg har fått erfare at Ordet er levande og mektig i seg sjølv, og heilt uavhengig av meg. Det store er at Gud har forlikt heile verda med seg sjølv i Kristus – at det som er dårleg i verda, det som ingen ting er, har Gud utvalt seg.


I 1992 vart Bibelskulen på Fossnes grunnlagt, og eg fekk førespurnad om eg kunne tenkje meg å vere lærar. Eg skulle vere der inntil dei fekk nokre andre, men eg har vore der i ulike stillingsprosentar sidan, med unntak av nokre år eg har hatt redusert stilling og køyrt lastebil. No har eg ei delt stilling mellom bibelskulen og det å reise med Guds ord. For mitt eige gudsliv har det vore godt å få arbeide så mykje med Ordet, seier han.


Herren talar på ulikt vis til ulik tid

Ut igjennom Det gamle testamente ser me forkynninga varierte innhaldsmessig. Gjennom domar- og kongetida forkynte og påpeikte profetane folket sine synder, og kalla dei til omvending og samfunn med Herren og til å vandre for hans åsyn.


Etter som fråfallet utvikla seg, vart domsforkynninga klarare og klarare. Profetbøkene fortel oss det, og Jeremias er eit døme på dette. Han konfronterte folket med synda og med Den Heilage Gud som ikkje toler synd. Omvende dei seg ikkje, ville dommen kome.


Etter dommen, då folket vart førde til Babel i 70 år, får me høyre trøystebodskapen frå Jesaja om at synda er sona, at gjelda er betalt og at dei av Herren har fått dobbelt for sine synder.


Etter fangeskapet i Babel og etter at Israels folk er komne attende, arbeidde dei med oppattbygginga av tempelet, og då hadde profetane ei oppmuntrande oppgåve for å få fortgang i arbeidet.


Men grunntonen i heile Skrifta er synd og nåde, omvending og frelse, heilt frå fallet sin dag og til Openberringsboka. Synda ligg på lur og vil innta hjarto igjen, og difor lyder kallet til omvending og tru, seier bibellæraren.


Mange parallellar til vår tid

I den gamle pakta si tid var det mange profetar som verka. Men alle var ikkje sende av Herren. Dei forkynte fred, sjølv om det ikkje var nokon fred. Dei forkynte ein bodskap om Guds kjærleik og hans fred utan at folket måtte venda om frå synda. I staden for å føra folket til eit møte med Den Heilage Gud til omvending og frelse, førde dei folket bort frå Gud.


Skrifta seier at kjenneteikna på dei falske profetane si forkynning var at dei ikkje tala om Den Heilage Gud. Dei refsa ikkje synda, tala ikkje om Guds dom og kalla ikkje til omvending. Synda blei tolerert. Folket vart ikkje frelst. Heller ikkje i dag går det an å leva i synda og samstundes tru på Herren og ha fred med han.


Det kosta dei sanne profetane mykje å forkynna Ordet. Både folket og dei falske profetane blei svært arge over ei slik forkynning. Guds profetar fekk lide, blei motarbeidde, forakta, og fleire vart martyrar. Jesus opplevde det same, apostlane like så, og ein kvar sann kristen som står på Ordets grunn, vil oppleve noko av det same.


Også i dag krev det uomvende mennesket rett til å leva slik det vil og samstundes vera ein kristen. Difor er det ein stor freistnad for ein forkynnar til ikkje å tala om synd og dom, slik Skrifta gjer det. I staden talar vi om Guds lov, for raskt å avslutte med at ikkje nokon kan oppfylle den likevel.


Like eins med Guds dom. Guds vreide over synda og syndaren vert borte ved ein einsidig tale om Guds kjærleik. Herrens dag blir ikkje det som Bibelen seier; ein forferdelig dag for dei uomvendte. Slik vert alvoret borte frå Ordet. Menneska ser ikkje si synd, og vert ikkje skuldige for Gud. Dei treng ikkje frelse, seier Fossdal.


Profeten Jesaia seier: «Fer den ugudelege nåde, så lærer han ikkje rettferd; då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje» (26:10). – Dette er ein stor fare på kristenfronten også i dag. Synda vert ikkje synd, menneska kan leve etter kjøtet med godt samvit. Dette er forføring. Den som i dag vil vere tru mot Herren, kan ikkje unnlate å forkynne om synd, om lova og fortapinga.


