Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

«…til Herren rett omvendt»

«Å, hvilken ære, For tanken alt for stor, Hans barn å være Som i det høye bor! Når jeg er blevet Til Herren rett omvendt, Fra verden revet, Med Jesus rett bekjent, I himlen skrevet Med Lammets røde prent!» (Hans Adolph Brorson, 1739. Sb 134:1)

 

Erfaring om vår fortapte tilstand
Vi kan ikkje bli frelste utan ved ein ny fødsel, ein åndeleg fødsel. Og dette igjen kan ikkje skje utan at vi får gjera erfaringar om vår eigen fortapte tilstand.

 

«Da en ugudelig jeg blevet var, Utfattig sjel som intet i seg har, Da fikk jeg se det blod på korset rant Og lækedom for sjelesmerten fant» (Marius Giverholt, 1874. Gml. sb 218:2).

 

Dersom dette ikkje blir ei personleg erfaring, kjem vi aldri lenger enn til å stasa opp og kristna den gamle Adam, dvs. vår eigen fortapte natur. Det var ikkje berre farisearane på Jesu tid som gjorde det. Det skjer sikkert like mykje i dag når omvendinga berre blir gjort til ein viljesak, og «kristenlivet» til ei arbeidsteneste for «Herren». Men
Herren må først og fremst få tena oss!

 

Lovens gjerning i omvendinga
Vi høyrer til ei fortapt slekt – utan at vi verkeleg forstår kva det betyr! Difor må Herren lata oss erfara og bli det vi i teorien veit at vi er! Til det brukar han loven. Loven stiller nærgåande spørsmål om vi er «blevet til Herren rett omvendt». Han vil vita om du angrar rett og nok, om trua er som ho skal. Dersom ikkje alt er som loven vil ha det, seier han at du er ingen rett kristen; medan du trur at det du manglar, dekkjer Guds nåde over. Slik er det ikkje. Anten må du gi loven det han krev – eller så må det bli alt av nåde.

 

Loven er gitt oss for at «kvar munn skal verta attlaten og heile verda verta skuldig for Gud» (Rom 3:19).

 

Loven er gitt for å ta vårt liv! «Eg døydde», seier Paulus i Rom 7:10.

 

Då fór heile «kristendomen» hans! Slik hadde det gått også med tollaren i templet, i motsetning til farisearen, som med «Guds hjelp» hadde fått orden på sitt «kristenliv».

 

Under loven
Korleis har den det som ikkje har gått fallitt på sin eigen kristendom? Jau, det er om å gjera å ha det rett med Gud! Når det kjem ransakande forkynning, gjeld det å få det som blir forkynt til å stemma overeins med sin eigen tilstand. For gjer det ikkje det, blir det så vanskeleg, og tvilen kjem og gjer ein uroleg. Difor er det tryggast å styra unna slik forkynning.

 

Den som har det slik, vil verja sin kristendom og kristenliv mest som sitt eige liv. Han vil verja si omvending, si tru og alt det han meiner Herren har gjort i livet hans. For blir dette teke frå han, ja, så er han jo ingen kristen
lenger! Saka er berre at han truleg aldri har vore nokon kristen!

 

«For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal finna det!» (Mat 16:25).

 

Lovens gjerning i kristenlivet
Korleis kan eg tru det føreheld seg slik som skildra ovanfor? Fordi eg har nokre erfaringar frå mitt eige liv! Dessutan bur det framleis ein farisear i mitt eige bryst, som igjen og igjen prøver å setja meg i stand til å bli nåden verdig! Så må loven på nytt riva ned det kristenlivet eg prøver å få til. Så står eg ribba tilbake og undrast: Er det nåde å få for ein som manglar alt?

 

All ære til Jesus
På nytt og på nytt må vi erfara dette, for vi vil så gjerne vera gode kristne. Så langt er det rett nok. Men Jesus har frelst oss som dei fortapte syndarane vi er, og som slike skal vi få ta imot hans frelse. Då ærar vi Jesus, for då får han heile æra for frelseverket.

 

«For medan vi endå var vanmektige, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege» (Rom 5:6).

 

«For vart vi forlikte med Gud ved at Son hans døydde, då vi var fiendar, skal vi så mykje meir verta frelste ved hans liv, etter at vi vart forlikte» (Rom 5:10).

 

Følgjande Luther-sitat er henta frå «Samlede Skrifter» på dansk av Carl Olof Rosenius:
«Jeg kan aldri få troen ren og saken klar, med mindre jeg forestiller meg at jeg er uten alt nådens verk i sjelen – uten omvendelse, anger og tro – og forlater meg kun på Kristus, at han har gjort og gjør allting for meg».

 

«Nå er det vel der oven, Jeg intet enser her. Se oppfylt er nå loven, og gaven given er! Den tid vi var uvenner, Vår Gud forsonet blev, Om enn jeg intet kjenner, Jeg tror Guds gavebrev» (Carl Olof Rosenius, 1844. Sb 283:7).

 

Er det i denne bodskapen du har – eller finn – di trøyst, er du «til Herren rett omvendt».

Lov og Evangelium 2011 - Nr 05