Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Kan eg bli frelst når eg vil?

Vårt val? I forklaringa til «Den tredje trosartikkel» kan vi lesa desse orda: «Jeg tror at jeg ikke av egen fornuft eller kraft kan tro på Jesus Kristus, min Herre, eller komme til ham…»


Ingen blir frelst som ikkje vil bli frelst, men ein blir heller ikkje frelst på grunn av sin vilje.
«Det er ikke ditt valg som omvender deg, like lite som det på sykehuset er ditt valg som opererer deg. Det er legen som opererer, men han må ha ditt ‘ja’. Det er Frelseren som frelser deg» (Ole Hallesby).


I min ungdom las eg ei bok som m.a. omtala emnet «Den selvtagne tro». Eg hugsar ikkje stort anna enn akkurat dette uttrykket, og at denne trua ikkje var frelsande. Det forstår den som har fått trua som ei gåve gjennom forkynninga av evangeliet.


Kunnskap eller personleg erfaring

Det som vel dei fleste bekjennande kristne veit, men som truleg dei færraste har gjort personlege erfaringar om, er vår fortapte stilling. Ikkje berre at eg er ein syndar, men ein fortapt syndar, som ikkje kan forbetrast. Utan denne erfaringa vil ein aldri kunna ta imot eit fullført frelseverk. Er dette eit krav til oss? Nei, det er det ikkje, men det er like fullt ein realitet! Utan denne erfaringa får ein berre eit teoretisk forhold både til lova og evangeliet – og dermed til heile frelseverket.


Min kristendom og trøyst blir då alt det Gud har verka i livet mitt: Omvendinga, trua, mitt kristenliv, bøn og bibellesing. Så kan vi stilla oss saman med farisearen i templet og takka og gi Gud æra for alt!


Etter syndefallet er vi slik laga at vi vil frelsast som verdige syndarar – som om det skulle vera mogleg! Men for farisearen hadde det lukkast!


Dette hadde ikkje lukkast for tollmannen. Han «stod langt borte. Han ville ikkje eingong lyfte augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: Gud ver meg syndar nådig!» (Luk 18:13).


Farisearane visste godt at dei var syndarar, men ikkje at dei var fortapte syndarar! Det er berre fortapte syndarar som har bruk for ein mellommann («stedfortreder»).


«Hvis ikke hans gjerninger er dine gjerninger, hans anger din anger, hans bønner dine bønner, hans lidelse din lidelse og hans død din død, er du evig fortapt» (Carl Olof Rosenius).


Når Herren frelser

«For han seier: I den tid som meg tektest, bønhøyrde eg deg, og på frelsedagen hjelpte eg deg. Sjå no er det tid som tekkjest vel, sjå no er det frelsedagen!» (2Kor 6:2).


Om vi ikkje kan bli frelste når vi vil, kan Herren frelsa når han vil. Og han gjer det på sin måte: Ved sitt Ord, som er gjeve oss som lov og evangelium, blir vi avkledde vår eiga rettferd, slik at alt vårt blir teke frå oss, og vi står tilbake ribba for alt.


Kvifor gjer Herren det slik? Fordi han har frelst oss som fortapte syndarar. Då må vi ta imot frelsa så fortapte som Skrifta og erfaringa lærer oss.


I grunnen kan vi ikkje sjå oss fortapte vi er, men vi lyt få sjå så mykje at vi trur Guds ord om det, slik at vi gjev opp oss sjølve og vår eiga rettferd og tek vår tilflukt til Jesus.


Farisearane på Jesu tid gjekk ikkje med på dette. Jesus fekk aldri – med nokre få unntak – ta frå dei det  dei sette si lit til, deira eigen «kristendom».


Har han fått gjera denne gjerning i ditt liv? Og får han framleis gjera den? Skulle dette vera uklart for deg, så tal ut med Herren om korleis du har det. Han viser deg ikkje bort når du kjem som du er og fortel han det. Det er vegen for oss alle. Vi må alltid stå for Herren som vi er.


Som Jesus tok seg av Nikodemus og alle andre – etter kva som var deira behov – slik vil han ta seg av kvar og ein som går til han med si naud. Men vi ser også at det var mange som ikkje tok imot hjelpa, for det kosta for mykje. Kva trur du ikkje det kosta for Nikodemus å måtta erkjenna å ha levd i sjølvbedrag?


Vår sak med Gud er gjort opp!


Lov og Evangelium, nr. 7/2009, var det eit stykke av Ole Rolfsnes. Han skriv m.a.: «Etter mitt skjønn tenker de fleste bare på det Jesus har gjort. (Og det er ikke lite!) (…) Men det er noe annet som er like nødvendig. Det er synet på hvem Jesus er. (…) Jesus er vår stedfortreder, vår yppersteprest eller vår mellommann, som ordnet vår sak med Gud. Å oppleve at Jesus er vår stedfortreder for Gud, og tro det, nettopp slik jeg er, er av aller største betydning i en kristens liv».

 

Tenk at Jesus har ordna mi sak med Gud – og at eg skal få tru det nettopp slik eg er.

I meg er jeg fattig,
i ham er jeg rik.
Ja, tenk at min Frelser
har ordnet det slik,
at allting er fullbrakt
for deg og for meg.
Det lød ifra korset.
Han åpnet oss vei.
 

Han sonet min synd
og betalte for den.
Han livet sitt gav,
og hva fikk han igjen?
Han fikk kun en synder,
han ønsket ei mer.
I ham jeg min frelse
og redning nå ser.

 Ragna Brentøy

Lov og Evangelium 2011 - Nr 02