Ein tilstoppa munn

Å verta ramma av lova er å verta gjort ansvarleg for sitt liv ovafor ein heilag Gud. Det vonde hjarta får sin dom av Herren. Mennesket vert ein fortapt syndar. Men når Guds Ånd i ein slik situasjon forkynner Kristus, og dette Ordet får rom i hjarta, vert det fødd ein takkesong for den fullførte frelsa ved Jesus. Då får mennesket eit nytt sinn som seier ja til alt Guds ord.


Lova har ei dømande gjerning, mens evangeliet frelser og frigjer. Utan at lova får døde eit menneske, det vil seie at mennesket misser trua på all si betring og vert ståande fortapt for Gud, kan heller ikkje evangeliet få skape eit nytt liv. Mennesket vert veranda i sin ugjenfødde stilling, sjølv om det tek ved trua og vedkjenner seg Jesus som sin frelsar. Skrifta seier at slike vil verta møtte av ei stengd himmeldør.


I dag høyrer me om at så mange menneske ber på stor skuldkjensle. Difor vert det sagt at vi ikkje må forsterka denne skuldkjensla ved å forkynna lova og Guds dom. Men det stemmer ikkje med Skrifta. Det ugjenfødde mennesket si skuldkjensle er ikkje ei sann skuldkjensle for Gud. Kain og Judas står som døme på dette. Dei hadde ei syndserkjenning som ikkje verka omvending. Difor må lova og Guds dom forkynnast for å gje menneska ei sann syndserkjenning.


For menneske med ei sann skuldkjensle blir evangeliet ei Guds kraft til frelse. Den som trur på Jesus får nåde, eit reint samvit og ny kraft til å vandre på Herrens veg. Evangeliet både frelser, omvender og gjenføder den fortapte syndaren. Det viser seg i livet hans. No talar han om Jesus blod og sår. Han får ein sterk trong til å leva eit heilagt liv. Skrifta kallar det for dei første gjerningar som visar at trua er sann. Men han blir ikkje frelst ved desse gjerningane (han blei frelst av nåde ved trua på Jesus), men dei visar at han lever i den fyrste kjærleiken. Trua er levande.


Er ikkje ein kristen lydig mot dette nye livet, gjer han Den Heilage Ande sorg. Då lever den truande etter kjøtet, og før eller seinare vil han falle frå den levande Gud.


Åndskampen

I dag nyttar djevelen travelheita meir enn nokon gong, med det mål å fylle livet hjå den truande med den plassen Kristus skulle ha. Det kan vere fritidsaktivitetar, underhaldning, TV, blad, video, internett og musikk. Det kan i seg sjølv vere gode ting, men djevelen brukar travelheita til å fylle Guds folk med det verda kan by slik at det hindrar samfunnet med Herren.


Lever ein kristen utan Ordet eller forsømer Ordet, vil djevelen, verda og kjøtet sigre. Difor er det ein stor kamp i dag å verta bevart i Ordet, slik at både lova og evangeliet får gjera si gjerning. Berre då får han leva i den ufortente nåde. Berre då blir det sann helging.


Me går mot ei vond og vanskelig tid, for folket vil ikkje bøye seg for ein heilag Gud. Ein kvar gjer som han sjølv synest er best.


Ein politisk flyktning eg møtte, fortalde at det hadde vore eit kraftig jordskjelv i hennar heimland. Folket gjekk ut på opne områder, og den gjengse tonen var at no var det Herren som talte, og at dei måtte omvende seg til han.


I eldre tider var det slik at når Herren tukta land og folk og det kom nødstider, forstod folket at det var Herren som talte gjennom dette, og at dei måtte vende om til han. Skrifta seier at det ikkje skal vere slik i denne siste tida, seier Fossdal.


Vår tid viser derimot at vi er på veg inn i ei forherdingstid. Me opplever at Gud reiser naturen mot oss menneske. Det er krig, katastrofar, hunger, tørke, flaum, men det verkar ikkje omvending i folket. I staden foraktar dei Gud i sitt hjarta. Ein slik Gud vil dei ikkje ha med å gjera. Dei let seg ikkje drive til omvending.


Lyft dykkar hovud

Klarare enn nokon gong ser me i dag at profetiane og Jesu tale om dei siste ting går i oppfylling. Dette skal gje Guds folk trøyst og visse om at Ordet er sant og at Gud står ved sitt ord og sine lovnader.


Det skulle oppmuntra oss som Guds folk til å søkje Guds rike fyrst, pleie samfunnet med Herren og dei andre truande. Det gjeld å arbeide mens det er dag, og til å vake og vere edrue så me kan vere reie når Herren kjem.


Jesus seier sjølv i Lukas 21:28: «Når alt dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar», avsluttar Lars Fossdal.


L&E 46. årgang, nummer 7