Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vekkjing

Vekkjing
Av Ivar Sollesnes


Takk for brev! Du får orsaka meg, men eg er ikkje klår over fullt og heilt kva det gjeld. Her er så mange ting i livet som kan gjeva rom for mange meiningar og synsmåtar, uten at det har noko å seia for vårt gudsforhold eller vårt åndelege brorskap.

Guds ord lærer oss tvert om at det er naudsynleg med strid – for at det sanne kan koma fram og at dei åndeleg fråfalne kan koma for ein dag. Legg berre merke til, i ei sann åndeleg vekkjing, kor alvorleg ho grip om seg i dei gamle truande sitt liv og riv sundt eit sant liv med Gud, så den ærlege sjel får sjå hjarta sine løynde synder i Guds ljos – og då ropar me som Guds folk har ropa før oss: Eg er fortapt! Eg er ein mann med ureine lepper og bur midt imellom ureine folk. Eg hadde aldri opplevd ei sann og sunn vekkjing i livet mitt, utan at Guds Ande først fekk føra meg fram i Guds ljos.

Då sat me ikkje att med læra om Gud, men: Ve meg! slik Bibelens menn seier; Eg har møtt Gud, og hans rettferdsdom er ein levande dom frå Guds ord, like inn i hjarta sitt løynd-rom.

Slik lærer Guds ord, som skal døma levande og døde.

I dag vil dei ikkje inn i sanningsljoset frå Gud så synda vert levande og reiser med heile vårt liv. (…)

No går eg ut frå at du kjenner meg såpass at du veit at eg ikkje er bunden av religiøse former, men eg er bunden frå heile mitt indre liv til ein personleg Frelsar – som lever i og gjennom meg i alt det eg er og gjer. Veit du kva Guds ord seier om dette livet? På same måten som de tok imot Kristus Jesus som Herre, så ferdast i lag med han. Har me noko å rosa oss av då?

Då hadde me ikkje sanning i hjarta eingong, for me ville overgje oss til han, men når me leita etter sanninga i hjarta, fann me berre lygn og vondskap. Kva hende då? Me var fortapte, så fortapte, at me ikkje kunne gripa Frelsaren, som me ut frå Guds ord, og i vår naud ville og måtte ha fatt på. «Frels meg!», sa Peter. Då rekte frelsararmen til å nå Peter, og berre då.

Nå er her omvending utan eit knust hjarta, eit kjensleliv i naud og «rørelse», men det er få, ytterst få, som Jesus får vera åleine om å frelsa.

Er det så nokre ærlege sjeler som gjev sanninga rett i sitt hjarta, og vert heilt fortapte, også i sin kristendom, vert mange av dei frie «ovanpåkristne» forferda, og dei ser noko som dei er heilt framande for. Dei er reddare for å missa sin kristendom enn dei er for å missa ein levande Frelsar. (…)

Mange truande gløymer at syndforlatinga er ei nådegåve, som ingen av oss skal taka, men nåden vert alltid i tid og æva – uforskyldt. Heile himmelen skal gjennomljoma av dei frelste sin song, for det er heilt av nåde.

Når me så får nåde frå Guds Ande til å vera fattige i ånda og sanne i vårt daglege samliv med vår Frelsar, vert Jesus stor. Alt gjev me vår Frelsar og alt får me frå han. Då vert me i sanning små og vesale i eigne augo, men rike i tillit til Jesus.

No veit eg ikkje om du er hjelpen med dette svaret? Eg veit for visst at deira tal som lever på sin kristendom utan Kristus i dag, er stort. Eg kan ikkje svara annleis no. Dei klåre linjer som Vincent Færevåg har i si forkynning, er dei same som har bore meg gjennom alle stormar i alle åra. Det kan eg vitna som har vore i arbeid like frå 1905 og er det endå. (…)

Eg veit at den måten eg har bore Guds ord fram på, har forarga mange, også hjå dykk. Gamle Lars Kaldestad i Øystese og eg hadde det framifrå gildt i lag, og han la Ordet fram etter same linjer, men det var ikkje etter alles smak, det fekk me merka.

Den einsarta forkynning der dei seier at dei berre forkynner evangeliet, har ført til stor åndeleg død og ført mange inn i mørke og tvil, eller i åndeleg ro – i ei død tru med store talemåtar.

Ein kristen utan kamp mot synda og satan, kan det gå an? Kan me leva med Gud utan å anfektast? Har me fått noko frå Kristus, vil nok satan prøva å rana det frå oss, men då må me koma i hug at det står skrive: «På same måten som de mottok Kristus Jesus som Herre, så vandra med han». Då får me verkeleg nåde, heilt uforskyldt ved forløysinga i Kristus Jesus. Då må me takka.

Om det eg har skrive kan vera til noko hjelp og rettleiing, veit eg ikkje, men eg veit at min gjenløysar lever. Det er nok.

Eg har ikkje greia på dette du kallar «noko nytt» i di bygd. Eitt og anna har eg høyrt, men det du nemner, kan eg ikkje svara på annleis enn eg har gjort ved å framføra dei gamle leiarane og det gamle folks liv, tale og framferd.

Mange gonger har eg fått høyrt den kalde kritikken: «Du er under lova du», eller: «Du er den heimeverande sonen». No løyser dei sjeler som ikkje er bundne fast i Guds heilage krav!

Det kjem ein dag etter denne òg, og då er det godt om me kunne vera sanne mot oss sjølve og imot Guds Ande og ord, så me kan halda fram alt Guds ord til ros på dommens dag.

Lat oss ikkje riva med av tidsstraumen, kva kant den kjem frå; men halda fast på ein dagleg ny nåde i ei åndeleg fattig sjel. Då er me rike i Gud.



L&E 46. årgang, nummer 9